Databaseprosjekt 2021

Startar bygging av regional database for munnleg historie

Memoar fekk 15/6-21 kr. 50.000,- av Vestland Fylkeskommune for å starte utvikling av ein regional database for munnleg kjeldemateriale. Databasen skal vere tilgjengeleg for historielag, anna frivillig kulturvern og abm-sektoren i Vestland, slik at alle kan legge inn og hente ut informasjon om munnleg kjeldemateriale til lokal og regional historie og kulturhistorie. Dette prosjektet er del av ein større strategi for utvikling av munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Vestland særskilt og Noreg allment.

Bakgrunn

Munnleg historie er i rask vekst, både som fagfelt og kultursjanger i Noreg. Sjølv om innsamling av minnemateriale frå primærkjelder er den metoden i historiefaga som har suverent lengst tradisjon, er “munnleg historie” eit “nytt” fagfelt gjennom at vi samlar og arkiverar primærkjeldemateriale i form av digitale lyd- og videofilar, i staden for å samle sekundærmateriale i form av transkripsjonar og samtalereferat.

Etter prosjektet “Krafttak for munnleg historie” (finansiert av Hordaland Fylke i 2017-2018 og Kulturrådet 2018-2019) har Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, hatt ein stadig meir sentral rolle i utviklinga av dette feltet. I 2019 - 2022 har vi fått operatøransvar for prosjektet “Munnleg historie for alle” (MHA) som er eit samarbeid mellom Folkeminnesamlinga, Norsk etnologisk gransking og Memoar, med finansiering frå Sparebankstiftelsen DNB.

Veksten føregår, nå som i 2017, på tre hovudområde: Kompetanse, organisasjon og infrastruktur. MHA handlar primært om breiddeutvikling av kompetanse og organisasjon gjennom å arrangere kurs og lokale minneinnsamlingar i heile landet.

Utfordringa

Når det gjeld infrastruktur, har Memoar organisert og bygd opp eit mellombels privatarkiv for munnleg historie. Arkivet er framleis slik vi skildra det i Krafttak-prosjektet, ei samankopling mellom skytenestene Dropbox og Vimeo. Inntil vidare fungerar det utmerka.

Grunnen til at vi berre tenkjer eit mellombels arkiv, er at vi meiner det norske samfunnet treng eit nasjonalt arkiv for munnleg primærkjeldemateriale, eller eit “mnemotek” som historikar Knut Kjeldstadli har kalla det. Vi tenkjer at dei samlingane vi bygger opp nå, skal avleverast der når det er på plass.

(Per i dag ser vi tre moglege vegar fram til eit nasjonalt mnemotek. Den eine går gjennom Nasjonalbibliotekets Senter for kulturarvsdigitaliseing (abmdig.no). Den andre går gjennom det samla kulturhistoriske digitalarkivet som er under oppbygging i Bergen frå 2021 (https://samla.w.uib.no/). Den tredje går gjennom eit utviklingssamarbeid saman med Fylkesarkivet i Vestland.)

Flaskehalsen i infrastrukturutbygginga, handlar om oversynet over innhaldet i arkivet, innlegging og uthenting av data. Til nå har vi sikra det gjennom eit Google rekneark, kombinert med eit Google-skjema for innlegging av data. Etter kvart som aktivitetar og samlingar veks, blir dette meir og meir risikabelt. Vi ynskjer jo mange brukarar - men mange kokkar betyr som kjent også mykje søl. Faren for at ein eller annan slettar heile reknearket ved ein feil er reell!

Endå viktigare er det at heile det frivillige kulturvernet i Vestland treng eit felles verktøy for registrering og deling av informasjon om munnleg kjeldemateriale: Kor finst det? Kva slags format har det? Kvein eig det? Kva slaqs avtalar er knytta til det? Og ikkje minst : Kva inneheld det?


Prosjektlandskap

I 2020 starta Memoar eit samarbeid med Fellesrådet for historielag i Oslo og Sør-Trøndelag regionlag av Landslaget for lokalhistorie om digitalisering av audiovisuell kulturarv på utdaterte media i historielag og frivillig kulturvern. Målet med dette er ei tilsvarande kartlegging som den Nasjonalbiblioteket hadde i oppdrag å gjennomføre i ABM-sektoren i 2019. Både vi og dei to regionlaga meiner at det også finst store mengder audiovisuell kulturarv som kan gå tapt i privat eige og frivillige organisasjonar. Vi har derfor gått saman om eit kartleggingsprosjekt i Bergen/Vestland, Trondheim og Oslo for å bygge opp dokumentasjon for eit krav om at Senter for kulturarvsdigitalisering også tar imot materiale frå det frivillige kulturvernet.

