RADØY Då krigen kom til Noreg, var det tre kommunar på Radøy; Manger, Sæbø og Hordabø. Ein av dei første krigsdagane møttest ordførarane i dei tre kommunane saman med lensmannen og soknepresten. Dei vart samde om at alle skulle bli verande i stillingane sine, for å hindra at tyskarane og NS skulle erstatta dei med nye nazivenlege folk. Ein ville freista å gjera det beste ut av det utan å gå i teneste til okkupantene, trass i at mange meinte at det rette ville vera å trekkja seg frå stillingane sine. Nordhordland var ikkje av dei regionane som vart hardast ramma av den tyske okkupasjonen, men det var ulikt korleis folk opplevde den nye tida. Nokre stader såg dei knapt ein tysk soldat i desse åra, medan det andre stader var tett kontakt med okkupantene. Dette gjaldt særleg der tyskarane bygde festningsanlegg og andre byggverk. Slikt arbeid førte med seg at mange kunne få godt betalte jobbar i tysk teneste, noko som vekte harme hjå mange. Men det var stor fattigdom, og fleire såg ikkje anna utveg til å brødfø familien. Derimot var det stor harme mot nordmenn som gjekk stort inn i tyskararbeid og tente store pengar på det, som dei såkalla “brakkebaronane”.
Varemangelen var stor, og det var ikkje alle som hadde gard og kunne få mat frå drifta. Dei såkalla forsyningsnemndene fekk ei viktig rolle i fordelinga av varer, der alle viktige vareslag var rasjonerte og skulle fordelast rettferdig gjennom rasjoneringskort. Bøndene fekk ikkje fritt bruka av varelagra sine, men vart kontrollerte av nemndene. Overskot vart rekvirert til offentleg omdeling. Dette var sjølvsagt ikkje alltid like populært.
Det offentlege livet opplevde store endringar under okkupasjonstida. Det nye NS-regimet ønskte kontroll med skule, kyrkje, organisert idrettsliv og politi/rettsvesen. Det kom til store konfrontasjoner på desse områda, då nordmenn nekta å bøya seg for dei nye direktiva om å innordna seg “den nye tida”.
Dette ga seg m.a. utslag i at den norske kyrkja braut med statsmakta. Soknepresten i Manger, Otto Holmås, mista dermed den statlege stillinga si (og løna si) og måtte halda fram som ein slags “privat” prest.
Derimot blanda tyskarane og NS seg lite inn i det lokale kristne lagsarbeidet, som fekk operere relativt fritt. Dette var eit arbeid som stod sterkt på Radøy i denne tida.
500 lærarar som protesterte mot det nye styret vart sendt til Kirkenes, men ingen frå Radøy. Det store fleirtalet av dei lokale lærarane heldt fast på passiv motstand, det er berre kjent eit par lærarar som gjekk inn i NS.
Det organiserte idrettsarbeidet på nasjonal basis vart lagt ned i protest mot innblanding frå dei nye styresmaktene. Derimot oppretta ein lokale idrettsforeiningar, og t.d. mange fotballklubbar såg dagens ljos på Radøy. Dette vart sett på som viktig for å oppretthalda solidaritet og ein fast front mot tyskarane og NS.
Mange ungdomar såg det som si plikt å ikkje berre yta passiv motstand, men og gå inn for aktiv motstand mot okkupantane.
| Dette ga seg utslag i flukt til England for å slutta seg til dei allierte styrkene der. Det illegale arbeidet i Radøy gjekk mykje ut på å organisera fluktruter over Nordsjøen. Fluktarbeidet var særleg konsentrert om Skaganeset. Seinare vart det oppretta fleire lokale motstandsgrupper i Nordhordland, der Bjørn West gruppa i Matrefjella er den mest kjente.
Kvinnene sin innsats har lett for å verta gløymd, i skuggen av meir heroiske forteljingar om menn i strid. Men utan det slitsame kvardagsarbeidet for å halde hus og heim i drift, kampen for å få mat og klede for ein ofte stor familie, ville det gått mykje verre. Matmangelen var stor, trass i arbeidet til forsyningsnemndene, og husmødrene var ofte fortvila over kor lite dei kunne by familien.
Ein må heller ikkje gløyma den store innsatsen som krigsseglarane gjorde, i alliert teneste for å frakta krigsviktig materiell fram til fronten under svært farefulle tilhøve. Her var det fleire frå Radøy som gjorde ein stor innsats.
Meir informasjon om tilhøva på Radøy under okkupasjonen kan du få i minneboka “Krigsår på Radøy”, utgjeve av Radøy sogelag 2011.
