Oppdragsproduksjon

Vi tar oppdrag!

I strategien for å bygge eit permanent, berekraftig ressurssenter fom munnleg historie i Noreg, er oppdragsproduksjonar eit viktig element. Vår oppgave 1 er å få historielag og andre i det frivillige kultuververnet til å interessere seg for og bli dyktige i munnleg historie. Oppgave 2 er å utvikle eit nettverk av profesjonelle "oral historians" eller minnesamlarar. Det er i dette arbeidet oppdragsproduksjon er så viktige.

Kven er oppdragsgjevar?

Det kan vere ein organisasjon eller ei verksemd som skal markere jubileum, eller ein kommune som skal sikre seg primærkjeldemateriale om ein komplisert endringsprosess, eit fagmiljø som vil dokumentere sin immaterielle kultur - eller ein diaspora som vil ta vare på si integrasjonshistorie. Ein familie som skal arrangere slektstevne kan også vere ein aktuell oppdragsgjevar.

Korleis går vi fram?

Alle oppdrag er ulike. Vi bør ta eit møte - digitalt eller fysisk - tidleg i tenkeprosessen for å lufte idéen: Kva er samanhengen - kva for anna kjeldemateriale finst? Kva trur vi at ei samling av munnleg historie vil kunne tilføre i tillegg? Kven bør intervjuast? Og i tillegg - kven av dei vi ikkje tenkte på i fyrste omgang bør også intervjuast? Ser vi noko som intervjua skal brukast til bortsett frå å vere kjeldemateriale? Kva kan opdragsgjevaren gjere sjølv - kva kan Memoar hjelpe med - og kva kan vi leige hjelp til? Kor stort eller kor lite kan eit prosjekt bli?

Fyrste skisse:

Vi lagar gjerne ei fyrste skisse av ein prosjektplan og budsjett. I utgangspunktet brukar slike forslag å sjå omlag slik ut - før vi tek til å kutte delar for å spare:

  • Oppstartseminar. Ein dag - der vi tar sikte på å konkretisere målsettingane for prosjektet og diskutere fram ei fyrste emneordliste for ting vi ynskjer at kjeldene skal fortelje om. Frå Memoar møter ein eller to erfarne prosjektleiarar.

  • Intervjukurs: Dersom oppdragsgjevaren sjølv skal gjennomføre intervjuserien, er det ein god idé å samle alle som skal intervjue til eit dagsseminar om munnleg historie intervju.

  • Organisering av opptaksrunde: Vi har gode erfaringar med konsentrerte opptaksøkter. Men effektivisering av sjølve opptakssituasjonen er berre mogleg dersom det blir gjort eit godt forarbeid. Det skal lagast avtalar med kvar kjelde som skal intervjuast, ho/han skal informerast om prosjektet og spørjast om samtykke og samtykkeskjema/avtale om arkivering og bruk skal helst diskuterast ferdig. Vi må rekne 2 - 4 timar pr. intervjuobjekt.

  • Intervjurunde 1. Så langt som råd, organiserar vi "intervju på samleband" - for eksempel fire intervju kvar dag i ei arbeidsveke, til saman 20 intervju. Alle slags samarbeidsformer er mogleg i intervju-runden: Enten at oppdragsgjevar sjølv gjer alle intervju, at Memaor eller frilansarar gjer alle intervju, at vi deler på det - eller at vi kostar på oss både ein hovedintervjuar og ein med-intervjuar i nokre eller i alle opptaka.

  • Dokumentasjonsrunde 1: Vi loggar og skriv tekstsamandrag på alle intervju i runde 1, og legg dei i ei lett tilgjengeleg kjeldesamling. (Mange vil gjere dei tilgjengeleg for alle interesserte at i denne fasen - erfaringsmessig aukar det kvaliteten på seinare rundar dersom forteløjarane får tilgang på runden før)

  • Midtvegsseminar: Opsummering av resultata så langt. Fekk vi det vi leita etter? Fant vi kanhende også noko som vi ikkje var klare over at vi burde ha leita etter? Skal vi utvide emneordlista? Ser vi nå formidlingsidear som vi ikkje såg førre gong? Skal vi ta ein eller felire rundar til - kvan skal i så fall intervjuast nå?

  • Organisering av intervjurunde 2 og eventuelt fleire: I prinsippet same metodikk og same ressursbruk som i runde 1.

  • Intervjurunde 2 og eventuelt fleire: I prinsippet same metodikk og same ressursbruk som i runde 1.

  • Dokumentasjonsrunde 2 og eventuelt fleire: I prinsippet same metodikk og same ressursbruk som i runde 1.

  • Avlevering til arkiv: Memoar ivrar jo for at munnleg historie skal arkiverast i "den nasjonale hukommelsen" - Norsk Folkeminnesamlinga eller i lokalt musé eller arkiv - eller i Nasjonalbiblioteket. Vi meiner at lokal arkivering bør vere i tillegg til den offentlege arkiveringa. I oppdragsroduksjonar er jo oppdragsgjevaren sitt syn på dette avgjerande. (Hugs at lyd- og videofilar er sårbare for teknologiskifte: Langtidsarkivering bør skje i eit arkiv som har særskilt kompetanse og infrastruktur for audiovisuelle arkiv.)

