Infrastruktur

Memoar nyttar eksisterande hyllevarer til dei ulike delane av infrastrukturen vår medan vi venter på at det skal komme gode spesialsydde løysingar for skaping og lagring av minnemateriale i form av videointervju. Veldig kort forklart består infrastrukturen av Google-verktøy, Open Broadcaster System til opptak, Dropbox til lagring, WeVideo til redigering av film, og Vimeo til publisering av filmar.

Memoar arbeider for at det skal bli mogleg å avlevera bevaringsverdig munnleg kjeldemateriale til offentleg arkiv i Noreg.

Vi meiner at enten Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, Riksantikvaren eller ein ny offentleg eigd institusjon må ta dette ansvaret slik at framtid og nåtid kan få tilgang til uredigerte lyd- og videopptak der primærkjelder frå vår tid fortel med eigne ord om sine liv - kva dei har sett og opplevd.

På vegen fram mot dette målet, samarbeider vi med Norsk Folkemuseum og Nordiska Museet om å utvikle innsamlingsverktøyet Minner.no / Minnen.se. Vårt mål er at dette skal bli et verktøy som alle kan bruke til avlevere munnleg kjeldemateriale.

Fram til eit "munnleg riksarkiv" er på plass, driftar Memoar også ein mellombels infrastruktur for innsamling, redigering, arkivering og formidling av munnleg historie. Dette er ei "samansying" av hyllevarer som Open Broadcast Software, Dropbox, WeVideo, Vimeo og Google Sites.

Historielag, andre frivillige organisasjonar, musé eller andre innsamlarar som treng å redusera kostnader til teknikk og arkivering, kan bli med å dele på denne mellombels infrastrukturen. Ta gjerne kontakt :-)

Infrastruktur-Memoar

Innsamling

Permanente studio. Består av kamera, ekstra grafikk-kort, PC eller Mac med programvaren Open Broadcaster Software , ekstern mikrofon og tre lys.

Mobile studio. Består i utgangspunktet berre av kamera med stativ. Me har også gjerne med to ekstra lys. Viss vi skal gjera fleire opptak etter kvarandre, har me også gjerne med ein PC og eit ekstra grafikkort - same som i permanent studio.

Fjernintervju: Under koronapandemien i 2020 tok vi til å gjere intervjuopptak i form av videokonferansar.Det gjorde det mogleg å gjennomføre intervju utan mittefare. Det viste seg og å ha andre fordelar - som reduserte reisekostnader, kortare veg frå avtale til opptak - og nokre forteljarar trivst betre med å sitje ved sin eigen PC en å dra til eit studio.

Enklaste løysing: I dag går svært mange rundt med ein utmerka lyd- og videoopptakar i lomma. Opptak med mobiltelefon - fortrinnsvis på stativ - er eit fullgodt alternativ, i ale fall for kortare opptak. Me tilrår gjerne det i prosjekt som involverar born og ungdom.

Mellomlagring:

Arbeidsarkiv:

Memoar har en stor Dropbox-avtale. Munnleg historieprosjekt som treng mellomlagring i skya kan leige plass hos Memoar.

Personmappe vert etablert for kvar forteljar. I løpet av etterarbeidsprosessen skal personmappa fyllast med opptaksfilar, samtykkeerklæring, logg, tekstsamandrag, avleverings- og publiseringsklar video og eventuelt samtykke til publisering.

Opptaksfilar vert snarast råd lasta opp til ei mappe i Dropbox. Samarbeidspartnarar som ikkje har eigen profesjonell Dropbox kan sende via ei delt transportmappe eller andre trygge filoverføringsystem.

Tilgang til opptaksfilar får berre forteljar, intervjuar. Dersom dei godkjenner det, blir tilgang også gitt til loggar og redigerar som er godkjend av Memoar og som har signert taushetserklæring.

Logg er eit oversyn over innhaldet i intervjuopptaket i form av stikkord og tidskodar. ("Intervjuet minutt for minutt")

Tekstsamandrag er ein fritekst som gir eit oversyn over intervjuet i ei form som eignar seg til publisering.

Avtale om opptak og bruk av opptaket (samtykkeerklæring) Signert avtale mellom forteljar og intervjuar. Sjå meir om avtalen her.

Portrettfoto av forteljaren (Ikkje påkravd, men eit ynskje)

Dokumentasjon

Redigeringsprogram: Memoar har avtale med WeVideo som har eit enkelt, skybasert redigeringsprogram. Munnleg historieprosjekt som ynskjer det, kan leiga ein av våre lisensar for å redigera video.

Logging og tekstsamandrag: Memoar brukar normalt Google Sheets til logging og Google Docs til tekstsamandrag. Alternativt kan også Open Office eller Microsoft Office brukast. Når logg og tekstsamandrag er ferdig, vert det lasta opp i arbeidsarkivet, evt. via epost til Memoar.

Avleveringsarkiv:

Komplette personmapper blir flytta til avleveringsarkiv. Dette er også ei Dropboxmappe. Memoar arbeider for at det skal bli etablert eit offentleg norsk "evighetsarkiv" for munnleg historie etter mønster av British Library . Me kjem til å behalda vårt avleveringsarkiv fram til ei slik løysing er på plass.

Arkivering/avlevering:

Mellombels privatarkiv: Fram til spørsmålet om "evighetslagring" av munnleg historie i Noreg er løyst, driftar vi eit mellombels privatarkiv i form av ein mappestruktur i Dropbox. Denne er i same struktur som vår mellomlagring av kjeldemateriale under arbeid.

Formidling

Memoar.no: Memoar sin viktigaste formidlingskanal er vår eiga nettside. Den er bygd opp at ei veksande samling underside for kvart prosjekt. Alle intervju som er offentleg delte av forteljaren, vert publiserte der. Det vert også utdrag som er produsert for bruk i formidling.

Memoar.blog: Bloggen vår er stadig i utvikling. Etter kvart er planen at den også skal innehalda formidling av munnleg historie.

Minner.no: Innsamlingsverktøyet Minner.no er også ein publiseringskanal. Memoar deltar i prosjektarbeid for å utvikla Minner.no slik at den kan bli stadig viktigare i arbeidet med munnleg historie i Noreg.

Vimeo.com/Memoar: Videopubliseringstenesta Vimeo er vårt hovudverktøy for publisering av munnleg historie i form av video, ved sida av Minner.no

YouTube: For publisering av korte videoar til bruk i formidling, brukar me gjerne YouTube.

Stubb.no: Vi eksperimenterar med formidling av munnleg historie gjennom geotagging - geografisk plassering av korte forteljingar. Vi ynskjer å utvikle eller knytte oss til ein mobilapplikasjon som som kan formidla forteljingar når ein er på staden dein handlar om.

I tillegg samarbeider me gjerne med andre for å bidra med munnleg historie til undervisningssektoren, arkiv, bibliotek og musé.

Avtalar

AVTALESKJEMA

https://www.dropbox.com/login

OPP TIL SKY

https://docs.google.com/spreadsheets/d/16yX_w1Ljgni874UWhVlO4Y4rVT3b517qq1pWqTMg5ko/edit#gid=668235811

LOGGESKJEMA

https://forms.gle/jY2WktnFQ6jUdN6y9

OPNE ARKIVKORT