MELAND - militære installasjonar
Skjellanger fort vart først etablert i 1939, og skulle saman med Herdla fort sikre det nordre innløpet til Bergen. I 1940 var berre tre brakker og eit par kanonfundament delvis klare.Tyskarane fulgte dei norske planane og fullførte utbygginga av fortet, som stod ferdig i september 1940 med 3 stk 15cm L/50 Armstrong kanoner som hovudskyts.
Håøy fort vart bygd ut på slutten av 1800-talet, for å beskytte innløpet mot Bergen. I 1940 vart batteriet etter kvart oppgitt, og mannskapet beordra til Voss (Kystartilleriavdelinga på Voss). Flatøy flystasjon vart teken i bruk den 10. Juli 1920, og heldt til på området der Frank Mohn as er i dag (eit par av flyhangarane står der framleis). 9. april vart det gitt ordre om å evakuere stasjonen i frykt for tysk angrep. Dei flya som kunne reddast unna flaug vekk, og resten vart øydelagt i det tyske angrepet på Flatøy 20. april. Tyskarane tok seinare over anlegget som sjøflybase. For å holde kontroll på skipstrafikken nordetter frå Bergen, oppretta tyskarane kontrollstasjonen på Flatøy. Alle skip som skulle nordetter fra Bergen måtte innom for kontroll her. Under okkupasjonen vart Skurtveit stabshoved-kvarteret for Artilleri-Gruppe Hjeltefjord. Denne artillerigruppa var på 9 kystbatteri og 1 torpedobatteri, og hadde som mål å beskytte den nordre innseglinga til Bergen.
Lenkjer okkupasjonstida i Nordhordland
|
Nordhordland
Per Rossland, Meland
00:00 Barndom og oppvekst 00:34 Levevilkår 00:50 Før 9.april 01:25 9.april. Mobiliseringa 02:30 Møte med dei første tyskarane i 1943. Evakuering | 03:20 Fangeleirar og russerar 05:20 Arrestert av tyskerane 05:30 Levevilkår under krigen. Mat og svartebørs. |
Einar Solberg, Meland
Åra før krigen jobba eg som løpargut hjå handelsmannen og bar varer til flystasjonen på Flatøy. Her var det ei sjøflyhavn der ca. 50 norske marinefolk var stasjonert. 8.april 1940 høyrde me på nyheitene at tyske skip i Skagerak var på vei nordetter, og at alle fyr langs kysten skulle slokkast. Dagen etter gjekk dei seks Heinkelflya som var stasjonert på Flatøy på vengjene for å møta dei tyske angrepsflya. Men dei fekk ikkje gjort nokon skade på dei tyske flya.
Konene og ungane til offiserane som var stasjonert i sjøflyhavna på Flatøy, vart evakuert til Romareid. Familien vår evakuerte til ei kusine der me fekk liggja på eit rom som høyrte til Bjelland Hermetikkfabrikk. I mellomtida blei ein tysk båt bomba utanfor Flatøy. Mannskapet tok seg inn i det tomme huset vårt. Her fyrte dei opp ovnen og tok med seg alt det me hadde lagt igjen av tørre klær. Då me seinare søkte om å få erstatta klærne våre, fekk far min beskjed av tyskarane om å senda rekninga til engelskmennene. Det var dei som hadde bomba den tyske båten.
17.april kom tyskarane til Flatøy der flystasjonen no fungerte som tysk kontrollstasjon. Samstundes tok tyskarane to gislar på øya vår og gav beskjed om at dersom dei vart skote på, så ville gislane verta henretta. Alle vart nøye kontrollert, sjølv om det berre var fem minutt å gå heim frå kaia.
Når me skulle reisa med skøyta vår til Bergen, måtte me segla nærme land, og me måtte segla i sikksakk. Sjøen rundt øya vår var minelagt, og på kvar topp på øya var det anten plassert ei kanon eller ein lyskastar. Private hytter på øya vart rekvirert, og der budde dei sivile tyskarane som reparerte flya når dei vart skada."
"Om natta kunne me høyra på flyduren om det var engelske eller tyske fly som kom. Radioen vår var innlevert, men me heldt oss likevel orientert. Då me såg flagget verta heist borte på Salhus, visste me at krigen var slutt. Me ungdommar fekk beskjed om å overta vakthaldet på Flatøy, og me gjekk vakter fram til karar frå Bjørn West overtok for oss."
