Barn og historia - kurs for kurshaldarar

Memoar har den store glede å invitere alle som er interessert i, eller arbeider med, formidling av lokalhistorie til barn, til kurs med innlegg og erfaringsutveksling! Eldsjeler, kursarrangarørar og kurslærarar frå museum, arkiv, historielag og andre frivillige organisasjonar er hjarteleg velkomne til ein dag med spennande innlegg og gode samtalar.

Kurset skjer torsdag 3. februar 2022 i Bergen kl 11-18. Det kostar 300 kr å vere med, og det dekker mat og drikke.
Dette er dagen før den fjerde
Memoarkonferansen, 4-5 februar. Bli gjerne med på både kurs og konferanse!

Memoar er ein organisasjon som arbeider med munnleg historie gjennom videointervju. Dei siste åra har vi gjort interessante erfaringar med å involvere born og ungdom både som kjelder til samtidshistorie og som innsamlarar av munnleg kjeldemateriale. Vi har gjennomført ei rekke prosjekt saman med barne- og ungdomsskular i Bergen og omegn i tillegg til Oslo, mellom anna gjennom Lokalhistorie i skulesekken. I 2021 hadde vi sommarskule for barn og unge med mangfaldsbakgrunn frå Bergensområdet. Erfaringane stadfestar at munnleg historie er eit lett tilgjengeleg arbeidsfelt for born og unge.

Me har svært gode erfaringar med born og unge som intervjuarar. Mange eldre primærkjelder blir inspirerte og fortel meir innhaldsrikt og levande til unge enn til jamnaldringar. Me har også svært gode erfaringar med born og unge som munnlege primærkjelder til samtids- og kulturhistorie. Som kjent endrar historia seg medan vi lever henne - fenomen som er “usynlege” i dag kan tre fram som hovudtrekk ved vår tid når vi skal sjå tilbake på henne om ein generasjon eller to. Born og unge ser ofte andre trekk ved samtida enn vaksne - og dette kan vise seg å vere verdfullt kjeldemateriale.

Og med erfaringa, forstår vi at det er mykje meir å lære og bli inspirert av rundt omkring i landet! Vi inviterer difor ope til eit seminar der formidlarar av lokalhistorie i brei forstand, kan lære av fine innleiarar - og av kvarandre.

Program

11.00-11.30 Introduksjon til dagen og presentasjonsrunde

11.30-12.00 Gisle Halvorsen: NRK Super og arbeid med medverknad i produksjonar

12.00-13.00 Felles: Korleis inkluderer vi barn før, under og etter?

13.00-14.00 Lunsj

14.00-14.30 Bjørn Enes: Om barn som samlarar av, og kjelder til, historie

14.30-15.30 Felles: Kva slags ressursar sit barna på? Korleis arbeider vi med å få dei fram?

15.30-15.45 Pause

15.45-16.15 TBA: Den kulturelle skulesekken og lokalhistorie

16.15-17.15 Felles: Kva vil vi oppnå med arbeidet vårt overfor barn? Korleis oppnår vi måla våre?

17.15-17.30 Pause

17.30-18.00 Felles: Oppsummering. Kva har vi lært i dag? Korleis kan vi alle bli enno betre? Kva er hindringane våre? Er det rom for fleire samarbeid mellom oss?


Kurset er støtta av Studieforbundet for tradisjon og kultur, Sparebankstiftelsen DNB og Bergen offentlege bibliotek.

Gisle Halvorsen

Gisle Halvorsen er redaksjonssjef for all drama i NRK Super, med ansvaret for fiksjonsinnhald for barn mellom to og 14 år. Han har arbeidd i NRK i 20 år, både med drama og med dokumentar for barn. Vidare har han erfaring både med manus og regi, og som produsent, og er serieskapar av tv-serien ZombieLars, i lag med Thomas Seeberg Torjussen, der mellom anna mangfald og fellesskap blir tematisert.

Bjørn Enes

Bjørn Enes starta Memoar i 2015, og er dagleg leiar ut 2021. Han har bakgrunn som journalist og fabrikkarbeider, og har industrihistorie som eitt av sine hovudinteresser. Vidare har han vore oppteken av barn sine perspektiv, ikkje minst forteljingar frå dei som var barn under andre verdskrig, men også barn av i dag.

Den kulturelle skolesekken

Innanfor Den kulturelle skolesekken er kulturarv eit område mange er opptatt av og arbeid med dette vil vi få høyre meir om under arrangementet.

Påmelding

Dagfinn og Henrik. Foto: Line Grønstad