Ole Christian Næss

Ole Christian Næss - Sjøfart - Memoar
15. november 2015. Intervjuar var Bjørn Enes. Ole Christian Næss reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968.

Les meir

Det var ein heilt ny måte å reise ut på, som vart introdusert på same tid som dei store nedbemanningane sette inn. Han fortel om nyvinningar innanfor navigasjonsteknikkar - eigentleg laga for fly - og om den nye opplæringsstrukturen i Wilhelmsen. Då ryktane tok til å gå om jobbar for sjøfolk på plattformer og boreriggar, kunne mange ikkje tenkje seg noko slikt. Derfor var det ikkje vanskeleg å få jobb på dei fyrste norske plattformane. Næss fortel fargerikt om dei fyrste åra av norsk rigg-fart. I Del 1 skjem han fram til 1976, då han gjekk frå plattform til forsyningsskip for å få godkjend skipsførarsertifikatet sitt. Det er den verste farten han har vore i, fortel han - meir om det i Del 2 som vert publisert seinare i desember 2015.

I munnlege forteljingar som denne kan det lett oppstå "trykkfeil" i form av konkrete opplysningar som etterpå viser seg å vere feil. Næss har i ettertid funne to slike faktafeil:

*) Riggraten etter ombygginga av Treasure Hunter i 1976 var 40.000 dollar, ikkje 60.000 dollar som det vert sagt under stikkordet "ratene".

**) Den første hyperbariske livbåten (redningsbåt for dykkarar under trykk) kom i 1977, ikke i 1978 som det vert sagt under stikkordet "Dykkarane". Dykkarane var dermed utan rømmingsutstyr i eitt år, ikkje to.