Forteljekunst

Munnleg historie handlar fyrst og fremst om om innsamling, dokumentasjon, bevaring og formidling av munnlege primærkjelder. Men formidling er også ein form for "vidareforedling" av det primære råstoffet. Ei viktig slik vidarearbeiding er utvikling av råstoff i form av munnleg historie, til forteljekunst, eller andre kunstartar (teater, film, litteratur)

Attendetil kurskatalogen

Sommarakademi i Fjaler i august 2021:

I dagane 12 - 16 august 2021 innbyr Memoar og Jacob Sande-selskapet til kurs om munnleg historie og forteljekunst i Fjaler i Sunnfjord. Kurset er ein del av sommarakademiet 2021, og det vil bli høve til å tadel i heile prosessen frå munnleg historie intervju og -dokumentasjon (Memoar) og vidare arbeid med manus, regi og innøving til framføring av forteljekunst for publikum på festivalen. Meir informasjon om kursinnhald, påmelding mm. kjem så snart programmet er klart.



Johanne Øvestebø Tvedten

Formidlingsleiaren ved Sunnhordland Museum er ein veteran når det gjeld å skape foretljekunst på grunnlag av munnleg historie. Videoen ved sida av er frå eit dokumentasjonsopptak på Nerheimtunet i Ølen i Sunnhordland i aujgust 2019.