Teknikk-kurs

Kurs om teknikk og munnleg historie

Hovudinnhaldet i dette kurset handlar om innføring og trening i det skybaserteredigeringsprogrammet WeVideo. Det er eit norskutvikla program som opprinneleg blei lagafor undervisning videoredigering i ungdomsskulen.

Vi har samarbeidd med WeVideo heilt sidan 2016, og har redigeringsprogrammet som ein sentral del av "Memoarskya".

Teknikk-kurset tar sikte på å gi opplæring i den tekniske sida av heile arbeidsflyten i "Memoarmetoden":

  • Opplasting av råopptak til skylager (Dropbox eller anna)

  • Deling av tilgang til råoptak for dei som skal arbeide med det.

  • Grovredigering i WeVideo (eller anna redigeringsprogram)

  • Påsynspublisering med passord gjennom Vimeo.com

  • Undertitlar (oversetjing)

  • Finredigering av publiseringsfil og utdrag for formidling ("stubbar")

  • Opplasting til Minner.no

  • Nettsidebygging og -publisering

  • Direktesendingar

  • Geolokasjon - formidlingsstubbar i kart og vandringsappar

  • Teknisk podcastproduksjon

Målgrupper:

Ikkje alle historielag eller musé er så heldige at dei har personar som interesserar seg for dei tekniske sidene ved munnleg historie-arbeidet.

Men dei som har, er velkomne til å melde opp sine. Kurs som dette brukar normalt å bli gjennomførte som nettkurs når vi har samla opp ei lita gruppe deltakarar.

Kotakt: post@memoar.no