Nordhordland‎ > ‎

Magne Skjellanger, Meland

lagt inn 29. sep. 2019, 00:09 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. sep. 2019, 00:18 ]
Magne Skjellanger vaks opp på eit småbruk i Meland kommune. Han var den førstefødte av tre brør. Etter at tyskarane kom til øysamfunnet i Meland for å byggje opp eit kystbatteri, vart småbruket til familien rekvirert, og i 1942 måtte familien Skjellanger flytta til Breivik i Øygarden. Her var dei fram til frigjeringa i 1945.

    "Me born hjelpte til heima på garden i 1930-åra. Det var ikkje rare prisen på mjølkeskvetten som me leverte, så me hadde det smått. Ein vinter hadde me det ekstra trongt. Då greide me ikkje å betala gjelda på 26 kroner til handelsmannen. Eg hadde ei tante i Bergen, og det hendte me fekk ein tur dit når me skulle til tannlegen. Å koma til tannlegen var ingen spøk på den tidea 9.april 1940 skulle eg inn til Bergen, men rutebåten hadde slutta å gå. 

Det tok ei stund før dei fyrste tyskarane kom til Skjellanger. Dei kom hit etter at kampane på Voss var over, og dei tok inn på ei brakke på det gamle festningsanlegget på øya vår. Anlegget var delvis oppbygd før krigen og var laga for kanonstillingar. Allereie den første dagen byrja tyskarane å fullføre dei resterande 10 meter med veg som mangla fram til festningen som skulle sikre innløpet til Bergen. Lyskastarar vart sette opp, og ein av dei vart retta mot huset vårt. Me budde 30 m frå der dei bygde vegen, og fleire av romma i huset vårt vart rekvirert av tyskarane. Me fekk ha kjøkkenet vårt for oss sjølve. Tyskarane hadde feltkjøkken ute på gardsplassen. 

Dei to første åra av krigen budde eg heime på garden og arbeidde som gardsgut i Kårbø. Der hadde jeg kosten, og det var ikkje så lite berre det. Dei skaut på meg frå fortet ein gong eg skulle heim med sjekta, og eg var ikkje høg i hatten då prosjektila gjekk gjennom seglet på sjekta. Eg var inne på forbode område. Det var mykje drivminer i fjorden, og rutebåten vart kontrollert på Flatøy før han fekk lov til å gå vidare til Bergen. I 1942 rekvirerte tyskarane resten av huset vårt og me flytte til Øygarden. Kyrne våre tok me med oss, men me fekk lov til å koma heim til garden når me skulle slå høy til kufor. Høyet vart frakta i båt til Øygarden. 

Våren 1944 fekk eg jobb som gardsgut på Jæren. Her var gardane større og sesongen var lang. Då eg kom dit i april sto allereie kornet høgt. Eg kom attende til Øygarden hausten 1944 og her var eg då freden kom. Dei andre som budde på Skjellanger fekk flytta attende til heimane sine til i 1943, men huset vårt vart ikkje frigjeve før krigen var slutt. Det vart ein del jubeldagar utan like då freden kom. Folk fekk radioane sine attende, men i Øygarden var det ikkje straum og radiobatteri var ei mangelvare. 

Me fekk ikkje høyra nyheiter under krigen, men me høyrde rykter om Bjørn West og at noko gjekk føre seg i Masfjorden. Og hendingane i Telavåg gjorde eit voldsomt inntrykk på oss. Ein av kjenningane våre var frå Telavåg. Han hadde sjekte og henta sild hos oss."


Video kjem seinare



Comments