Simon Simonsen, Meland
Husmødrene var nøysomme og flinke til å utnytta råvarene. Dei fleste handla på krita, og mange kan takka dei lokale landhandlarane for viljen deira til å hjelpa folk med mat i krigsåra. Me hadde opp til seks månader kreditt hjå grosserarane, og me kunne dermed gi folk i bygda like lang kreditt.
Eg var 10 år då krigen slutta. Me born gjekk bak som rævdiltarar då naboen kom med hest og kjerre for å henta ut radioane frå lageret der dei hadde stått i alle krigsåra. Norge hadde eit dårleg forsvar i 1940. Til gjengjeld hadde me ein godt utbygd sivil beredskap som fungerte bra. Handelsmenn langs heile kysten sørga for at lokalbefolkninga fekk eit minimum av mat."
"Eg er imponert over den sivile beredskapen i krigsåra. Me hadde store lager med konsentrert mat, med lang holdbarheit, og me var dermed førebudd då krisa kom. Før krigen var det stor fattigdom blant folk flest. I dag er det eldreomsorga som ligg dårligst an. Dei som var med å byggja opp landet vårt etter krigen er i dag dei som er minst tilgodesett. Eld
Aslaug Sudmann, Meland

Magne Skjellanger, Meland
"Me born hjelpte til heima på garden i 1930-åra. Det var ikkje rare prisen på mjølkeskvetten som me leverte, så me hadde det smått. Ein vinter hadde me det ekstra trongt. Då greide me ikkje å betala gjelda på 26 kroner til handelsmannen. Eg hadde ei tante i Bergen, og det hendte me fekk ein tur dit når me skulle til tannlegen. Å koma til tannlegen var ingen spøk på den tidea 9.april 1940 skulle eg inn til Bergen, men rutebåten hadde slutta å gå.
Det tok ei stund før dei fyrste tyskarane kom til Skjellanger. Dei kom hit etter at kampane på Voss var over, og dei tok inn på ei brakke på det gamle festningsanlegget på øya vår. Anlegget var delvis oppbygd før krigen og var laga for kanonstillingar. Allereie den første dagen byrja tyskarane å fullføre dei resterande 10 meter med veg som mangla fram til festningen som skulle sikre innløpet til Bergen. Lyskastarar vart sette opp, og ein av dei vart retta mot huset vårt. Me budde 30 m frå der dei bygde vegen, og fleire av romma i huset vårt vart rekvirert av tyskarane. Me fekk ha kjøkkenet vårt for oss sjølve. Tyskarane hadde feltkjøkken ute på gardsplassen.
Dei to første åra av krigen budde eg heime på garden og arbeidde som gardsgut i Kårbø. Der hadde jeg kosten, og det var ikkje så lite berre det. Dei skaut på meg frå fortet ein gong eg skulle heim med sjekta, og eg var ikkje høg i hatten då prosjektila gjekk gjennom seglet på sjekta. Eg var inne på forbode område. Det var mykje drivminer i fjorden, og rutebåten vart kontrollert på Flatøy før han fekk lov til å gå vidare til Bergen. I 1942 rekvirerte tyskarane resten av huset vårt og me flytte til Øygarden. Kyrne våre tok me med oss, men me fekk lov til å koma heim til garden når me skulle slå høy til kufor. Høyet vart frakta i båt til Øygarden.
Våren 1944 fekk eg jobb som gardsgut på Jæren. Her var gardane større og sesongen var lang. Då eg kom dit i april sto allereie kornet høgt. Eg kom attende til Øygarden hausten 1944 og her var eg då freden kom. Dei andre som budde på Skjellanger fekk flytta attende til heimane sine til i 1943, men huset vårt vart ikkje frigjeve før krigen var slutt. Det vart ein del jubeldagar utan like då freden kom. Folk fekk radioane sine attende, men i Øygarden var det ikkje straum og radiobatteri var ei mangelvare.
Me fekk ikkje høyra nyheiter under krigen, men me høyrde rykter om Bjørn West og at noko gjekk føre seg i Masfjorden. Og hendingane i Telavåg gjorde eit voldsomt inntrykk på oss. Ein av kjenningane våre var frå Telavåg. Han hadde sjekte og henta sild hos oss."
