Plan for sommarskulen

Plan for sommarskulen 21 - 25. juni:

Detaljert plan (for involverte)

Mandag 21/6 - Tema: Presentasjon og kamera


Strømgaten 1 - inngang frå baksrda av huset - sjå kartlink

Deltakarane kan kome frå klokka 09 - Vi startar klokka 10 og er ferdige kl 15:30.

Mandagen skal vi bruke til å bli kjende med kvarandre - og til å bli kjende med den opptakaren vi skal burke.

Det er veldig fint viss alle som har eigen PC, Mac eller Chromebook kan kan ta den med jeile veka!


Tirsdag 22/6 - Tema: Intervju

Strømgaten 1 - inngang frå baksrda av huset - sjå kartlink

Deltakarane kan kome frå klokka 09 - Vi startar klokka 9 og er ferdige kl 15:30.

Tirsdag skal vi begynne å arbeide med intervju. Vi skal øve oss på kvarandre,

Vi skal lære litt om forarbeid, litt om gjennomføring - og vi skal begynne å jobbe med etterarbeidet.

Vi skal terpe litt på tekniske rutinar som er fort å gløyme når vi er i felt for alvor - og innimellom skal vi notere oss gode idear som vi kan bruke når sommarredaksjonen kjem i gang.

Onsdag 23/6 - Tema: Kreativ prosess og mangfaldsbyen

Onsdagen skal vi bruke på prosessen frå idé ti lferdig reportasje: Idéstorm, idéutvikling, undersøkingar, synopsis, arbeidsplan. Og igjen skal vi snakke om dei vanlegaste tabbane, slike sing som er fortast å gløyme når det er alvor og vi er ute i felt.

Hovudideen med sommarskulen er jo mangfaldsbyen Bergen. Vi skal snakke om kvifor - og korleis vi kan utvikle den generelle ideen til gode videosnuttar!

Torsdag 24/6 - Tema: Ytringsfridom, etikk - og forteljekunst

Vi skal diskutere kvifor vi har rett til å seie og publisere kva vi vil - og kor grensene går for det som likevel ikkje kan publiserast. Vi skal snakke litt om makt og avmakt og vi skal lære om presseetikk og Vær Varsom-plakaten.

Denne dagen skal vi også begynne på spørsmålet om kva som er ei god historie - korleis lagar vi ei videohistorie som fenger folk og får fram forteljinga?

Fredag 25/6 - Direktesending

Vi avsluttar sommarskulen med å bruke (nesten) alt vi har lært til å gjennomføre sommarredaksjonens fyrste direktesending på vår eigen YouTube-kanal.

Det skal vi gjennomføre frå det som blir sommrredaksjonens lokaler i Dankert Krohns gate 1.

Til slutt avsluttar vi sommarskulen med å dele ut kursbevis til alle - og oppmoda alle som har lyst til å bli med på sommarredaksjonen frå mandag 28/6

Memoar Sommarskule 2021