  • Sluttprodukt: At vi nå profesjonaliserar innsamling av munnleg kjeldemateriale, medfører at det ikkje lenger treng vere ein og same person som gjer intervju og skriv jubileumsboka. Forfattaren kan lese gjennom loggane, sjå dei intervjua ho/han synest ser interessante ut, og gjere sine eigne tilleggsintervju med nokre få av dei. Forfattaren får på denne måten eit ulikt mykje rikare kjeldetiflang enn ho/han normalt vil rekke over.

Denne måten å arbeide på, opnar også for ei rekke andre kategoriar sluttprodukt:

  • Det kan vere å publisere heile kjeldesamlinga (der kjeldene har gitt sitt samtykke til publisering) samtidig med (eller i forkant av ) boka.

  • Det kan vere å publisere jubileumsboka som E-bok med illustrasjonar i form av videoklipp - der lesaren ser faktiske sitat i staden for "berre" å lese forfattaren si skriftleggjering av dei.

  • Det kan vere ei utstilling med eit rikt utval av "stubbar" frå intervjuopptak, presentert på skjermar i utstillinga eller med QR-kodar som startar stubbane på publikums eigne mobiltelefonar.

  • For ikkje å snakke om at det kan vere eit teaterstykke, der det munnlege kjeldematerialet er videforedla til scenekunst - kanhende med faktiske sitat som videoprojeksjonar på sceneteppet?

Budsjettering:

som det går fram av det som står over, er det så mange variablar i dette at det ikkje er mogleg å skrive eit standardbudsjett - vi må mest få lov til å gjere det i kvart einskild tilfelle. Men her er nokre erfaringstal om nokre av variablane:

  • Oppstart- midtvegs og eventuelt sluttseminar: Erfaringsmessig brukar vi eit dagsverk på for-/etterarbeid og eit dagsverk på sjølve seminaret. Hausten 2021 operer vi med ein dagsverkpris på 5000.- kroner ex.mva. (Normalt er vårt arbeid utanfor avgiftsområdet, men oppdragsproduksjon kan bli mva-pliktig)

  • Intervjukurs: På grunn av lang erfaring med intervjukurs, treng vi ikkje å fakturere forarbeid, så eit intervjukurs kostar eit dagsverk.

  • Intervjurunde: Normalt brukar vi å rekne eit dagsverk på eit intervjuopptak. (Førehandsresearch, organisering, rigging opp og ned, sjølve intervjuet og diskusjon/signering av avtale om arkivering og bruk). Men når vi arganiserar som "samleband" kan vi effektivisere dette vesentleg. Eit godt oppstartseminar vil redusere behovet for tid til førehandsresearch, og tid til op- og nedrigging kan reduserast kraftig gjennom å gjere alle intervju på same stad.

  • Organisering av intervjurunde: Men føresetnaden for å kunne gjere intervjuopptak etter "samlebandsprinispet" er at sjølve intervjuøkta er godt organisert. Erfaringsmessig må vi rekne to til fire timar per intervjuobjekt til å gjere avtale avtale om opptak, informere om kva vi ber om samtykke til og til å gå gjennom avtale om arkivering og bruk.

  • Dokumentasjonsrunde: Etterarbeidet er meir omfattande enn sjølve intervjuopptaket. Vi reknar at ei ein erfaren dokumentasjonsarbeidar treng opptakslengde X 2 for å logge pluss endå ein time for å skrive tekstsamandrag. Viss vi altså tenkjer oss 15 intervju på i gjennomsnitt 120 minutt, skulle det bli 60 timar logging pluss 15 timar tekstsamandrag, i alt 80 timar. Hausten 2021 reknar vi med ein timepris på 650,- for slikt arbeid . (Normalt er vårt arbeid utanfor avgiftsområdet, men oppdragsproduksjon kan bli mva-pliktig)

  • Sluttprodukt: Som ein vil forstå, er det umogleg å seie noko generelt om sluttproduksjon. Men generelt kan vi seie at Memoar kan tilby seg å gjere eller formidle kompetente frilansarar til alle dei idéane som, er nevnt ovanfor.

Forhandlingar og avtale:

Etter å ha utarbeidd fyrste skisse til produksjonsplan, er Memoar klar for å gå inn i forhandlingar om ein konkret avtale. Ofte vil det vere aktuelt å søke kultur- eller kulturvernmidler til slike prosjekt. Det vil då ofte vere ein fordel å organisere dei som samarbeidsprosjekt.

Ein rein oppdragsproduksjon for ein privat kunde, f.eks. ei bedrift eller eller eit slektstemne el.l. vil i større grad ha karakter av å vere kjøp og sal av tenester, og meirverdiavgift kan då bli aktuelt.

Når avtalen vert skriven, vil gjerne Memoar disponere halve beløpet ved prosjektstart, og resten ved leveranse.

Eksempel på prosjektbudsjett -

15 ferdig dokumenterte og arkivert intervjuopptak:

Eksempel - Oppdragsbudsjett