Den databasen vi vil bygge, og dei innsamlings- og publiseringsløysingane som vi ynskjer å knyte til han, vil også kunne nyttast av dette andre prosjektet. Det understrekar etter vårt syn at dette prosjektet ikkje berre er viktig i Vestland fylke. Det er eit utviklingsarbeid som vil kunne nyttast i heile landet.

Budsjett

Vi er usikre på kostnadane i dette, men etter å ha rådført oss med eit par kompetansemiljø har vi laga fylgjande budsjett:


Kostnader:

Innkjøp av kompetanse: kr. 50.000,-

“Vasking” og overføring av data: kr. 50.000,-

Kvalitetssikring og opning kr. 50.000,-

SUM kr. 150.000,-


Finansiering:

Eigeninnsats (MHA/Sparebankstifelsen DNB) kr. 50.000,-

Løyving frå Vestland fylkeskommune kr. 50.000,-

Søknad eller bidrag frå andre samarb.partnarar: kr. 50.000,-

SUM kr. 150.000,-

Prosjektet

Vi trur altså løysinga er å bygge ein database som skal samle data både om Memoararkivet og anna munnleg kjeldemateriale i historielag, hos private innsamlarar i Vestland fylke. Det må ha ein open del som alt frå skoleelevar til forskarar kan bruka - og ein lukka del for sensitivt eller klausulert materiale. Det må leggast arbeid i å bygge basen slik at han er tilpassa kvalitative data. Og han må byggast etter OAI-PMH-protokollen (Open Archives Initiative Protocol for Metadata Harvesting) for å sikre uproblematisk overføring når eit mnemotek er på plass.

Kjelstadli formulerte det slik i sin mnemotek-artikkel frå 2019: “Vi har et statistisk Sentralbyrå som som registrerer og teller oss, det er ingen manko på kvantitative data. Men vi mangler et «minnenes sentralsted», et depot for kvalitative data, for personlige minner”.

At Memoar-samlingane tek til å bli store før eit slikt “depot for kvalitative data” er på plass, er ein konsekvens at at dette fagfeltet veks nedanfrå, noko som etter vårt syn er både godt og riktig for eit felt som i seg sjølv er eit uttrykk for demokratisering.

For å veksa vidare, treng vi altså å bygge på noverande infrastruktur med ein database som alt nå kan brukast både av historielag, anna frivillig kulturvern, arkiv, bibliotek og musé - og som seinare kan avleverast til eller innlemmast i “mnemoteket”.

  1. Vi ynskjer å kjøpe inn kompetanse på kvalitativ databasebygging. Vi vil søke denne kompetansen dels i og rundt utviklarmiljøet i SAMLA kulturhistorisk arkiv og Universitetsbiblioteket i Bergen, dels i og rundt Senter for kulturarvsdigitalsierng og dels i og rundt Fylkesbiblioteket i Vestland. Vi er ikkje sikre på volumet av innkjøp - om vi berre treng råd og opplæring til ting vi kan bygge sjølve, eller om vi bør kjøpe utviklartenester.

  2. Når strukturen/programvaren er på plass, treng vi å overføra nåverande data til den nye databasen. Der treng vi også å “vaske” og standardisere data frå ulike prosjekt og ulike opphavsmiljø.

  3. Så treng vi å kvalitetssikre opning av den nye databasen for både innlevering og uthenting av data. Vi ser føre oss at det skal vere mogleg for historielag og anna frivillig kulturvern å melde inn munnleg kjeldemateriale som finst, kor det finst, kva format det finst i, kva slags avtalar som er knytta til det osb. Likeeins at alle interesserte kan hente ut publisert kjeldemateriale - til bruk i skulearbeid, utstillingar, lokalhistoriske prosjekt eller forsking.


Framdrift

Vi ynskjer å starte dette prosjektarbeidet så snart som råd. Prosjektleiar vil bli Line Grønstad, som deler si arbeidstid mellom jobb som prosjetleiar for Munnleg historie for alle og koordinator for prosjektet SAMLA. Ho har såleis ein unik kompetansebakgrunn og nettverk for å sikre eit vellukka prosjekt. Bjørn Enes og andre av dei mest aktive og erfarne Memoarmedlemmene vil supplere henne i arbeidet.

Slik vi har lagt planane vil vi søke å gjennomføre innanfor året 2021.