Årsmøtet 2021


Førebels referat frå digitalt årsmøte i Memoar torsdag 18/3 2021

Årsmøtet vart gjennomført som videokonferanse med start kl 18.00.

Sakslista:

  1. Opning - val av dirigent og to personar til å signere protokollen. Cathrine Hasselberg vart vald som dirigent, Line Grønstad som referent, Alex Fredsvik og Arna Berg vart valde til å signere protokollen

  2. Årsmelding frå styret. Årsmeldinga er publisert på nettsida, under "Om oss" Årsmeldinga vart godkjend etter kort diskusjon.

  3. Rekneskap. Revidert rekneskap er publisert på same side. Rekneskapet vart godkjend etter kort diskusjon.

  4. Innkomne forslag om oppdatering av vedtektene. Forslaget blei vedtatt med mindre endringar. I tillegg vart det nye styret pålagt å legge fram forslag til instruks for framtidige valnemnder på neste årsmøte. Den skal innehalde målsettingar om at frivillig kulturvern, abm-sektoren og akademia skal vere representerte i styret, at det skal kjønns- og geografisk balanse og at det skal reflektere mangfaldet i medlemsmasse og befolking.

  5. Val: Valnemdas forslag til val blei vedtatt utan motforslag. Hans Jørgen Wallin Weihe, (Lillehammer/Sollund) blei vald til ny styreleiar. Med seg i styret fekk han Marie Nicolaisen, (Sunnfjord), Stein Øberg, (Oslo), Aud Mikkelsen Tretvik, (Trondheim), Efraim Kanestrøm, (Bergen) og Inger Christine Årstad, (Auste Toten).

Forslag om at Ann-Mari M. Juvik i Advisor Revisjon AS skal halde fram som revisor vart også vedtatt utan motforslag.

Det nye styret: