hANS gUNNAR oLSEN tØRRE

Den 8. januar 2019 held Memoar og Norsk Industriarbeidermuseum eit kurs i minnesamling med video på Porsgrunn Bibliotek. Eit minneoptak med Hans Gunnar Olsen Tørre vert ein viktig del av kurset. Me vonar det skal bli starten på ei industrihistorisk innsamling om Herøyasamfunnet.

Hans Gunnar Olsen Tørre vaks opp i Landsbyen på Herøya. Både far hans og bestefar hans arbeidde på Hydro, og sjølv om han høyrde til den fyrste generasjonen som hadde sjansen til å gå realskule og gymnas, var det aldri aktuelt for Hans Gunnar. Han skulle på Hydro. Etter folkeskulen gjekk han den frivillige ungdomsskulen som Eidanger Kommune hadde innført før niårig skule vart innført, og derifrå søkte han seg inn på kjemilinja på Hydros Bedriftsskule. Han kom ut som laborant - og vart tidleg trekt inn i arbeid med røntgenkontroll av sveisesaumar, et arbeid som strekte seg over alle fabrikkar og verkstader i Hydrokonsernet. Derfor vart han meir enn vanleg kjend heile den store verksemda. Då han begynte var der omlag 8700 tilsette på Herøya aleine.

Han vart tidleg fagorganisert, fyrst i Herøya Arbeiderforening, seinare i Norsk Forbund for Arbeidsledere og Tekniske Funksjonærer (NFATF, i dag FLT). Han fortel mykje om fagforeiningsarbeidet på lokalt og nasjonalt plan. Det førte han også inn i Bedriftsforsamlinga og styret i Hydro. Han var også tidleg politisk interessert, både i AUF og SUF (SFs ungdomsorganisasjon). Då SUF braut med SF på landsmøtet i 1969, marsjerte han ut saman med dei andre, og i nokre år var han med i den vidare utviklinga av det som skulle bli AKP(m-l). Men i 1975 melde han seg ut, saman med fleire av dei andre aktive i Grenlandsområdet. Han var partilaus fram til 2008, då han søkte medlemskap i NKP.

Intervjuet handlar om Herøya og industrisamfunnet i Grenland i perioden 1950 til 2019, for ein stor grad prega av hans aktive liv som fagforiningsmann. I dag er han styremedlem i Arbeiderbevegelsens Arkiv i Telemark.

Intervjuopptaket vart gjor den 8. januar 2018. Intervjuar var Bjørn Enes


LoggHansGunnarOlsenTørre.pdf

Hans Gunnar Olsen Tørre, 8. januar 2019. Intervjua av Bjørn Enes i Porsgrunn.