Fartøyvern


Bildet frå intervjuopptak med Jan Willy Folgerød-Holm på Stord i august 2019 får stå som startpunkt på ei delprosjektside om munnleg fartøyvern. 
Ideen om eit slikt delprosjekt vert lansert i tidsskriftet Damskibsposten i februar 2020. Det er organet til Norsk Veteranskibsklubb - www.nvsk.no. 

Ideen går i kortversjon ut på fylgjande: 

Viss artikkelen vekker interesse blant fartøyvernarar, lagar vi eit tredagars kurs saman med Norsk Veteranskibsklubb. 

Dag 1:
Intervjuopptak. Minimum eitt intervju - maksimum ni intervju, kvrt på +/- 90 minutt. 
Memoar har hovudansvar for to intervjuseriar, viss det er trente intervjuarar blant deltakarane tar dei ansvar for minst ein serie.
Andre kursdeltakarar fordeler sog som observatørar og medintervjuarar på dei opptaka som blir gjort. 

Dag 2: 
Kurs om munnleg historie i teori og praksis. 

Dag 3: 
Praktisk samarbeid om etterarbeid til intervjuopptaka frå dag 1. 
Logging, tekstsamandrag, planlegging av utdrag til formidling, avlevering til Minner.no,    

Etterpå: 
Organisering av innsamlingsprosjekt om munnleg fartøyverm. 
Lokal partnar avtalar opptak og bruk av opptaket og lagar skriftleg avtale med forteljaren. 
Lokal partnar gjer intervjuopptak, og lastar råopptaket opp til lånt plass i Memoars skybaserte arkiv. 
Viss ikkje lokal partnar har redigeringskompetanse, gjer Memoar redigeringa av fyrste versjon. 
Lokal partnar gjennomfører dokumentasjonsarbeidet og definerar eventuelle sekvensar som må gjernast frå originalopptaket. 
Lokal partnar eller Memoar redigerar ein eventuell andre versjon .
Lokal partnar eller Memoar lastar opp til Minner.no og evt. Vimeo. com. 
Forteljaren tar stilling til om optaket skal delast / publiserast eller berre vera for forsking. 
Ferdig - klar for nytt intervju. 

Lokallag av Norsk Veteranskipsblubb som ynskjer å diskutera ein slik plan kan skreiva til post@memoar.no eller ringa 55 20 15 55 




Comments