Senter for munnleg historie

Fast drift og nye nasjonale livshistorier 2024

NASJONAL BESTILLING: Nasjonalt er bestillinga klar: «Kunnskapen om musea sitt arbeid med den immaterielle kulturarven er fragmentert og lite systematisk, og Kulturdepartementet ynskjer at det framover vert lagt til rette for auka kunnskapsutvikling på dette området. Det vil vera relevant å sjå dette i samanheng med musea sitt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar på kulturmiljøområdet.» Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid

FORPROSJEKTET SKAL: (les meir)

  • Finne samarbeidspartar og etablere klynge/nettverk rundt fagfeltet.

  • Møte aukande interesse for felles fagutvikling med historie og kulturvitskap på høgskuler og universitet.

  • Sikre kompetanse gjennom å etablere møter, seminar og digitale møteplassar.

  • Sikre rolla til det frivillige kulturvernet og drifta av Memoar.

  • Registrere og samle informasjon om samlingane med munnleg historie i Noreg.

  • Etablere løysing for langtidsarkivering av munnleg historie i Noreg. Løysinga må utvikles har samarbeid med Nasjonalbiblioteket, Arkivverket eller Riksantikvaren.

  • Utvikle driftsmodell. Ansatte, lokalisering, digital infrastruktur og arkiv.

  • Sette opp finansieringsmodell med prosjektøkonomi og mål om faste løyvingar til drift frå statsbudsjettet, fylke og kommune.


Senteret blir ein del av næringsutviklinga innan kultur i Bergen. Vi skapar tilreisende til konferanser og kurs. Memoarkonferansen er allereie etablert som eit viktig nasjonalt arrangement. Kompetansen i senteret vil være nyttig for til dømes planane om Kulturuken i Bergen.


MEMOAR SITT MANDAT: Memoar fungerer nå som ressurssenteret for munnleg historie i Noreg.

Vi er ein del av lokalhistorierørsla, og vi samarbeider tett med anna frivillig kulturvern - oftast i trekantsamarbeid med musé, bibliotek eller arkiv. Memoar har opparbeidd høg kompetanse og god gjennomføringsevne når det gjeld prosjektarbeid. Memoar er mellom anna medlem i Arkivforbundet, Landslaget for lokalhistorie, Museumsnettverk for mangfold og minoriteter, Studieforbundet kultur og tradisjon, International Oral History Association. I vår fekk vi medlemskap i Kulturvernforbundet. Heile nettverket gir uttrykk for at vi treng eit meir organisert og samla fagmiljø for den immaterielle kulturarven i Noreg.


NASJONAL BESTILLING: Nasjonalt er bestillinga klar: «Kunnskapen om musea sitt arbeid med den immaterielle kulturarven er fragmentert og lite systematisk, og Kulturdepartementet ynskjer at det framover vert lagt til rette for auka kunnskapsutvikling på dette området. Det vil vera relevant å sjå dette i samanheng med musea sitt samarbeid med frivillige lag og organisasjonar på kulturmiljøområdet.» Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid


LOKAL BESTILLING: PLAN FOR MUSEER OG FRIVILLIG KULTURVERN 2022-2031: Memoar har de siste åra engasjert seg i planarbeidet for kulturvern i Bergen kommune. Vi har ivra for samarbeid om immateriell kultur. Eit senter for forteljingane og erfaringane som knytter kulturmiljø og kulturminner saman gjennom deling av erfaring og forteljing. I Plan for museer og frivillig kulturvern 2022-2031 for Bergen, har bystyret vedtatt å arbeide for oppretting av eit nasjonalt senter for immateriell kultur. Memoar og Senter for munnleg historie høyrer heime her.


MANGFALDSARBEIDE OG DEMOKRATI: Senter for Munnleg historie skal utvikle prosjekt og metodikk for demokrati og mangfald. Gjennom å dele munnlege historie og synleggjere immaterielle kulturarv oppdager vi oss sjølv og kvarandre. Eit senter vil samle eit stort nettverk av personar, organisasjonar og institusjonar som kan bidra til i visjonen om at alle skal være aktive medeigarar og bidragsytarar til landets arkiv og museer. I vår har Bergen kommune støtta vegen mot senteret, via delprosjektet Det Store vi, med tildelinger for tilsaman kr. 305.000,-.

Begrunninga er: Utviklingen av Det store vi er en viktig byggestein i arbeidet med å etablere Senter for munnleg historie iBergen i 2024, og speiler det mangfoldige ved kulturbyen.


PROSJEKTET SKAL PEIKE PÅ AT DET FINNES FLEIRE VEGAR MOT SENTER FOR MUNNLEG HISTORIE:

  • MUSÉ OG ARKIV: Eit scenario er at vi blir eit kompetansesenter for ABM-sektoren organisert saman med til dømes Bymuseet i Bergen. Vi får eit nasjonalt ansvar for kompetanse- og samlingsutvikling innan munnleg historie og immateriell kulturarv på området munnleg historie og tradisjon. I 2022 er Memoar blitt medlem av Arkivforbundet og Museumsnettverk for mangfald.

  • FRIVILLIGHET: Eit anna døme på organisering er gjennom frivillig kulturvern. På årsmøtet 21. mai 2022 vart Memoar tatt opp som medlem i kulturvernforbundet. Vi er dermed «kolleger» på linje med Fortidsminneforeningen, Slekt og data, Landslaget for lokalhistorie og Norsk folkeminnelag osb. Arbeidet med munnleg historie er nå formelt anerkjent som frivillig kulturvern på linje med bygningsvern og slektsforskning. Dette åpner for nye løsninger.

  • FORTELJARKUNST OG FORMIDLING: Jacob Sande-senteret og andre aktørar innan munnleg kultur, ynskjer å tydeleggjere munnleg historie og forteljekunst som eit kulturfelt. I 2022 har Memoar etablert fleire samarbeide mot teatera i Bergen og forteljar- festivaler. Forteljarpanela våre viser at munnleg historie høyrer heime på ei scene og er til stor inspirasjon for ny kunst. Formidling av munnleg historie er også eit fagfelt som må diskuterast i forprosjektet. Formidling av munnleg historie høyrer også heime i podcast, filmfeltet, på museum og i journalistikken.

  • EIT SENTER I ALLIANSE MED BIBLIOTEKA: Innsamling og formidling av munnleg historie høyrer heime på alle bibliotek i Norge. Kven er det skrive om i lokalhistoriske bøker? Kven leser vi om i Lokalhistoriewiki? Dei lokalhistoriske avdelingane på biblioteka ser at munnleg historie skapar eit større mangfald. Formidlinga på biblioteka skal være brei og nå alle. Difor er det naturlig at utviklinga av eit senter for munnleg historie skjer i allianse med Nasjonalbiblioteket.


  • NY NASJONAL MINNESAMLING: Det fyrste store målet for drifta av Senter for munnleg historie er ei ny nasjonal minnesamling. Vi byggjer vidare på Arbeidarminneinnsamlinga i 1954 og "minneoppgaverfor eldre" i 1964,1981 og 1995/96, men denne gongen ikkje berre for eldre som sist. Innsamlinga skal være samtidsdokumentasjon med munnleg historie. Initiativet omfattar landsomfattande opplæring for frivillige og profesjonelle minnesamlarar. Innsamlinga vil bli hovudtema på Memoarkonferansen 2023.


  • Perioden 1996 til i dag er internetts periode, der det har vore ein sterk nedgang i skriftleg minnedokumentasjon (handskrivne brev etc) samtidig som kvardagliv og levemåtar har vore i sterk endring.

  • Hendingar som Utøya, Koronapandemien og krigen i Ukraina har gitt oss svært verdfulle erfaringar med munnleg historie også som samtidsdokumentasjon - også med intervjuopptak av unge kjelder.

  • Minneinnsamlinga kan bli ein god start for eit nasjonalt senter for muntlig historie i Bergen.

  • Innsamlinga vil vere interessant for utviklinga av ei rekke fagmiljø innan ABM-sektoren, universitets- og høgskulesektoren.

  • Mangfaldsprosjektet DET STORE VI kan med fordel samkøyrast med ei nasjonal minneinnsamling. Det vil styrke demokratiutviling som del av det immaterielle kulturvernet. Innsamlinga bør bli tilpassa alle generasjonar, frå ung til gamal.


Når vi snakkar saman blir vi ukorrekte nok til å le saman, dunke kvarandre i skuldra og braute ut at det har ikkje noko å seie kor du kjem ifrå, berre du er Bergensar! Vi tok til å samle livshistorier: Om å vere ung og krysskulturell, flyktning med heimlengt, forelder utan naboar sitt kode- språk, skeiv og modig, “tiger” med Downs, polkunde med rullestol… Gjennom DET STORE VI viser vi kvarandre mangfaldet i historia, språk, fargar, endra meiningar og nye vegar. (Prosjektet ligg på detstorevi.no)



Styrevedtak

Styret i Memoar har vedtatt at vi skal gjennomføre eit forprosjekt for å planlegge drifta mot etableringa av eit Senter for munnleg historie i Noreg. Senteret skal fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv.

stor støtte

Den nasjonale ideen blir støtta av det frivillige kulturvernet, arkivinstitusjonar og musé, hos bibliotek og i utdannings og forskingsmiljø som arbeidar med muntlig historie. Teater og festivalar som skapar og formidlar forteljekunst vil være med.

BeRGEN

Politikarane i Bergen kommune har vedtatt at byen skal huse nasjonalt senter for immateriell kulturarv. Senter for munnleg historie er ein viktig brikke i satsinga. Bergen kommune har invitert Memoar inn i arbeidet.

MILEPELAR MOT SENTER FOR MUNNLEG HISTORIE:

MILEPELAR MOT SENTER FOR MUNNLEG HISTORIE:

2014: Idéutvikling - Stiftelsen Neveragain.no, Norgesdokumentasjon, NorgesLexi, Sharing European Memories og InterReg-prosjektet First Motion om eit digitalt audiovisuelt arkiv for munnleg historie og film for Baltic Region. (Noreg, Danmark, Tyskland, Estland, Latvia og Polen)


2015: Stifting av Memoar - Etablering av intervjustudio i Bergen off. Bibliotek. Oppstart av industri - og sjøfartsprosjektet og lokalt historieprosjekt i Bergen.


2016: Memoar, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga med samarbeidsprosjekt om utvikling av norsk kurs i munnleg historie for frivillig sektor og ABM-sektoren. Fyrste forteljarpanel avslutta industriprosjektet i Kristiansand.


2017: Prosjekt Krafttak for munnleg historie i Hordaland. Fyrste Forteljarpanel på Sjøfartsmuseet i Bergen. Starta prosjekt Migrasjon.


2018: Prosjekt Krafttak for munnleg historie i Noreg, samarbeidsprosjekt med Memoar, landslaget for lokalhistorie, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga. 7 nye lokale prosjekt utanom Bergen. Fyrste Memoarkonferanse.


2019: Prosjekt Munnleg historie for alle. Samarbeidsprosjekt mellom Memoar, Norsk Folkeminne- samling, Norsk etnologisk gransking og lokale historielag og ABM-institusjonar. 9 nye lokale prosjekt. Oppstart samarbeidet om minner.no. Andre Memoarkonferanse.


2020: Nye lokale prosjekt rundt i landet. Digitalt Koronaprosjekt med samtids/krisedokumentasjon. Prosjekt Senter for munnleg historie starta opp. Prosjekt Folkeverkstad for industridokumentasjon starta opp. Driftsstøtte på eiga linje i Bergen Kommune. Tredje Memoarkonferanse.


