Alle nysgjerrige menneske kan gjera intervju

Og ofte vert dei beste intervjua dei som er gjort av likepersonar - folk som har om lag same erfaringsbakgrunn som forteljaren. Ofte kan det også fungera svært fint med fleire enn ein intervjuar.

Munnleg historie er ein fin veg inn i intervjukunsten for folk som tenkjer å perfeksjonera seg innan journalistikk, historie, folkloristikk eller filmkunst.

Memoar lagar kurs for intervjuarar. Har du lyst til å aktivisera deg på dette feltet - Ta kontakt med sogelaget / historielaget eller Memoar.

Kvifor intervjuar me?

Alle har ei forteljing å dela. Kvar einaste av oss er unike kjelder til ein del av historia om vår tid og vår nære fortid. Framtida treng eit rikt kjeldemateriale om dette, og når det no har blitt så enkelt og så billegg å ta vare på munnlege foreteljingar frå "vanlege folk" - då må me gjera det.

Me treng å lagra forteljingar om levetida vår - korleis det var å veksa opp i lokalsamfunnet, og korleis det såg ut. I dag veit me for eksempel at det er interessant å høyra om grasbøane i bygda, for i dag er dei grodde til med skog. For førti, femti år sidan visste ingen at det kunne bli interessant. På same vis kan ting som i dag er kvardagslege og sjølvsagte bli veldig viktige for folk i framtida.

Me treng å høyra om skuletida, og arbeid og reidskapar og måtar me laga ting på. Mykje kunnskap blir borte når nye verktøy kjem. Og me treng å minnast korleis me arbeidde saman - og korleis me var saman på fritida.

Store hendingar er viktige å ha mange kjelder til. Det er ikkje nok med ein offisiell rapport eller eit avisreferat om kva som hende. Alle involverte såg hendinga på ulikt vis, alle er tidsvitner.

Ikkje berre for framtida

Å dela forteljingane her og no har også fått ein ny verdi. For den moderne arbeidsdelinga og modere kommunikasjonar og organsering har gjort at me veit mindre enn før om kvarandre. "Ghettoisering" er blitt eit trekk ved tida. Mange kjenner berre folk som liknar på dei sjølve. Derfor har det å samle forteljingar også verdi for samtida!


Kva brukar intervjuet å handla om?

Formålet med prosjektet vårt er å få opp aktiviteten med å samla inn, arkivera og bruka munnleg historie i Noreg. Memoar, som har hovudansvar for gjennomføringa av prosjektet, har i utgangspunktet ikkje noko spesifikt tema for intervjua - det vil vera ulikt på kvar plass.

Lokale samarbeidspartnarar har fyrste-valet:

På kvar stad samarbeider me med eit museum, eller eit historielag, eller ein skuile eller andre. Mange av dei alt i gang med innsamling av munnleg kjeldemateriale Andre har konkrete planar om å starta. Og nokre ser ein sjanse til å sikra seg eit intervju som dei veldig gjerne skulle ha, men som dei ikkje har hatt utstyr til å sikra seg før.

  • Me som kjem tilreisande er innstilte på å prioritera intervjuopptak som dei lokale partnarane ynskjer.

Lokal historie er andre prioritet

Viss ikkje lokal partnar har spesielle ynskjer, vil me gjerne nytta høvet til å starta opp lokale intervjuinnsamlingar saman med frivillige eller profesjonelle kulturarbeidarar (historielag, museumstilsette, bibliotek, enkeltpersonar).

Saman med dei vil me gjerne gjera intervjuavtalar med folk som kan fortelja om lokale forhold og lokal historie i "manns minne". Ein handverkar som kan fortelja korleis hans arbeid har endra seg, ein fiskar, bonde eller reineigar, eller ein som kjenner den lokale industrihistoriagjennom dei siste 30-40 åra. Eller gamlelæraren, eller politikaren eller bygdediktaren. Kort sagt: Alle har ei forteljing å dela!

  • Me vil gjerne starta opp ei samarbeid som kan halda fram vidare.

Eksisterande prosjekt er tredje prioritet:

Viss ingen av dei to nevnte prioriteringane er aktuelle, vil me gjerne nytta høvet til å supplera pågåande innsamlingar. Intervju vil jo då handla om prosjekttemaet. og me vil vera ute etter forteljarar som er primærkjelder til det. Dei mest aktuelle er desse:

- og heile tida er me opne for å tenkja om :-)

Kom gjerne med heilt andre forslag. Me er veldig opne for å tenkja annleis enn det me gjorde i "skrivebordsplanen"!