studio-kurs

Mandag 25. april 2022 -

Kurs i Studio Møllaren, Bergen

Studio Møllaren ligg i Vitalitetssenteret på Møhlenpris, og vert drifta av Møllaren Frivilligsentral, Sydneshalvøyens Kulturhistoriske Forening og Memoar.

Mandag 25/4 kl 19 startar eit kurs i bruk av studio. Det er berekna på tidlegare deltakarar på Memoar sitt introduksjonskurs til munnleg historie. Men alle som er interesserte i å lære seg å bruke studioet til intervjuopptak vil ha utbyte av det.

Kurset varar i to timar. Kursleiar blir Bjørn Enes. Det vil handla om det tekniske utstyret i studioet, etikk og tilrettelegging for arbeidsprosessen vidare etter opptaket.

Påmelding: Send ein epost til bjorn@memoar.no og fortel at du kjem !

obs: Ei tidlegare kunngjering om at kurset startar kl. 14 var ei misforståing. Korrekt tidspunkt er 19-21.