Kurs

Introduksjonskurs

Dag 1

Vi byrjar med å arbeide praktisk med intervju. Vi likar å gjere reelle intervju som skal bevarast og eventuelt publiserast. Dei av kursdeltakarane som vil starta med intervju er særleg velkomne til å delta som intervjuar, medintervjuar eller observatør.

Dag 2

er teori-dagen. Vi bruker erfaringane frå dag 1 som "case" for å gå gjennom etikk, avtalar, førebuingar, intervjuteknikk, litt kamera/lyd/lys-teknikk, mellomlagring, dokumentasjon, arkivering/avlevering til Norsk Folkeminnesamling og formidling.

(Foto: Arne M. Lindvig, Vest-Agdermuseet)

Dag 3

arbeider vi praktisk med etterarbeid: Dokumentasjon, etikk (presseetikk, museumsetikk), litt redigering, arkivering/avlevering til Minner.no, formidling.

Arrangørar brukar å vere musé og/eller historielag, bibliogtek, arkiv eller skular og/eller andre frivillige organisasjonar med interesse for munnleg historie.

I prosjektet "Munnleg historie for alle" 2019-2022 kan Memoar, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking tilby historielag, musé og andre så å seie gratis kurs om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av munnleg historie.

Samarbeidspartnarane må ordne kurslokale, lokale til intervjuopptak og invitasjonar til kursdeltakarar og intervjuobjekt.

Memoar dekker våre eigne kostnader (kursleiarar, reise, utstyr). Deltakarane betalar ein eigenandel på kr. 300, - som også dekker lunsj på kursdagen.

Ved digitale kurs, må du ha tilgang til ein PC (eller Mac eller Chromebook eller nettbrett eller telefon med internett). Maskinen din må ha kamera og mikrofon. Ein ekstern mikrofon/øyretelefon gir ofte betre kvalitet på lyd inn og ut.

Du må ha interesse for å lytta til andre folk sine forteljingar om levd liv og erfaring. Ut over det er det ingen førehandskrav.

Ta kontakt med post@memoar.no

Hovudpresentasjonen på introkurset:

Manual-Memoarmetoden