migrasjon 2025

I 2025 er det 200 år sidan det fyrste norske emigrantskipet - "Restaurationen" - la ut på reisa frå Stavanger til New York.  Det er bakgrunnen for at ei lang rekke norske institusjonar og organisasjonar arbeider med ei stor utvandringsmarkering i 2025. 

I den levande munnlege kulturen i dag, finst det mange spor - både frå gamal utvandring, dagens norske diasporaer ute, og frå nyare innvandring og utanlandske diasporaer i Noreg. Memoar arbeider for å bygge eit breidt partnarskap rundt ei stor nasjonal minneinnsamling om migrasjon. i 2024, 2025 og litt av 2026. 

Migrasjonsminne - Mangfaldsnettverket-22-01-2024

Mål:

Skape ei stor samling av immateriell kulturarv i form av minnetekstar og  intervjuopptak med personar frå heile landet og alle samfunnslag om livserfaringar knytta til migrasjon frå og til Noreg gjennom dei siste to hundre år, sikre langtdsbevaring a v samlinga i ein offentleg finansiert biblioteks- eller arkivinstitusjon, og legge samlinga til rette for bruk i offentleg ordskifte om migrasjon og for bruk i formidling, forsking og annan kulturproduksjon.

Metode:

Breidt samarbeid med Den nasjonale komiteen for utvandringsmarkeringa, Landslaget for lokalhistorie, andre frivillige kulturvernorganisasjonar og musé over heile landet.  Lokale og/eller tematiske  innsamlingar av migrasjonsminne, i samarbeid mellom frivillig kulturvern, abm-institusjonar og skular.  Ei spørjeliste med innsamling av skriftlege tekstar om migrasjonsminne. Ein serie formidlingsarrangement i løpet av 2025.  

Framdriftsplan:

Framdrift (siste øvst):

10/4: Forteljarkveld på Sunnfjord Museum i Førde. Dagen etter blir det intervjuopptak med enkeltpersonar om migrasjonsminne. 

01/04: Søknad sendt Sparebankstiftelsen DNB  om hovudfinansiering av prosjekt Migrasjonsminne 

18/3: Fyrste møte i Styringskomiteen for prosjektet 

04/03: Møte med gen.sekr. i Slekt og data med spørsmål om ein liknande samarbeidsavtale som Landslaget. Avventar tilbakemelding. 

03/03: Positivt svar frå Tamilsk Diaspora Arkiv. Dei vil gjerne bli med i prosjektgruppa, og Baheerathy Kumarendiran stiller i styringsgruppa. 

02/03: Prosjekt Migrasjonsminne presentert for regionleiarmøte i Landslaget for lokalhistorie. Svært positiv respons frå alle regionar.  

14/2: Samarbeidsavtale mellom Memoar og landslaget for lokalhistorie signert - Kari Omholt går inn i styringsgruppa. 

Migrasjonsminne-Prosjektskildring.pdf

Sjå heile prosjekt-skildringa med planar for minne-innsamlinga om migrasjon. Planen er å starte arbeidet i juni 2024.

3/3: Tamilsk Diaspora Arkiv blir med i prosjekt Migrasjonsminne og Baheerathy Kumarendiran går med i styringsgruppa 

14/2: Landslaget for lokalhistorie blir med i prosjekt Migrasjonsminne og nest-leiar Kari Stumberg Omholt går inn i styringsgruppa 

Budsjettering av lokale prosjekt:

Memoar kan bidra med kurs og trening for historielag eller andre som vil aktivisere frivillige i minneinnsamling. Vi kan også utfør profesjonelle munnleg historie-intervju på oppdrag - og vi kan gjere etterarbeidet (redigering, dokumentasjon og publisering/avlevering). 

Informasjon om dei ulike "pakkene" finst på sida www.memoar.no/produksjon 

Tidlegare migrasjonsprosjekt:

2023

I prosjektet "Nye stemmer - samme samling" samarbeider mellom Memoar med Vestnorsk Utvandringssenter 

2022 

Memoar markerte Migrasjonsdagen 2022 med ei nettutstilling som stilte spørsmålet Kva er ein bergenser? 

2021

2021: Prosjektet "Mat og meg" samla 50 videointervjuer om matvaner i endring i Oslo og Viken