Om oss

Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie er ein ideell organisasjon som fungerer som eit ressurssenter for munnleg historie i Noreg. Vi er medlem i Landslaget for lokalhistorie, og arbeider saman med historielag, andre frivillige organisasjonar og ABM-institusjonar for å samla inn, dokumentera, arkivera og formidla munnleg kjeldemateriale om vår tid. Formålet vårt er "å fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv" (Vedtektene pkt.2)

Innsamling handlar både om å kartlegga, digitalisera og arkivera eksisterande munnleg kjeldemateriale på forgjengelege media (lydband, kasettar, gamle videoband, CD/DVD´ar), og om å førebu og gjennomføra nye intervjuopptak. Memoarstaben og/eller tilknytta frilansarar kan påta seg å utføra begge kategoriar innsamlingsoppdrag, eller å bistå organisasjonar/verksemder som sjølve vil gjera det meste av arbeidet.

Memoar oppsto som idé hausten 2014, i ein samtale mellom Jostein Saakvitne og Bjørn Enes. Begge hadde arbeidd med samling og bevaring av munnleg kjeldemateriale og minner om krigsåra 1939-45 - og begge hadde opplevd frustrerande lite interesse frå slike fagmiljø som vi hadde venta samarbeid med. Ikkje minst gjaldt det arkivinstitusjonar. Ut over vinteren vart idéen - eller snarare idéane - endevendt gjennom mange samtalar i loftsleiligheta til Jostein. Vi vurderte å ta opp att prosjekt som hadde endt i frustrasjon, eller å starte eit firma, eller å forsøke å få ein eksisternde institusjon til å interessere seg for eit samarbeid om munnleg historie. Til sist bestemte vi oss for å starte som ein frivillig organisasjon - ein del av den frivillige histroierørsla - og så bygge derifrå.

Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie - blei stifta 3. juli 2015. De fem stiftarane var Astrid Helene Olsen, Gunn Marit Sæbø Meyer, Lars Ole Hafsmo, Jostein Saakvitne og Bjørn Enes. Dei vart også det fyrste styret.

Historia etter dette kan lesast i årsmeldingane 2014 - 2015 - 2016 - 2017 - 2018 - 2019, Memoar.blog

Hovudkontoret finst i Dankert Krohnsgate 1, 5018 Bergen.

Postadresse er Postboks 417, 5832 Bergen.

Epostadresse er post@memoar.no

Medlemmer: Alle som støttar visjonen om å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv, er velkomne som medlemmer.

Medlemsskap kostar 300,- per år, og kan betalast med Vipps, kort eller bankgiro - sjå meir her

(Hugs å skriva inn namn, tlfnr og epost!)

Me tek imot medlemmer frå heile landet.

Organisasjonen er registrert i Enhetsregisteret og Frivillighetsregisteret.

Memoar er medlem i:

Vedtektene finst her.

Stiftingsdokument finst her

Organisasjonsnummer er 915 636 926

Nordbøveien 16, 5009 Bergen

post@memoar.no

Tlf: +47 41516745

Styret 2021:

  • Leiar: Hans Jørgen Wallin Weihe

  • Styremedlemmer: Aud Mikkelsen Tretvik, Efraim Kanestrøm, Inger Christine Årstad, Marie Nicolaisen, Stein Øberg

Bankkonto: 3633.5541086 (kontingent, gåver etc)

Vipps #118993 - Memoar

(Driftskonto: 3633.41.87769)