Åseral

Åseral er - så langt vi veit - den fyrste kommunen i Noreg som har skrive innsamling og bevaring av munnleg historie inn i kommunen sin kulturminneplan. Der står det også at dette arbeidet skal skje i samarbeid med Memoar. Dette starta tidleg i 2020. På grunn av koronapandemien var det fleire utsetjingar før det lukkast å smette inn eit tre-dagars oppstartprogram like før andre bylgje av pandemien sette inn.

I dagane 12-14. oktober 2020 blei det gjort ein serie intervjuopptak. Arbeidet med å dokumentere dei i form av logging og tekstsamandrag er i full gang, og nye opptak er også i gang. Nedanfor finn du meir informasjon om korleis dette foregår og korleis frivillige kan hjelpe til.

Les meir om kurset i 2020 her.

https://www.aseral.kommune.no/kulturminne.512195.nn.html