Prosjektkurs
(Denne delen av nettsidaer under utvikling)
Vegen frå idé til formidlingsklar samling av munnleg historie:
Dette kurset eignar seg godt som forprosjekt til eit tematisk eller geografisk innsamlingsprosjekt.
Ambisjonen er at det skal innehalda alt som skal til for å få eit vellukka prosjekt opp å stå - som f.eks:
Idéutvikling og fomulering av prosjektmål.
Utvikling og formalisering av partnarskap.
Forhold mellom frivillige og profesjonelle ressursar.
Produksjonsplan:
Kven ynskjer vi å intervjue fyrst? Kor mange intervju ynskjer vi å lage i alt?
Kven skal intervjue? Treng vi opplæringstiltak? Treng vi utstyr og programvare?
Korleis organiserar vi dokumentasjonsarbeidet? Treng vi opplæringstiltak her?
Budsjett: Kva vil dette koste - i timar og i kroner?
Finansiering: Har vi råd? Korleis skaffar vi oss råd?
Innhaldsmessig utdjuping: Kva er gjort før på same eller tilgrensande tema?
Emneordliste
Etisk gjennomtenking
Prosjektskildring og prosjektpresentasjon.
Formidlingsplan
Søknader:
Ny gjennomgang og jusetering av budsjett.
Finansieringsøknader
Eventuelle innsyn og eventuelle godkjenningar (Samfunnsvtitskapleg datateneste, etisk komite)
Oppstartkurs
Pilotproduksjonar (eitt til tre intervjuopptak, dokumentasjonsarbeid, avlevering/publisering, formidling - og evaluering av erfaringane)
Prosjektstart.
(Bildet: Prosjektutvikling i Åseral hausten 2020)
Målgruppe:
Historielag, musé eller annan frivillig eller profesjonell prosjekteigar.
Memoar har sterk tru på samarbeid mellom profesjonelle og frivillige innan heile arbeidsfeltet munnleg historie. Det vil trengast:
Intervjuar(ar)
Dokumentasjonsarbeidar(ar)
Redigerar(ar)/teknisk(e) medarbeidar(ar) er ein fordel, men ingen føresetnad.
Formidlar(ar)
Organisator(ar)
Det vil hos dei flestefinnast folk som kan gå inn i alle desse rollene.
Ta gjerne kontakt for å diskutere "skreddarsøm" av slike prosjektkurs / forprosjekt!
Kontakt: post@memoar.no