Avtalar

Memoar fylgjer det prinsippet at intervjuet er ei fri ytring som er eigedomen til dei som ytrar seg i intervjuet. Det vil fyrst og fremst seie forteljaren, dernest intervjuaren. Dei to er altså opphavspersonane.

Samarbeidspartnarane i kvart prosjektet - vanlegvis Memoar, eit museum eller ein annan kulturinstitusjon og eit historielag eller annan frivillig organisasjon - ynskjer vanlegvis at opphavspersonane skal dele forteljingane sine med framtida og samtida. Dette kan dei gjera både gjennom å avlevera dei til det lokale museet, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking, og gjennom å la museet og/eller Memoar publisera dei på nett.

For å dokumentera kva me blir samde om i kvart tilfelle, ber me forteljar og intervjuar signera ein standard avtale i forkant før intervjuopptaket, og ein publiseringsavtale når alt etterarbeidet er ferdig.

Mal-Samtykke til opptak arkivering og bruk

Samtykke til opptak /arkivering

Klikk på dokumentet - lag ein kopi - fyll ut

19-09-15-Mal-SamtykkeTilFjerningAvPassord

Samtykke til publisering

Klikk på dokumentet - lag ein kopi - fyll ut

Taushetserklæring Loggar

Tausheitserklæring

Klikk på dokumentet - lag ein kopi - fyll ut

I praksis foregår dette slik:

Før intervjuet, går intervjuar og forteljar gjennom "Avtale om arkivering og bruk." Dersom dei er samde om å gå vidare, signerar dei avtalen og startar intervjuoptaket.

Snarast råd etter at intervjuet er ferdig, blir råmaterialet lasta "opp i skya" - i ei Dropbox-mappe. (Avhengig av kamera og opptaksformat, kan dette bli ei samling av del-filar som ikkje er så enkle å finne ut av for folk som ikkje er vande med videoredigering).

Tilsette eller frivillige i Memoar eller hos ein av samarbeidspartnarane som har signert ei taushetserklæring, syr nå saman delene til ei samanhengande men så godt som uredigert arkiveringsfil. Denne blir så lasta lasta opp til videotenesta Vimeo.com der fila får eit passord. Berre forteljaren får tilgang til passordet.

Nettadressa til videoen og passordet blir så sent til forteljaren (den som har blitt intervjua) - saman med ei oppmoding om at ho/han ser gjennom arkiveringsfila og noterar seg eventuelle delar som ho/han ynskjer å ta bort før intervjuet blir lagra og eventuelt publisert.

Når vi har fått kommentarane tilbake, lagar vi ei publiseringsfil der vi fjernar dei bitane som forteljaren ynskjer å ta vekk. Dersom vi som redaktørar meiner at det i tillegg bør fjernast andre til av presseetiske grunnar, fjernar vi det og. Arkiveringsfilen blir så sletta i Vimeo, og den nye publiseringsfilen blir lagt der i staden.

Ein lydversjon av publiseringsfila blir sendt til auto-transkripsjon. Det kjem tilbake ei tekstfil som er utskrift av det maskinen har oppfatta av intervjuet.

Nå startar dokumentasjonsarbeidet: Ein person som har gitt taushetsløfte går gjennom og rettar maskinutskrifta. Deretter skriv ho/han eit kort tekstsamandrag. Helst lagar ho/han også ein logg - eit stikkordsmessig oversyn over innhaldet i intervjuet.

Når både publiseringsversjonen, korrigert utskrift, tekstsamandrag og eventuell logg er ferdige, blir dei sendt til forteljaren med oppmoding om samtykke til avlevering til Minner.no og publisering der og på Memoar.no.

Den andre avtalen - etterpå:

Til sist får forteljaren spørsmål om Memoar kan få fjerne passordet, slik at video, tekstsamandrag og logg blir synleg på internett. Det vil i så fall bli synleg på Memoar.no og Minner.no. Det kan også bli synleg på lokal museum, historielag eller andre samarbeidspartnarar sine sider, og det vil kunne delast i sosiale media.

Forteljaren kan seinare endre eller trekke tilbake sine samtykke.