Samarbeid for organisasjonar

Dagens samarbeid

Memoar samarbeider i dag med historielag og frivillig kulturvern, musé, bibliotek, arkiv, universitet, kommunar, skular, frivilligsentralar, frilansarar, ideelle entreprenørar og andre om lokale (geografiske) og tematiske prosjekt. Kvart prosjekt handlar om å å samle inn, dokumentere, bevare, formidle og/eller "vidareforedle" munnleg kjeldemateriale. Dei fleste delprosjekt har eigne nettsider - sjå oversyn under Samlingane.

Det største prosjektet vi har i dag, Munnleg historie for alle (MHA) er eit samarbeid med Norsk Folkeminnesamling (UiO), Norsk etnologisk gransking (Norsk Folkemuseum) og Sparebankstiftelsen DNB. Det fungerar som ein “paraply”, medan dei fleste andre er geografiske eller tematiske delprosjekt.

Starte nye prosjekt med oss?

Dei aller fleste prosjekta vi er involvert i, er samarbeid. Ta gjerne kontakt om nye samarbeidsforslag eller idéar - skriv til post@memoar.no.

Vi kan bidra med ulike kurs (introduksjon til munnleg historie, kvalitativt intervju, fjernintervju, dokumentasjon, bygging av munnlege kjeldearkiv, formidling, prosjektutvikling), infrastruktur (mellomlagring av opptak, skybasert redigering, påsynsdeling, publisering, avlevering til Folkeminnesamlinga), trening, prosjektplanlegging, -finansiering og -gjennomføring.

Så lenge vi har finansiering av "Munnleg historie for alle" kan også nye prosjekt bli ein del av det og få nytte av finansieringa. Vi kan også hjelpe eller formidle hjelp til gjennomføring av alle delar av munnleg historie-prosjekt, eller bidra med allereie innsamla og dokumentert kjeldemateriale i nye prosjekt.

Leige hjelp?

Erfaring viser at ein del prosjekt stoppar opp, av di arbeidet er uvant og ein er usikker på vidare framdrift. Memoar hjelper gjerne til - men kapasiteten er ikkje uendeleg. Så vi kan gjerne formidle hjelp frå frilansarar. Vi bygger også ein eigen stab av medarbeidarar som kan hjelpe til i prosjekt som har finansiering. Det vanlegaste behovet for hjelp handlar om logging - dokumentasjon av ferdige intervjuopptak. Det kan vi hjelpe med - les meir her

Vi kan også påta oss større oppdragsproduksjonar - les meri her.