Formidlingskurs
Etter kvart som samlinga av munnleg historie aukar, aukar også "råstofflageret" for god formidling - for ikkje å kalle det "vidareforedling".
Dette kurset tar sikte på å utveksle gode erfaringar om alle dei formidlingsformene som utviklar seg. Nokre eksempler:
Nettsider
Bloggar og videobloggar
Foredrag med videoklipp eller lydklipp
Podcast og pocastseriar
Radio- og TVproduksjonar
Skjermar i utstillingar og i offentlegerom
"Stubbkart" - geolokaliserte kortformat i kart eller digitale vandringsappar
QR-koding
Forteljekunst
Borgarsceneproduksjonar
Teater, film, litteratur.
Forskingsprosjekt.
Kurset blir arrangert ved behov, saman med samarbeidspartnarar.
Målgruppa er profesjonelle formidlarar og særs erfarne frivillige. Ta gjerne kontakt - enten du ynskjer å diiskutere samarbeid om eit slikt kurs eller om du ynskjer å delta på det ved neste høve!
Kontakt: post@memoar.no
Podcasten "Virus" (2021) var Memoar og Folkemuseets fyste storsatsing på podcast som formidlingsformat. Den var laga av Cathrine Hasselberg og Audun Kjus. med finansiering frå Fritt Ord, Bergesensktiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB