Samtykkeskjema

Avtaler som anerkjenner folks historie

Du bestemmer over forteljinga

Samtykkeskjemaet legger til rette for at ei personlige historie blir til ein anerkjent primærkilde.

Intervjua blir avlevert det lokale museet, Norsk Folkeminnesamling og Norsk etnologisk gransking. Du kan la museet og/eller Memoar publisera dei på nett. Men som forteljar og intervjuer gir du aldri fra deg all makt.

Opphavspersonane eig historia si og kan når som helst trekke tilbake hele eller deler av intervjuet. Intervjuet er ei fri ytring som er eigedomen til dei som spør og fortel i intervjuet.

For å dokumentere og bekrefte kva vi blir einige om, ber vi forteljar og intervjuar signere ein standard avtale i forkant før opptaket, og ein publiseringsavtale når etterarbeidet er ferdig.

Klikk på dokumentet - last ned - fyll ut

MAL samtykke til opptak og arkivering 30_6-2022 .docx.pdf

Samtykke opptak og arkivering

Klikk på dokumentet - last ned - fyll ut

MAL Samtykke til fjerning av passord 30_6-22.pdf

Samtykke til publisering

Klikk på dokumentet - last ned - fyll ut

Tausheitserklæring-Loggar.pdf

Tausheitsløfte

Klikk på dokumentet - last ned - fyll ut

slik fyller vi ut Samtykke til opptak og arkivering

  • Før intervjuet, går intervjuar og forteljar gjennom Avtale om opptak, arkivering og bruk. Dersom alle er samde om å starte intervjuet , signerar alle avtalen og startar intervjuoptaket.

  • Når intervjuet er ferdig, blir råmaterialet lasta "opp i skya" - i ei Dropbox-mappe.

  • Tilsette i Memoar eller frivillige/samarbeidsparter som har signert ei taushetserklæring, syr nå saman delene til ei samanhengande men så godt som uredigert arkiveringsfil. Denne videofilmen blir så lasta lasta opp til videotenesta Vimeo.com. Fila får eit passord og ingen andre enn forteljaren og dei som har arbeida med opptaket får tilgang til passordet og kan sjå opptaket.

  • Forteljaren (den som har blitt intervjua) får no nettadressa og passordet til videoen - saman med ei oppmoding om at ho/han ser gjennom arkiveringsfila og noterar seg eventuelle delar som ho/han ynskjer å ta bort før intervjuet blir lagra og eventuelt publisert.

  • Når Memoar har fått kommentarane tilbake, lagar vi ei publiseringsfil der vi fjernar dei bitane som forteljaren ynskjer å ta vekk. Dersom vi som redaktørar meiner at det i tillegg bør fjernast andre delar av intervjuet, fjernar vi det og. Vi tek kontakt og fortel om dei presseetiske grunnane til klippinga. Arkiveringsfilen blir så sletta i Vimeo, og den nye publiseringsfilen blir lagt der i staden.

  • Ein lydversjon av publiseringsfila blir sendt til auto-transkripsjon. Det kjem tilbake ei tekstfil som er utskrift av det maskinen har oppfatta av intervjuet.

  • Nå startar dokumentasjonsarbeidet: Ein person som har gitt taushetsløfte går gjennom og rettar maskinutskrifta. Deretter skriv ho/han eit kort tekstsamandrag. Helst lagar ho/han også ein logg - eit stikkordsmessig oversyn over innhaldet i intervjuet.

  • Når både publiseringsversjonen, korrigert utskrift, tekstsamandrag og eventuell logg er ferdige, blir dei sendt til forteljaren med oppmoding om samtykke til avlevering til Minner.no. Intervjuet blir publisert på minner.no og på Memoar.no.

slik fyller vi ut Samtykke til publisering

  • Til sist får forteljaren spørsmål om Memoar kan få fjerne passordet, slik at video, tekstsamandrag og logg blir synleg på internett. Opptaket vil i så fall bli synleg på Memoar.no og Minner.no. Det kan også bli synleg på lokal museum, historielag eller andre samarbeidspartnarar sine sider, og det vil kunne delast i sosiale media og på internett.

  • Forteljaren kan seinare endre eller trekke tilbake sine samtykke.