idear

Ingen er berre ei forteljing

Kvar einaste menneske er tusen forteljingar. Mange tusen! 

Kunsten å skape munnleg historie handlar om å lytte fram mangfaldet i forteljarane sine livserfaringar.

Kunsten å dokumentere munnleg kjeldemateriale handlar om å peike ut "perlene på snora" 

Formidlingskunsten  handlar i høg grad om å løfte fram slike enkeltforteljingar frå mangfaldet:  

Dei som blei rike ...

som skapte myterne om det løfterike landet, om å starte med to tome hender  Korleis klarte dei det? Kva kosta det dei? Kva måtte dei la være å tenkje på? Og kva gjorde  det med dei?

Kvinnene som reiste

som trassa kjønnsroller og folkesnakk og la i veg: Kva hende med dei? Og kva slags minneforteljingar lever om dei? Og dei som drog i nyare tid - kva førte dei med seg? 

Dei som måtte vente..

Som kanskje kunne ta seg frå Finnland eller glesbygden i norra Sverige, til Finnmark eller Troms. Men som så måtte tene seg opp pengar til billetten over havet..

Dei som drog i sinne 

mot familien, eller trangsynet, eller armoda, eller eller ein trulaus kjærast.  Historier som kanskje ikkje kan forteljast, men som likevel har levd og overlevd generasjonaar

Diaspora - kor lenge?

Til alle tider har folk vandra ut og inn av land og kulturar. Kor lenge er dei annleis enn fleirtalet? Kor mange generasjonar er du norskamerikanar - eller kven eller tater eller jøde? 

Dei som ikkje kunne..

som blei verande tilbake, som sleit med eit barn på armen eller ein klamp om foten, som venta og venta, og til sist gjekk bort i naud og i skam  Fins det minner om dei? 

Dei som kom tilbake..

Det var folk som kom tilbake, med pengar eller nye kunnskapar eller verktøy eller pågangsmot - eller kanskje alt i hop.  Kva sette dei for spor? Kva lever i dag, langs dei spora?

Dei som lengta

som angra og drøymde om å få reise heim, medan åra gjekk og det dei lengta etter blei borte slik at tapet blei dobbelt  Kan deira smerte forteljast?

Eventyrarane?

Dei som alltid måtte vidare - som trassa kvar ein lagnad og alltid såg det gyldne på den andre sida, tømmeret - gullet - forretningane - løysingfa eller redninga....

Dei som fekk kall..

som valde traurige kvardagar bort for draumen om Paradis eller Guds beløning eller nytinga i ekstasen. Kva slags ettermæle fekk dei?  

Dei som gjekk vest..

som berre blei borte eller gjekk til grunne eller så blei funne i ørkenen Sur. Dei er også ein del av historie om korleis vandring har prega vår tid 

The brave and free

Er dei støypte av same stoff, dei som drog med Restaurationen i 1825 og dei som legg ut med morkne gummibåtar frå Libya i dag? 

To minneunivers...

Bryllupsfilmen i fargar frå Sotra 1947, eller etterlatne brevsamlingar, eller forteljingar som har levd i det munnlege  på den eine eller andre sida av havet.... 

Kjærleiken...