Fjaler

Samarbeidet mellom Memoar og Jakob Sandesenteret i Fjaler tok til  i 2020, og fyrste gjennomførte fellesprosjekt var arrangementsrekka "Frå munnleg historie til forteljekunst" under arrangementet Fest i Fjaler i august 2021.  Samarbeidet besto av ei kursrekke, fyrst to timar om munnleg historie med Bjørn Enes, deretter to timar om munnleg forteljekunst med Aslak Moe - og til sist to timar om personleg forteljing ved Jeaninne Masika Harrysson.

Parallellt med kursrekka samarbeidde vi også om ideane i praksis: Dale-veteranen Svein Solheim vart fyrst intervjua av Bjørn Enes (sjå www.memoar.no/fjaler/solheim) Deretter brukte forteljekunstnar Johanne Øvstebø Tvedten og regissør Aslak Moe dett intervjuet som råstoff for ei scenisk forteljing som vart framført søndag 15. august.

Seinare har samarbeidet halde fram - både med innsamling av munnleg lokalhistorie og - ikkje minst - med å eksperimentera med samanhengane mellom munnleg historie og forteljekunst. 

2021: Forteljinga om Svein Solheim 

Svein Solheim er bygningsingeniør egentleg. Og takstmann. Og han dreiv butikk med maling og byggevarer. Men fyrst og fremst er han ein stor forteljar. Han vaks opp som nabo til klokkargarden. Far hans var ven med Jakob Sande. Og Svein hugsar eller kjenner ettermælet til dei fleste av dei som Jakob hadde i tankane  då han dikta.  Han blei intervjua av Bjørn Enes i 2021. 

2021: "Å segle ut - å segle heim"

Forteljekunstnar Johanne Øvstebø Tvedten framførte denne forteljinga på Jakob Sande Senter for forteljekunst i Fjaler den 15. august 2021. Framføringa var sluttpunkt og høgdepunkt på eit samarbeid mellom Tvedten, regissør Aslak Moe, minnesamlar Bjørn Enes og veteranen Svein Solheim frå Dale i Fjaler. Samarbeidet var organisert av Jacob Sandesenteret sin kunstnariske leiar, Liv Hege Skagestad.

2022: Forteljing om Hans Bjarne Haugen 

Hans Bjarne vaks på Steia gard, utan å vite at han ein dag skulle bli eigar der. Då han tok over, var gardsdrifta avslutta og inntektene borte, samtidig som vedlikehaldskostnadane tårna seg opp. På same tid gjorde historia  om Nikka Vonen det umogleg å la forfallet ta over. 

Opptaket av intervjuet som låg til grunn for denne attforteljinga er også bevart, men er sperra med passord inntil vidare. 

2022: Forteljinga om Steia 

Denne garden midt i Dale - Nikka Vonen sin gamle Pikeskole - har vore rammene rundt store deler av livet, både for Odd Bjordal og Hans Bjarne Haugen.  Ingen av dei hugsar forhistoria. Men garden si historie etter at Nikka Vonen testamenterte eigedomen til gardsguten sin, er dei begge ein del av.  Begge hadde delt forteljingane sine med Bjørn Enes i forkant av desember-arrangementet i stova på Steia, der dei delte med forteljingane med publikum. 

2023: Forteljinga om Sivert Sunde

I hundre år har det vore lok på historia om  Sivert Sunde. Han tok livet sitt sommaren 1927.  Det   var ei  opprivande hending. Det blei sagt,  at dette skulle  det ikkje snakkast om.  På overflata respekterte folk det. Jakob Sande skreiv eit opprivande dikt, men alle år blei det sagt at det handla om ein sau eller ein stut eller eller ein hund.  

Sommaren 2023 blei loket lyfta av.  Og alle kunne sjå, at i den munnlege kulturarven i Dale  var forteljinga høgst levande.  Det er bakgrunnen for denne forteljinga om.