Ali Djabbary

Publiseringsdato: 13.okt.2019 08:24:45

Ali Djabbary vaks opp i Iran, i ein familie med mykje kjærleik, men med ei omskifteleg liv. Dei 15 fyrste åra budde han på fem ulike stader i Iran. Teater begynte han med som 11-åring, i det han kallar «ein stygg liten grenseby» høgt oppe i nord, på grensa til Turkmenistan. Han skreiv manus til eit stykke som han framførte saman med to kameratar. Det vant ein pris, og han vart vald ut til å reisa til ein konkurranse i Teheran. Men revolusjonen i 1979 stoppa den utviklinga. I staden for kunsten, vart han aktiv i politikken, i organisasjonar som motarbeidde både shahen og Khomeiny. Dei vart slått ned – han havna i fengsel og seinare som soldat i krigen mot Irak. Til sist flykta han. Frå mai 1986 til oktober 1988 levde han i Tyskland. Seinhaustes i -88 kom han til Noreg. I Kragerø i -89 tok han opp att tråden frå teateret, i ei amatørgruppe der han hjelpte til med sjauing og bering for det meste.

Mest kjend er han nok framleis frå tida i redaksjonen på det populære «Radio Jalla» (1999 til 2003). Vegen dit hadde gått via Statens Lærerskole i forming, Vincent Lunges institutt, Nordic Black Theatre og Verdensteateret.

«Det er livet sjølv som har vist meg vegen. Eg planla aldri å bli kunstnar – før eg rakk det, oppdaga eg at det var det eg dreiv med...»

Då intervjuet vart gjort, var han i fullt arbeid med det som til då var hovudverket hans, monologen «Ferdaminne» som har tematikk nettopp frå hans eige liv. Når det ein gong vert ferdig, skal det ha tre delar. Del 1 om Iran, del 2 om Tyskland og del 3 om Noreg.

Fyrst tenkte han å laga ein moderne versjon av Gilgamesj. Så tenkte han å bruka si eiga historie til å laga eit stykke om å vera flyktning. Men fyrst då han fekk høyra om Åsmund Olavsson Vinje og hans essayistiske reiseskildring «Ferdaminne» frå 1860, losna prosessen.

Då intervjuet vart gjort, var han i arbeid med del 3. Han planla då å gjera intervjuopptak av nordmenn som han har blitt kjent med etter 1989, projisera delar av desse intervjua på riskorn på golvet i eit blackbox-teater – og så laga stykket som ein dialog mellom forteljingar på opptaka og den han er i dag.

«Identitet er noko som blir til i dialog med andre.» seier han – mellom mange andre refleksjonar i intervjuet.

Stikkord om innhaldet i intervjuet:

(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare.

Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar(h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/227606253#t=132m29s )