Årsmelding 2015

Memoar har stilt opp tre hovudoppmål i starten:

  • Me ville arbeide for å få etablert eit intervjustudio som alle innbyggarar i Bergen kunne nytte til å gjere video- og /eller lydopptak med personar som dei ynskjer å bevare forteljingar frå. Dette ville me gjerne etablere i samarbeid med Bergen Bibliotek på den måten at Memoar finansierer nytt utstyr som trengst for at Biblioteket skulle kunne utvida sitt digitale verkstad-tilbod med eit slikt intervjustudio.

  • Me ville få etablert eit arkiv som kunne ta mot munnlege forteljingar. Saman med Bergen Byarkiv ynskte me å arbeide for å få etablert ein medieserver der innbyggarar i Bergen kunne registrere og laste opp video-, lyd-, multimedia-, bilet- og tekstfilar som dei ynskjer å sikre bevaring av.

  • Me ville arrangere kurs i minnesamling. Hausten 2015 ynskte me å invitera interesserte innbyggarar i Bergen til opplæring og kunnskapsdeling om korleis studio kan brukast. Me ynskte og å gjennomføre forteljarkveldar i samarbeid med Biblioteket og Byarkivet for å fremje interessa for munnlege forteljingar om levd liv og munnlege kjelder til samtids- og historisk dokumentasjon.

I tillegg ville me arbeide for

  • Å utvikle ei nettside og / eller eit nettsamfunn som kan hjelpe medlemmer som ynskjer det å nå fram til større publikum.

  • Å arbeide for større akademisk og profesjonell interesse for munnlege forteljingar som kjelde for samtidsdokumentasjon og nær historie.

  • Å ta initiativ til og delta i samarbeidsprosjekt med historielag, arkiv-, bibliotek og museum, akademia, forskingsmiljø og profesjonaelle forteljarar / media.

  • Og å verve medlemmer og gjennomføre eit fyrste ordinære årsmøte innan utgangen av 2015.

Me starta i Bergen. Men me ville gjerne dele erfaringane med interesserte i andre deler av landet, for dette er noko alle kommunar bør ha!

Straumen av meldingar om framdrifta i arbeidet i 2015 finn du her.

Og slik vart resultatet av 2015:

Aarsmelding2015