Infrastruktur

Memoar nyttar eksisterande "hyllevarer" som verktøy til dei ulike delane av arbeidsprosessane våre, medan vi venter på at det skal komme gode spesialsydde løysingar. Arbeidsprosessane handlar kort sagt om å skape,  lagre og fomridle minnemateriale. Veldig kort forklart består infrastrukturen av opptaksprogram frå Obsproject. mellomlagring i Dropbox,  dokumentasjon med vanlege Google-verktøy, (unntaksvis nyttar vi Benevis til autotranskripsjon),  WeVideo til redigering av video, Vimeo til publisering av video, Google Sites til nettside og Wordpress til blogg. I tillegg nbyttar vi Minner.no  for avlevering til Norsk etnologisk gransking og/eller Norsk Folkeminnesamling.

Memoar arbeider for at det skal bli mogleg å avlevera bevaringsverdig munnleg kjeldemateriale til offentleg arkiv i Noreg. 

Vi meiner at enten Nasjonalbiblioteket, Riksarkivet, Riksantikvaren eller ein ny offentleg eigd institusjon må ta dette ansvaret slik at framtid og nåtid kan få tilgang til uredigerte  lyd- og videopptak  der primærkjelder frå vår tid fortel med eigne ord om sine liv - kva dei har sett og opplevd.   Vi fylgjer spente med på utviklinga av Samla.no - eit nytt felles digitalarkiv for kulturhistoriske samlingar i Noreg. 

Historielag, andre frivillige organisasjonar, musé eller andre innsamlarar som treng å redusera kostnader til teknikk og arkivering, kan bli med å dele på Memoars mellombels infrastrukturen. Ta gjerne kontakt :-)

Avtalar

AVTALESKJEMA

https://www.dropbox.com/login

OPP TIL SKY

https://docs.google.com/spreadsheets/d/16yX_w1Ljgni874UWhVlO4Y4rVT3b517qq1pWqTMg5ko/edit#gid=668235811

LOGGESKJEMA

https://forms.gle/jY2WktnFQ6jUdN6y9

OPNE ARKIVKORT

Infrastruktur-Memoar

Innsamling 

Permanente studio. Består av kamera, ekstra grafikk-kort,  PC eller Mac med programvaren Open Broadcaster Software , ekstern mikrofon og tre lys.

Mobile studio. Består i utgangspunktet berre av kamera med stativ. Me har også gjerne med to ekstra lys. Viss vi skal gjera fleire opptak etter kvarandre, har me også gjerne med ein PC og eit ekstra grafikkort - same som i permanent studio.

Fjernintervju: Under koronapandemien i 2020 tok vi til å gjere intervjuopptak i form av videokonferansar.Det gjorde det mogleg å gjennomføre intervju utan mittefare. Det viste seg og å ha andre fordelar - som reduserte reisekostnader, kortare veg frå avtale til opptak - og nokre forteljarar trivst betre med å sitje ved sin eigen PC en å dra til eit studio. 

Enklaste løysing:  I dag går svært mange rundt med ein utmerka lyd- og videoopptakar i lomma. Opptak med mobiltelefon - fortrinnsvis på stativ - er eit fullgodt alternativ, i ale fall for kortare opptak. Me tilrår gjerne det i prosjekt som involverar born og ungdom.

Mellomlagring:

Arbeidsarkiv:

Memoar har en stor Dropbox-avtale. Munnleg historieprosjekt som treng mellomlagring i skya kan leige plass hos Memoar.  

Personmappe vert etablert for kvar forteljar. I løpet av etterarbeidsprosessen skal personmappa fyllast med opptaksfilar, samtykkeerklæring, logg, tekstsamandrag, avleverings- og publiseringsklar video og eventuelt samtykke til publisering.

Opptaksfilar vert snarast råd lasta opp til ei mappe i Dropbox. Samarbeidspartnarar som ikkje har eigen profesjonell Dropbox kan sende via ei delt transportmappe eller andre trygge filoverføringsystem. 

Tilgang til opptaksfilar får berre forteljar, intervjuar. Dersom dei godkjenner det, blir tilgang også gitt til loggar og redigerar som er godkjend av Memoar og som har signert taushetserklæring.

Logg er eit oversyn over innhaldet i intervjuopptaket i form av stikkord og tidskodar. ("Intervjuet minutt for minutt")

Tekstsamandrag er ein fritekst som gir eit oversyn over intervjuet i ei form som eignar seg til publisering.