Video kjem seinare
John Pettersen, Radøy
00:20 Oppvekst 01:27 Levevilkår den gong 03:05 Jolaftan 03:40 Fritidsaktivitetar 05:14 Forloving 06:07 Sjømannsliv 11:00 9.april 13:25 Militær opplæring i USA i norsk bataljon 17:35 Til England 1943, trening natt og dag 20:10 Invasjon i Norge? 20:40 Førebuing til invasjonen i Normandie 22:00 Kvardagsliv i leiren 23:55 Invasjonen | 26:45 Mine opplevingar før invasjonen 31:00 Landing 32:57 Fæle inntrykk 33:40 Framrykking 34:55 Blanda velkomst av dei sivile 35:47 Møte med Eisenhower 40:30 Gjennom Frankrike med gen.Patton 41:40 Gjennom "heile" Europa 42:24 8.mai 1945 ingen fest 43:00 Til Norge, æresvakt for Kongen 44:44 Møte med jenta mi, giftarmål 49:00 Åra etter 1945, tilbake til USA 52:05 Liv i USA 54:00 Tilbake til Norge, tek over farsgarden 1953 55:50 Politiske synspunkt |
Gunstein Kolstad, Radøy
Mally Kjeseth, Radøy
Mally Kjeseth frå Radøy, fødd 1913, var nummer sju i ein syskenflokk på 13. I ein alder av 85 år fortel ho her om livet sitt. Faren og bestefaren var yrkesmilitære. Borna vaks opp på ein gard langt fra byen, og ein måtte sjøvegen når doktor skulle bodsendast. Torv til brensel vart samla heile året, og alt av mat og klær vart produsert heime på garden. "Besteforeldra mine budde i huset vårt, og bestefar var svært streng. Men me hadde ei god barne- og ungdomstid. Me hadde ungdomslag, og når me ville danse drog me ut av bygda til andre ungdomshus. Julaftan var ei stor høgtid, medan 17. mai var midt i våronna og var arbeidsdag. Men søndagen var fast kviledag. Eg gifta meg i 1935 og har født fire born. I 1941 braut det ut 17 tilfelle av poliomyelitt her på Radøy. Mange av dei borna som ikkje døydde fekk varig skade. Eg hadde ein son på fire år som døydde i denne epidemien. 9.april 1940 høyrde me på nyheitene kva som var skjedd. Då mobiliseringsordren kom, vart to av brørne mine sende til Voss. Eg var ikkje einig i at Norge skulle mobilisera mot ei så stor overmakt. Det hadde lenge vore nedbyggjing av forsvaret, og då krigen kom hadde me ikkje noko å stille opp med militært, uansett. Me budde på ein veldig roleg gard. Det var ingen tyskarar stasjonert der me budde, og me såg lite til okkupantane. Men eg var redd når eg høyrde flyalarmen og når dei bomba. Eg beundra svogeren min som var lensmann då krigen kom. Han sa opp stillinga si då han fekk påbud om å melde seg inn i NS. Bøndene var populære under krigen fordi dei hadde mat, og slekt og vener kom til garden vår. Me hadde nok mat, og det einaste eg kan sei om mitt engasjement under krigen, var at me delte all maten me hadde med dei som trong det. Og me tok imot folk frå Bergen som hadde flykta heimefrå. Det fanst folk i bygda som hadde meldt seg inn i NS. Og det var tronge tider, så det hendte at folk tok seg tyskararbeid for å få til livets opphald. Eg kjente jenter som gjekk med tyske soldatar og vil ikkje døma dei. Me er berre menneske. Det er ein naturleg prosess at kvinner og menn vert tiltrekte av kvarandre. Kjærleikslivet er som døden. Døden kjem og den spør ikkje om du er rik eller fattig." "Einar Gerhardsen var dyktig. Men så hadde han og medvind med seg! Sjølv stemmer eg Senterpartiet ved alle val, for jeg kjenner meg heime i dette partiet. Utdanninga mi er husmorskule og livets skule, men eg var med og starta Bondekvinnelaget her i bygda i 1951, og har site i styret i Bondekvinnelaget i 22 år." |
00:15 Barndom og oppvekst 03:00 Julaftan som høgtid 04:00 17.mai 05:05 Ungdomstid; ungdomslag og bedehus 07:30 Bondekvinnelaget etter krigen 09:00 Minne frå krigstida, vitjing av tyske offiserar 11:00 Giftarmål 11:35 9.april 13:50 Politisk syn 14:25 Delte mat 14:45 Fredsdagane 16:16 Tyskarane på Radøy 16:40 Kjente du NS-folk? 17:50 Tyskarjenter 20:20 Ikkje radiolytting | 21:26 Kvardagsliv, polioutbrot 22:40 Var du redd? 23:10 Tok imot flyktningar frå Bergen 23:40 Kontakt med tyske soldatar? 24:10 Utdanning, organisasjonsarbeid, politikk, arbeid i Bondekvinnelagt 29:50 Vestlendingar og austlendingar 32:10 Synet på NS 33:50 Rettsoppgjeret 34:40 Det positive og negative ved krigstida, tyskararbeid 36:50 Kven beundra du under krigen? 38:30 Hugsar du spesielle tyskarar? 39:30 Syn på samfunn og politikk i dag |
