2022

Årsmøtet 2022

blir på Bryggen Museum i Bergen, fredag 4. februar kl 17:00

(Merk at Memoarkonferansen går same stad og same dag, vi vil gjerne sjå deg også der!)


Forslag til årsmelding og førebels årsrekneskap er lagt ved. Rekneskapet er til revisjon, og styret legg siste hand på årsmeldinga 31/1. Innan årsmøtet vil både revidert rekneskap og styrets forslag til vedtak om årsmeldinga bli lagt ut på www.memoar.no/om/2022 .


Årsmøtet vil bli gjennomnført som såkalla hybrid - det blir eit fysisk møte med høve til også å ta del digitalt. Dei som ynskjer å delta digitalt, kan melde seg på gjennom å svare på denne eposten.


Møtet blir kalla inn med denne sakslilsta:

  1. Årsmelding om arbeidet sidan sist årsmøte

  2. Rekneskap

  3. Innkomne forslag

  4. Arbeidsplan og budsjett

  5. Val av styre, valkomite og revisor.

Forslag som medlemmer vil fremje må sendast til post@memoar innan fredag 28/1 kl 13:00.


(Vi er kjende med at fylgjande forslag vil kome:

- Forslag om praktisk oppdatering av vedtektene etter tilråding frå rervisor.

- Forslag om å vidareføre vedtaket frå årsmøtet i 2018 om å etablere ei stifting. )


Vi håpar å sjå flest mogleg til stade - fysisk eller digitalt - på årsmøtet og på Memoarkonferansen!


14. januar 2022


Bjørn Enes