Produksjon 1 - Kurs og Trening

Dette er informasjon for samarbeidspartnarar som skal budsjettere fellesprosjekt saman med Memoar.  Samarbeid mellom frivillige treng ikkje koste noko - særleg - men dersom prosjektet er stort, treng vi å frikøpe folk med den rette kompetansen. Derfor arbeider vi for å utvikle ei kjerne av profesjonelle munnleg histoirehistoriearbeidarar eller minnesamlarar.  Prisane i oversynet under er det vi må budsjettere med pr. 1.mars 2024 for å skaffe slike folk ei  inntekt dei kan leve med: 

Produksjonspakke 1 - Kurs og trening: 

Mål: Å gi kursdeltakarane ei grunnleggande forståing av munnleg historie som fagfelt og kultursjanger, og ei grunninnføring ar arbeidsmetodar og verktøy. 

Konkret: 

Dag 1 (halv dag - oftast ettermiddag/kveld):

Dag 2 - teoridag: 

Lunsjpause

Dag 3 - Produksjon / trening:

Dag 4 - webinar med erfaringsutveksling / repetisjon etter at kursdeltakarane har gjort minst eitt intervju på eiga hand. 


Budsjett: 

Produksjonspakke 1 må budsjetterast med minimum kr. 15.000,- + reise og opphald for ein instruktør. Ofte vil det vere ein fordel å ha to instruktørar, så budsjettet børe vere mellom 15.000 og 30.000 + reise og opphald. 

I tillegg må arrangøren budsjettere med lokalleige, lunsj til deltakarane og kostnader til marknadsføring / annonsering av kurset. 

Inntekter: 

Det vil vere mogleg å ta kursavgift frå deltakarane, og det kan søkast støtte til kurset frå kommune/fylke, sponsorar. 

I prosjektet Migrasjonsminne" og andre arbeider vi også for å få til særskilte støttepakkar slik at det kan formidlast opp til 80% støtte frå prosjektet.  


Pakke 2 - Profesjonell intervjuinnsamling

Mål: Å sikre profesjonelle og kostnadseffektive intervjuopptak av personar som historielaget/lokal samarbeidspartnar har plukka ut.

Konkret: 

Forarbeid:  Historielag / lokal samarbeidspartnar lagar ei liste over personar som skal intervjuast, lagar timeavtalar med dei på ein samla produksjonsdag. Det mest effektive er om alle som skal intervjuast kan kome til same lokale med to til 3 timars mellomrom, - f.eks.  kl. 09::00 - 11:00 - 14:00 - 16:00 . 

Dersom kvar intervju skal gjerast på ulike stadar, f.eks. heime hos dei som skal intervjuast, må vi ha 3-4timar mellom kvart intervju. 

Produksjonsdagen:  Ein erfaren intervjuar / minnesamlar kjem med alt utstyr som trengs, og gjennomfører ca 90 min. intervju med opp til fire personar per dag.  

Viss fleire skal intervjuast, kan vi enten ein intervjuar arbeide over fleire dagar, eller fleire intervjuarar jobbe parallellt.  (Då må vi også ha fleire lokal utan "lydsmitte" mellom kvarandre. 

Intervjua blir lasta opp til Memoars arbeidsarkiv. Den som har blitt intervjua og lokal samarbeidspartnar får tilgang til intervjuopptaket (så sant den som har blitt intervjua samtykker).

Budsjett:

Ein produksjonsdag med 1 - 4 intervju må budsjetterast med kr. 4.000,- pluss reise og opphald.   

Det kan planleggast opp til fem produksjonsdagar i strekk (20 intervju) med opp til tre intervjuarar (60 intervju) 

Pakke 3 - Profesjonelt etterarbeid:

Mål:  Å produsere ein publiserbar videofil ut frå kvart intervjuopptak. Det vil seie å trimme start og slutt, legge på tekstplakat, fjerne støy og sekvensar som måtte bryte med god presseskikk. Dokumentere innhaldet med ein stikkordsmessig logg og emneord. Legge ved ein maskintranskripsjon. Gjere personmappe klar for avlevering til langtidsarkiv, publisere ferdig video på nett med passord og overlevere videolink, passord og dokumentasjon til intervjuobjekt og lokal samarbeidspartnar (så sant den som har blitt intervjua samtykker til det)

Budsjett:  kr. 3.000,- pr. intervju