Gabriel og Birgitta Nordanger, Radøy
I dette intervjuet fortel ekteparet Birgitta og Gabriel Nordanger frå Radøy om sine barne- og ungdomsår, om krigsår med lite mat, og om dei store gledesscenene då krigen var slutt. Begge ektefellene vart fødde i 1907, og begge vaks opp i ein stor søskenflokk. Dei gifta seg i 1931 og hadde små born då krigen kom til Norge i 1940. "Det var stor armod i vår barndom. I bryggehuset sto det skrive: "Havregrauten hennar mor gjer guten sterk og stor." Men på julaftan hadde me litt ekstra godt å eta. Då fikk me smør på flatbrødet, og det hende at me fekk ei halv appelsin eller eple. Når isen la seg på vatnet, gjekk me på skruskøyter og me laga sivbåtar om sommaren. I ungdommen gjekk me på dans, og det hende at det oppsto slåsskampar utanfor danselokalet. På bedehuset gjekk det litt rolegare for seg, og det hende at me gjekk der og. Me tok oss arbeid som tenestefolk på gardane, og det var slik me traff kvarandre. Me gifte oss i 1931, og ungane våre var små då tyskarane kom til Radøy. Ungane trengte mat og me fekk ikkje handla på kreditt. Eg tok meg arbeid på eit veganlegg for å få pengar til mat til borna. Ein gong som eg prøvde å kjøpa ein sei av ein fiskar, spurte han meg om eg ikkje kjende skam fordi eg gjorde tyskararbeid. Eg spurte han om ikkje han og kjende skam fordi han selgte fisk til tyskarane. Det endte med at eg fekk kjøpt fisken. Den dag i dag kjenner eg skam fordi eg var med og utførte arbeid for tyskarane. Ein tysk offiser gav meg ein sigar då eg greide å knuse ein stor stein som dei hadde prøvd å fjerna i åtte dagar. Og då kona mi skada seg stygt, vart ho bandasjert av ein tysk soldat. Han ville ikkje ha pengar for det. Tyskarane oppretta leir for russiske fangar på Radøy. Det var vanlege soldatar frå Wehrmacht som passa på dei, og eg trur fangane vart behandla bra. Dei russiske fangane var flinke til å reparera ting, og vaktene gav folk lov til å gi dei spekesild og flatbrød. Me beundra dei som me leigde husrom av på Nordanger. Dei hadde sjølv mange born som skulle ha mat. Likevel hende det at dei delte mjølka si med borna våre. I ein ubevakta augneblink, medan eg jobba på veganlegget, putta eg under gensaren min dynamitt, lunter og fenghetter. Eg var livande redd då jeg kom i ein tysk kontroll, men eg fekk teke sprengstoffet heim, der det vart gøymt unna." "Me svolt ikkje, me fekk ordna mat til borna våre og me lærte oss å vera nøysomme. Men det var godt å vita at ingen tyskarar lenger kunne plaga oss. Då ei skulelærarinne fortalte oss at krigen var over, fann eg fram dynamitten som eg hadde stole frå tyskarane. Om kvelden samla folk seg, då brukte me dynamitten til å skyte ein dundrande fredssalutt". |
|
|
Sigvald Marøy, Radøy
00:00 Oppvekst og levevilkår 01:35 17.mai 02:20 Skulen 04:40 Fritid og arbeid, torvtaking 05:40 Fiske 09:50 Mat 11:00 Arbeidstilbod 12:15 Respekt for sjøen, den tidas symjeopplæring 13:50 9.april 16:35 Interesse for politikk og organisasjonsliv 19:30 Illegalt arbeid, Englandsfarten 23:25 Tyskarane overtek Marøy 25:50 Samver med tyskerane 28:50 Russerane og fangeleirane | 30:00 Kanoner på plass, farlege minefelt 32:20 Kjente du NS-folk? Kven ville vinne krigen? 33:10 Fredsdagane, tyskerane jubla 34:15 Korleis me feira dagen 35:00 Illegale aviser 36:00 Ditt syn på rettsoppgjeret 37:20 NS 38:30 Det positive og negative med krigen 39:20 Personar eg beundra 40:00 Måtte vere forsiktige i omgang med tyskerane 41:20 Kunne du tenkje deg å dra til England? 41:50 Ditt syn på dagens politikk og samfunn? |