Olav V. Isungset

Publiseringsdato: 28.sep.2019 07:07:06

Ola V. Isungset vart intervjua av Bjørn Enes på Ål Bygdearkiv torsdag 11. oktober 2018. Intervjuet var ein samtale om Odd Isungset sine minne frå eit langt liv: Han kom frå garden Isungset på Geilo, der han tidleg måtte ta del i arbeidet på garden. Fram til han var tenåring arbeidde han på setra kvar einaste sommar. Men då han var ferdig med skulegangen, valde han arbeid i industrien. Gjennom heile arbeidslivet var han på same verksemd - Brødrene Øyo på Geilo. I starten var hovudprodukta ljåar og knivar. Seinare starta dei produksjon av bestikk og økser. Han arbeidde som sjåfør og lagerarbeidar, og fekk tidleg interesse for bil. I 1962 var han kome så langt at han og kona drog til byen for å kjøpa ein Herald Triumph. Selgjaren meinte dei måtte prøva ein Saab og. Kona sat i baksetet på begge prøveturane - og ho var ikkje i tvil: Baksetet i Saabenvr best. Og dermed vart det Saab - frå 1962 til den femte saaben som han hadde då opptaket vart gjort hausten 2018.

Han fortel elles om opprettinga og utviklinga av hjelpekorpset på Geilo og Motorførernes avholdsforbund.

I januar 2019 bestemte Ola Isungset seg for å dela intervjuet med Hallingdal Museum og med alle interesserte gjennom nettsida Hallingdal.Memoar.no og Norsk Folkemuseum sin base Minner.no.

Intervjuet skal no dokumenterast, slik at det skal bli lettare å finna fram til det ein er interessert i å høyra om. Det trengst dugnadshjelp for å fortgang i dokumentasjonsarbeidet. Sjå detaljar om kva hjelp som trengst under videoen.

Bli med på dugnad!

Hjelp til å utarbeida innhaldslogg og tekstsamandrag av opptaket over!

Viss opptaket er sperra med passord må du fyrst vurdera og signera eit taushetsløfte som du så må senda til post@memoar.no. Sjå meir om logging under Ny samlar?

Vil du prøva å logga?

Signer avtale her - Last ned skjema her - send epost til Memoar og be om passord.