Sommarskule - Bergen 2021

Journalistikk og munnleg historie - heile sommaren

20 deltakarar i alderen 13 - 16 år

Sommarskule: Det startar med ei vekes intensivkurs om videointervju og produksjon av reportasjar om mangfald i Bergen. Tid: Fyrste veka av sommarferien. Stad: Ikkje avklart. Sjå den konkrete planen for sommarskulen her.

Sommarredaksjon: Så held det fram med intervju og reportasjearbeid for dei som har lyst å lære meir. Du får trening og rettleiing, og kan halde på så lenge det passar - ei, to eller fem veker!

Filminnspeling: Så rundar vi av med filminnspeling dei to siste vekene før skulestart i august . Det skal bli ein film om sommarredaksjonen - og om mangfaldsbyen Bergen.

Sjølve sommarskulen blir gjennomført i veke 25 med tema som ytringsfridom, presseetikk, mangfald, intervjuteknikk, videointervju, redigering og historieforteljing. Det skal gå føre seg i Strømgaten 9, gamle kunsthøgskulen, rett ved sida av jernbanestasjonen i sentrum. Kursveka vil innehalde mykje praktisk trening i generelt reportasje- og intervjuarbeid, etterarbeid med opptak, produksjon av “stubbar” (korte utdrag som eignar seg for publisering), redigering, etikk og opphavsrett. Dei vil også lære litt om korleis vi arbeider med filmproduksjon - framfor og bak kamera. (Sjå vekeplanen her)


Søknadsfristen er eigentleg ute - men vi held døra på gløtt for etternølarar: Skund deg viss du oppdaga dette tilbodet for seint!

'

Kursleiarar vil vere Bjørn Enes, Saiejaha Sujanthan og Dawid Kopyt. Deltakarane vil også bli kjende med Line Grønstad , Mariela Norheim og Sarah Jobarteh frå Memoar, og med Jørgen Rusten Nanbjør frå filmselskapet Rusten Spiker Film - pluss produksjonsleiar og koordinator.


Ungdomsskuleelevar i heile Berrgen kan søke - Søk plass her

Intervju

Presseetikk

Reportasje

Stubbar

Del 2: Sommarredaksjonen i vekene 26-27-28-29 og 30 (juli).

Alle kvardagar gjennom heile juli har vi eit morgonmøte klokka 09 i Dankert Krohnsgate 1. Der bestemmer vi kven som skal gjere kva den dagen, for å få ferdiog flest mogleg innslag. Deltakarane på sommarskulen får hjelp til å fullføre fylgjande oppdrag gjennom sommaren:

  1. Lag videoopptak til minst tre intervju/reportasjar (gjerne fleire!)

  2. Dokumenter opptaka med innhaldslogg

  3. og rediger ut ut minst tre (gjerne fleire!) “stubbar” (korte utdrag) som eignar seg for publisering.

  4. Lag avtale om publisering med dei som er intervjua.

Intervjua skal handle om mangfald i vidaste forstand. Det kan vere om å kome til Bergen som tilflyttar, om å finne eller ikkje finne vener her, om gode eller vonde opplevingar av å vere “annleis”, om språk osb.

Det kan gjerne vere intervju om mat - om korleis ein lagar ein bestemt rett, om minner og tradisjonar som heng saman med retten eller liknande.

Og/eller det kan vere eit intervju om slike forteljingar som blir oveførte frå den eine generasjonen til den andre - f.eks. eventyr eller forteljingar om korleis det er/var der bestefar kom frå eller liknande.


Deltakarane må arbeide sjølvstendig med intervjuinnsamlinga. Men der vil vere både ein litt eldre koordinator og ein vaksen redaksjonsleiar som kan hjelpe dei heile tida. I tillegg vil det gjennom heile sommaren vere minst ein ansvarleg bakvakt frå Memoar. Dette vil bli fordelt mellom Line Grønstad, Mariela Norheim, Sarah Jobarteh og Bjørn Enes. Dei vil kunne hjelpe til med idéar, utstyr, redigering, avtalar eller anna.


Base for sommarredaksjonen sitt arbeid vil vere Memoar-kontoret i Dankert Krohnsgt. 1.

Folk

Mat

Bestefars fang

Stubbar

Del 3 - Filmprosjektet

Det skal ikkje bli nokon styrt reklamefilm - vi skal invitere Jørgen Rusten Nanbjør til å lage si uavhengige forteljing av det han har sett i løpet av sommaren og det han ser i stubbsamlinga som elevane har laga i løpet av sommaren. Det einaste vi krever er at kortilmen skal vere ferdig til lanseringa av mangfaldsprosjektet den 4. september, og at fakturaen ikkje blir større enn 60.000,- .


Ein arbeidstittel til filmen kan vere “Jørgens forteljing om Det store vi og sommarredaksjonen 2021”. Jørgen er leiar av produsjonsselskapet Rusten Spiker Film Han blir med under planlegginga i juni, og dei fyrste ideane om manus for filmen blir skissert då. Vi gjer også nokre pilotopptak - mellom anna av komitemøtet 3. juni og ein av dagane under sommarskulen 21-26 juni. Jørgen bidrar også med ein undervidnsingstime under sommerskulen, der han fortel om korleis filmproduksjonen skal gå føre seg.


I månadsskiftet juli/august (fredag 30/7 er foreslått) lagar vi til ein miniworkshop, om filmmanus. Det blir styrt av Jørgen, medan alle andre som har vore involverte gjennom sommaren blir inviterte. Målet er at Jørgen skal ha klart for seg korleis kortfilmen skal sjå ut når vi går derifrå.


I veke 31 og 32 (1-15) august gjer Rusten Spiker Film dei aller fleste opptaka til filmen. I denne fasen er ungdomane med både framfor og bak kamera. Etter skulestart og fram til 4/9 har Rusten Spiker Film hovudansvar for klipp og postproduksjon. Ferdig kortfilm blir presentert under lanseringa av “Det store vi” laurdag 4. september.

Eventyr

Der heime

Reisa

Songane