Julekampanje 2023:

Livshistorier er kulturarv:  Memoar bygger opp ei stor samling av livsløpsintervju og eit lag av profesjonelle minnesamlarar. Private minneintervju er ein ny aktivitet frå hausten 2023.

Gi eit memoar til jul!

Vakre og verdfulle stunder der den  som har levd lenge får fortelje om erfaring og visdom,  må ofte vente for kvardagsting som hastar. Heilt til det er for seint.

Nå kan du fortelje til ein erfaren intervjuar, og gi opptaket som gåve . 

Eller: Dei som gjerne vil at dine forteljingar skal sikrast for framtida, kan  gi deg ein intervjuavtale i gåve, og så kan dei (med ditt samtykke) gi det vidare.   Då blir ikkje forteljingane borte.

Eit intervju kostar. 2.000 kroner. Det inkluderar: 

i tillegg kan du få: 

Dette er intervjuarane:

Mariela Drejer Norheim

Kuturvitar MA,brei erfaring frå kulturbaserte næringar, undervisning og musé. To årsom prorsjekleiar i Memoar.  Særleg interesse for mangfalds- og migrasjonshistorie og intervju av born og unge. 

Sebastian K.  Kaasa

Historikar MA, arbeidserfaring frå musé og ulike kulturbaserte næringar. Erfaring som kfrivillig intervjuar i Memoar. Særleg interesse for lokal historie, politisk historie  og næringslivshistorie. 

Barbro Matre 

Pedagog, med brei erfaring frå kulturbasert næring - ikkje minst to år som prosjektleiar i Memoar. Sørlegge interesser er lokal historie og livslpsintervju.

Ada Freng 

Pedagog, Veteran frå tidlegaste fase i utviklinga av Memoar. Brei intervjuerfaring. Særleg interesse lokal historie og bydelskultur. 

Inger Christine Årstad


Journalist og museumsformidlar. Erfaring som prosjektleiar og dagleg leiar i Memoar. 

Særleg interesse for museumsutvikling og kvinnehistorie

Bjørn Enes, 

industriarbeidar og journalist. Erfaring som intervjuar og prosjektleiar i Memoar. Særleg interesse for industri- og sjøfartshistorie, lokalhistorie og livsløpsintervju, og forteljekunst som formidling av munnleg historie.  

Slik foregår det: 


Les meir og bestill

Memoar bygger eit korps av profesjonelle minnesamlarar. Du kan velge mellom dei som er presentert nedanfor, fleire vil kome til etter kvart som profesjonaliseringsarbeidet går framover. Alle dei presenterte kan hjelpe med førebuing og gjennomføring av intervju, dokumentasjon/etterarbeid og formidling. Dei fleste kan også gjennomføre grunnkurs og hjelpe til med eller ta leiaransvar for eit større minnesamlingsprosjekt. Dei kan kontaktast direkte eller gjennom Memoar. I introduksjonsfasen vil prisane vere like for alle - men ventetida kan vere ulik. Etter kvart kan etterspurnaden kome til å tvinge fram ulike prisar. 

Prisar:

Hausten 2023 tilbyr vi profesjonelt intervju for kr.  2.000,-  (normalt gjeld denne prisen berre for medlemmer av Memoar). Det inkluderar førehandssamtale, intervju i vårt studio i Bergen, “trimming” (enkel redigering) og leveranse av intervju på eit spesialprodusert Memoarkort (minnepinne i visittkortformat)