2021: Fokuset på munnleg historie som mangfaldsprosjekt starta opp - DET STORE VI i Bergen og Mat og meg og George Floyd-prosjekt i Oslo. Samarbeid med Interkulturelt museum, Lillestrøm kommune, Pakistansk kulturforening Skedsmo og LEV - Lift Every Voice. Podcastserien Virus.


2022: Startar arbeidet for statleg driftsstøtte for å etablere Senter for munnleg historie. Medlemskap i fleire nettverk og organisasjonar. I Oslo utvikler Memoar prosjekt om miljø og bærekraft som fokus. Utstillinger med Munnleg historie. Leiar av Oslokontoret, Cathrine Hasselberg er tildelt eit år skrivestipend for å skrive boka om praktisk arbeide med munnleg historie. i tillegg kommer boka VIRUS: historier fra pandemien ut i samarbeid med norsk folkemuseum. Folkeverkstad for Munnleg historie i Bergen. Samarbeidet med Det Vestnorske Teateret blitt ein serie med forteljarpanel. Forteljarverkstad med Bergen Borgerscene. Modell til folkeforskning for gjensidig integrering. Fjerde Memoarkonferanse.


Korleis viser vi mangfaldet i lokalhistoria? Kven får vi med oss i eit intervjuprosjekt?

Besøk den fantastiske utstillinga av munnleg historie på interkulturelt museum i oslo

2. februar 2022: Kjære venner av muntlig historie

Politikk: Jeg bruker å si at muntlig historie er livet, demokrati og kulturpolitikk. Alle har ei fortelling å dele. Alle skal ha rett til å gi sin versjon videre til framtida! Historia er polyfonisk, den er satt sammen av ulike stemmer. Derfor vil Memoar nå skape nettverk og jobbe politisk for at Norge, eller hele Skandinavia! har et senter for muntlig historie innen 2024. Vi har allerede kjøpt inn memoar.se i tillegg til memoar.no.
Arkiv: Nå utfordrer vi arkivinstitusjonene. Muntlig historie, intervju og samtaler som er tatt opp som lyd og video, må tas vare på i evighetens perspektiv. Muntlige kilder skal ha samme egenverdi som skriftlig materiale.
Bakgrunn: De siste åra har Memoar vokst fra å være en liten frivillig organisasjon til å bli fire ansatte. Jobben med å bygge opp et nasjonalt audiovisuelt arkiv med muntlig historie fra vår tid, er for alvor i gang. Memoarkontoret har flere titalls prosjekter over hele landet. Arbeidet kobler sammen frivillige og historielag, museum, bibliotek, høgskoler og universitet. Flere hundre intervju er publisert på memoar.no og minner.no. Snart har flere tusen mennesker fortalt.
Et nav: I praksis er Memoar blitt et nav i arbeidet med muntlig historie i Norge. Arbeidet vårt kobler sammen folk som vil intervjue og samle. Vi utdanner ungdom og voksne. Vi hjelper forskere å få inn kvalitative intervjuer. Memoarkonferansen samler fagmiljø og entusiaster, både i Bergen by og via streaming.
Formidling: Memoar arrangerer kurs og fortellerkvelder over hele landet. De ansatte produserer podcast og skriver bøker med og om Muntlig historie. Teaterfolk, filmskapere og kunstere bruker fortellinger samlet inn av Memoar.
Fast drift: For å skape Senter for munnleg historie må Memoar gå over fra prosjektdrift til fast drift. Det er flere løsninger for å komme på statsbudsjettet og få varige tilskudd. I dag er Memoar et historielag og vi har en viktig plass i det frivillige kulturvernet. En annen mulighet er å gå over fra prosjektdrift i frivillig sektor til fast drift i ABM-sektoren. Jeg håper det neste året byr på diskusjoner, idemyldringer og engasjement!

2. februar 2022
Talas! Hilsen Inger Christine Årstad, daglig leder i Memoar fra januar 2022