Pilotprosjekt?

Alt i før sommaren 2024 tar prosjekt Migrasjonsminne sikte på å starte arbeidet med opp til fem delprosjekt.  Alle skal handle om innsamling, dokumentasjon. bevaring og formidling av munnleg historie i form av intervju. Tema kan vere utvandring, innvandring, diasporaliv - eller kanskje helst alle tre.  

Ta kontakt med prosjektleiar:

Vi håpar på å få "frikjøpt" Sebastian slik at han kan arbeide full tid med prosjektet. 

Inntil vidare må han passe arbeidt til på fritida - derfor er epost mest effektive kontaktmetode.  sebastian@memoar.no 

Vi kjem gjerne på styre- eller lokallagsmøte:

Vi har lang erfaring med oppstart og gjennomføring av minneinnsamlingar. Vi delar gjerne desse med styre, utval eller medlemsmøte. 

Fram til vi har finansiering, må vi ha dekka reise og tapt arbeidsforteneste for slike møter - 2.500 + reise frå Bergen

Slik brukar vi å bygge opp eit delprosjekt:

Ide:

Dette er dei kreative sin beste periode: Fyrst fritt fram for store vyer - så innstramming til litt meir realisme.....

Partnarskap:

... i alle fall nok til å få likesinna partnarar til å tenne på idéen og bli med på litt meir konkret planlegging.

Konkretisere plan:

Det vil seie mål, metode, etikk, fyrste versjon av emneord, kven skal intervjuast, kven skal intervjua - osv, osv. 

Budsjett:

Og kva kjem det til å koste? Nå er det i allefall viktig å tenke heilt konkret - på tid. transport. lokale, mat, parkering..... 

Sal og søknader:

Og korleis skal vi få betalt? Kan vi selje noko til ein sponsor? Kan vi søke støtte? Kan vi ta billettar eller kursavgifter?

Plan- og budsjettevisjon:

Og når vi har fått svar på alt dette må vi ganske sikkert gå gjennom på nytt for å sjå kor vi kan stramme inn og kutte.....

Organisering:

Så tek moroa til. Ein må ha hovudansvar. Ho eller han må ha med folk med rett kompetanse. Og alle treng hjelparar. 

Gjennomføring:

Har vi gjort god jobb til nå, så brukar sjølve prosjektarbeidet å gå som ein leik. Mellom oss: Gjennomføring ER som ein leik!

Fullføring:

Det KAN likevel røyne på mot slutten. Det KAN vere fristande å ta nokre snarvegar. Men me må halde på entusiasmen heilt fram!

Sluttrapportering:

Og då vert også sluttrapporten lett å skriva. Alt vi fekk til må med. Og alt me måtte gjere på ein annan måte. Og kvar krone.