Munnleg historie for alle

No skjer det. Munnleg historie boblar opp i museum, i bibliotek og universitet. Forteljingar blir teaterførestillingar og filmar. Vi møter personlege skildringar i podcast, nyhetssendinger og sosiale medier. Oral history, historie nedenfra, finn fotfestet òg i Noreg.

UTVIKLING, INTERESSE OG KOMPETANSE

UTVIKLINGSPROSJEKT 2019-2023: Munnleg historie for alle er det viktigaste samarbeidsprosjektet hos Memoar. Målet er å skape interesse og kompetanse hos museer og historielag og andre frivillige. Vi arbeider for at profesjonelle og frivillige skal samarbeide om innsamling, dokumentasjon, arkivering, publisering og formidling av munnleg kjeldemateriale om vår tid og vår nære fortid. Vi samarbeidar med lokale partnarar i heile landet. Gjennom Munnleg hsitorie for alle tilbyr Memoar gratis kurs og utvikling av innsamling. Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk Folkeminnesamling (Universitetet i Oslo), Norsk etnologisk gransking (Norsk Folkemuseum) og Memoar, og er finansiert av Sparebankstiftelsen DNB.

Lokalhistorisk “Fortellerpanel” i Tingvoll, mai 2019. Fra v. Margit Steinshamn, Kjellaug Meisingset, Tora Meisingset, Bjørg Volden og Maria Sagli.

FORTELjaraNE

Alle menneske er primærkjelder til tida dei har levd, arbeidet dei har deltatt i og de stadene dei har blitt formet av og vore med på å forme. Det er eit mål å få mange til å dele sine forteljinger, gjennom å la seg intervjue eller fortelje på andre vis. Forteljarane kan godt sies å være målgruppe nummer en.

Margit Skrindo blir intervjua av Anne Marie Kollhus i Ål Bygdearkiv, oktober 2018. Foto: Bjørn Enes.

Intervjuere

Mange har lyst til å oppsøke dei som vil fortelje, intervjue og samle. I alle innsamlinger trengs initiativ og organisering. Vi blir også inspirerte til å fortelje sjølve, når vi har vore vitne til at andre har blitt intervjua. Kurs i metode og nettverk for utveksling av erfaring er viktig for å utvikle intervjukunsten.

Arkivarer

Vi samlar og bevarer historiene. Opptaka blir til arkiv med munnlege kjelder. Innhaldet blir dokumentert med ein kort tekst og innholdslogg med tidskoder. Prosjektet skal samle erfaring om teknologi og korleis vi organiserar det frivillige arbeidet med dokumentasjon og lagring av arkiva for framtida.

Profesjonelle

Norsk etnologisk gransking og Norsk Folkeminnesamling er prof-esjonelle partnarar med Memoar. Nøkkelen i prosjektet er eit godt samarbeid mellom frivillige og fagfolk og forskarar i lokalarkiv, skoler universitet, muse, bibliotek, og andre institusjoner. Målet er eit felles ønske om nye innsamlingar.

FormidlARAR

Det er nøye samanheng mellom samling og formidling av munnleg historie. Innsamlingane blir til digtal forteljing, utstillingar og formidling på kart. Prosjektet gir inspirasjon til å leite fram og digitalisere eldre samlingar. Intervjua blir kjelder og inspirasjon for lærere, journalistar, regissører og forfattarar.

Publikum

Arrangement hvor folk sjøl forteller om nær og selvopplevd historie er populært. Til dømes scener og dei lokalhistoriske avdelingane på biblioteka ser at munnleg historie skapar eit større mangfald i formidlinga. Dermed kjem også eit nytt publikum.

memoar.no + Minner.no

2019-2021: Memoar publiserer arkivene med munnleg historie her på memoar.no og på minner.no. Minner.no er et nettsted der museer og arkiv samler på privatpersoners erfaringer, kunnskaper og minner. Alle kan delta, med fortellinger, fotografier og film, som lagres for fremtiden i en felles minnebank.

  • Bli en del av historien: Privatpersoner kan gi videre egne erfaringer – og ta del i andres

  • Gi videre det du har opplevd: Kulturinstitusjoner kan invitere publikum til å bli med på å dokumentere ulike fenomen og hendelser i samfunnet

  • Hjelp forskerne å forstå: Forskere, journalister og andre interesserte kan få del i hvordan forskjellige mennesker forstår sine egne liv og livsvilkår.

Hausten 2019 fekk Memoar, Folkeminnesamlinga og Norsk etnolgoisk gransking eit kraftig handslag frå Sparebankstiftelsen DNB: I tre år har vi fått midler til to fulle stillingar og ei solid reisekasse. Vi drøyer dess midla så godt vi kan, gjennom å bruka dei som "såkorn" til samarbeidsprosjekt som kan leve vidare etter at prosjekt "Munnleg historie for alle" er ferdig.

Sjå Memoar sine MILEPELAR mot munnleg historie for alle

2014: Idéutvikling - Stiftelsen Neveragain.no, Norgesdokumentasjon, NorgesLexi, Sharing European Memories og InterReg-prosjektet First Motion om eit digitalt audiovisuelt arkiv for munnleg historie og film for Baltic Region (Noreg, Danmark, Tyskland, Estland, Latvia og Polen)


2015: Stifting av Memoar - Etablering av intervjustudio i Bergen off. Bibliotek. Oppstart av industri - og sjøfartsprosjektet og lokalt historieprosjekt i Bergen.


2016: Memoar, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga med samarbeidsprosjekt om utvikling av norsk kurs i munnleg historie for frivillig sektor og ABM-sektoren. Fyrste Forteljarpanel avslutta industriprosjektet i Kristiansand.


2017: Prosjekt Krafttak for munnleg historie i Hordaland. Fyrste Forteljarpanel på Sjøfartsmuseet i Bergen. Starta prosjekt Migrasjon.


2018: Prosjekt Krafttak for munnleg historie i Noreg, samarbeidsprosjekt med Memoar, landslaget for lokalhistorie, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga. 7 nye lokale prosjekt utanom Bergen. Fyrste Memoarkonferanse.


2019: Prosjekt Munnleg historie for alle. Samarbeidsprosjekt mellom Memoar, Norsk Folkeminne- samling, Norsk etnologisk gransking og lokale historielag og ABM-institusjonar. 9 nye lokale prosjekt. Andre Memoarkonferanse.


2020: 5 nye lokale prosjekt rundt i landet. Digitalt Koronaprosjekt med samtids/krisedokumentasjon. Prosjekt Senter for munnleg historie starta opp. Prosjekt Folkeverkstad for industridokumentasjon starta opp. Driftsstøtte på eiga linje i Bergen Kommune. Tredje Memoarkonferanse


2021: Fokuset på munnleg historie som mangfaldsprosjekt starta opp - Det store vi i Bergen og Mat og meg og George Floyd-prosjekt i Oslo/Lillestrøm. Samarbeide med Interkulturel museum.


2022: Startar arbeidet for statleg driftsstøtte for å etablere Senter for munnleg historie. Plan om stort klimaprosjekt. Fjerde Memoarkonferanse. Folkeverkstad for Munnleg historie.



Oppstarten 2019