Hovudprosjekt i utvandraråret:
Memoarprosjektet Gjenstandsminne handlar om å dokumentere litt av den munnlege kulturarven som er knytta til gjenstandar med historisk verdi. I denne videoen viser Johannes Bertin Birkeland rundt på bygdemuseet i Nordanger i Alver. Det er han som har bygd opp den imponerande samlinga gjennom eit langt liv. Hn fortel til Bjørn Enes frå Memoar.
Store og små musé i heile landet er avhengige av gjenstandsgåver frå private og bedrifter.
Men: Historiske gjenstandar har også ein immateriell dimensjon: Der er forteljingar og personlege minne, ord og uttrykksmåtar, ritualar og tradisjonar, sosiale relasjonar og - ganske ofte - mytologi.
Prosjekt gjenstandsminne handlar om å samle inn slik immateriell kulturarv knytta til gjenstandar.
Den som skal gi gjenstanden, kanskje i lag med ein eller fleire som har brukt eller kjenner til bruken, møter ein minnesamlar som gjer video- eller lydopptak av forteljingane deira. Normalt foregår det som ein uformell og hyggeleg intervjusamtale. Gjenstanden er med !
Dei som blir intervjua og intervjuaren avtalar at opptaket kan gjerast, at det kan bli arkivert og at intervjuaren kan lage eit utkast til publisert versjon. Så bestemmer ho eller han som har blitt intervjua om det kan bli publisert, og om muséet kan bruke filmen.
I 2025 kan det søkast støtte til produksjon av munnleg historie om gjenstandar frå Migrasjonsminne Støttefond dersom gjenstandane har migrasjonshistorisk interesse. Det kan også søkast støtte frå musé som kan få bruk for gjenstandsforteljingane.
Ta gjerne kontakt med post@memoar.no for å drøfte idéar til Gjenstandsminne-produksjonar!
Vestnorsk Untvandrarsenter på Sletta i Nordhordland er eit av mange musé som gjerne tar imot gjenstandar som det knyter seg migrasjonsminne til.