Avtale om opptak og bruk av opptaket (samtykkeerklæring) Signert avtale mellom forteljar og intervjuar. Sjå meir om avtalen her. 

Portrettfoto av forteljaren (Ikkje påkravd, men eit ynskje)

Dokumentasjon 

Redigeringsprogram: Memoar har avtale med WeVideo som har eit enkelt, skybasert redigeringsprogram. Munnleg historieprosjekt som ynskjer det, kan leiga ein av våre lisensar for å redigera video. 

Logging og tekstsamandrag: Memoar brukar normalt Google Sheets  til logging og Google Docs  til tekstsamandrag. Alternativt kan også Open Office eller Microsoft Office brukast. Når logg og tekstsamandrag er ferdig, vert det lasta opp i arbeidsarkivet, evt. via epost til Memoar.

Avleveringsarkiv:

Komplette personmapper blir flytta til avleveringsarkiv. Dette er også ei Dropboxmappe. Memoar arbeider for at det skal bli etablert eit offentleg norsk "evighetsarkiv" for munnleg historie  etter mønster av British Library . Me kjem til å behalda vårt avleveringsarkiv fram til ei slik løysing er på plass. 

Arkivering/avlevering:

Mellombels privatarkiv: Fram til spørsmålet om "evighetslagring" av munnleg historie i Noreg er løyst, driftar vi eit mellombels privatarkiv i form av ein mappestruktur i Dropbox. Denne er i same struktur som vår mellomlagring av kjeldemateriale under arbeid. 

Formidling 

Memoar.no: Memoar sin viktigaste formidlingskanal er vår eiga nettside. Den er bygd opp at ei veksande samling underside for kvart prosjekt. Alle intervju som er offentleg delte av forteljaren, vert publiserte der. Det vert også utdrag som er produsert for bruk i formidling. 

Memoar.blog: Bloggen vår er stadig i utvikling. Etter kvart er planen at den også skal innehalda formidling av munnleg historie.

Minner.no: Innsamlingsverktøyet Minner.no  er også ein publiseringskanal. Memoar deltar i prosjektarbeid for å utvikla Minner.no  slik at den kan bli stadig viktigare i arbeidet med munnleg historie i Noreg. 

Vimeo.com/Memoar: Videopubliseringstenesta  Vimeo  er vårt hovudverktøy for publisering av munnleg historie i form av video, ved sida av Minner.no 

YouTube:  For publisering av korte videoar til bruk i formidling, brukar me gjerne YouTube. 

Stubb.no:  Vi eksperimenterar med formidling av munnleg historie gjennom geotagging - geografisk plassering av korte forteljingar. Vi ynskjer å utvikle eller knytte oss til ein mobilapplikasjon som som kan formidla forteljingar når ein er på staden dein handlar om. 

I tillegg samarbeider me gjerne med andre for å bidra med munnleg historie til undervisningssektoren, arkiv, bibliotek og musé. 

Deling av infrastruktur:

Deltakarar på kurs og samarbeidspartnarar under oppstart av lokalt eller tematisk innsamlingsprosjekt (typisk etter kurs) får bruke Memoar-infrastrukturen fritt.

Det betyr: 

Dersom / når det lokale eller tematiske prosjektet veks opp og står på eigne bein, kan dei vere med å spleise på den same infrastrukturen. Vi har brukt å ta 2000,- kr/år for den tida prosjektet pågår. 

13. nov 2021: Arkivseminar 

Hilmarfetivalens arkivseminar: Memoar og Folkemusikksamlinga i Nord-Trøndelag har saman førebudd ein diskusjon om arkiv og immateriell kultur. Medan folkemusikken har lang erfaring med arkivbygging, så er "eit munnleg riksarkiv" fyrste og - så langt - einaste sak på Memoars politiske kravliste. Dessverre er Marit Westrum frå Folkemusikksamlinga blitt offer for haustens influensaepidemi. Dermed blir Bjørn Enes frå Memoar aleine om å innleie til diskusjon om korleis vi saman kan arbeide for å sikre at immateriell kulturarv frå samtid og nær fortid kan bli bevart for etterlekta. 

Klokka 10:00 i Lillesalen i Steinkjer Samfunnshus - og digitalt på www.Memoar.no.