Nordhordland‎ > ‎

Aslaug Sudmann, Meland

lagt inn 29. sep. 2019, 00:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. nov. 2019, 09:42 av Mobilstudio Memoar ]
Aslaug Sudman fra Meland vaks opp som nummer fem i ein syskenflokk på åtte. Faren var småbrukar og steinarbeidar og familien levde stort sett frå hånd til munn. Før krigsutbrotet hadde Aslaug Sudmann gått førstehjelpkurs. Straks etter 9. april 1940 meldte ho seg til innsats for dei norske troppane som tok del i trefningane på Voss.

  
"17 år gamal byrja eg på Salhus Veveri og budde på hybel. 9. april vakna eg av duren frå tyske fly, og litt seinare såg eg at dei var i kamp med engelske fly. Fyrst forsto eg ikkje alvoret. Da mobiliseringsordren kom, reiste me to jenter saman nordetter. Me ville slutta oss til dei norske styrkane på Voss. 11. april kom me til folkehøgskulen i Førde, der me vart innkvarterte saman med nærare 600 frivillige. Me var tre jenter som ordna med mat til alle saman. Omsider kom det kokkar frå militæret og hjelpte til.

Me tok ikkje sjølve del i kamp, men etter kvart kom mange av karane som hadde vore med i kampane på Voss. Dei var i sjokk då dei kom til oss, og sto opp om natta for å gøyma seg i skogen. Dei trudde dei vart angrepne av tyske fly. Eg hadde ikkje sagt frå på jobben på veveriet kvar eg var no. Det var jo full mobilisering, så ein var vant med at folk ikkje møtte opp på arbeidsplassane.

Eg reiste frå Salhus attende til Flatøy 1942. Øya var bomba av engelske styrkar i 1940. Hadde dei truffe det tyske ammunisjonslageret, hadde det ikkje vore stort att av øya. På Flatøy var eg dei tre siste krigsåra. Det budde tyske soldatar i alle sommerhusa, og det var tyske antiluftstillingar her. Eg trur dei vart bygde av polske krigsfangar. Men tyskarane hadde ein veldig moderat sjef. Han har vore på besøk på Flatøy etter krigen.

Eg tror ikkje det var NS-folk på øya, men det var dei som var stripete, og nokre av jentene i lokalsamfunnet fekk seg tyske kjærestar. Mange gutar prøvde å koma seg over til England, og bror min omkom i 1943 under freistnad på å ta seg over i båt. Mat var det dårleg med. Me malte opp poteter som me blanda med fiskemjøl. Eg tåler ikkje lukta av potetkaker den dag i dag. Og stanken frå den heimeavla tobakken var forferdeleg. Båtar som tok passasjerar trafikkerte strekninga Flatøy – Bergen. Båtane måtte ta omvegar, for det var minefelt overalt. På Flatøy var det tysk kontrollstasjon, og alle båtane som passerte måtte gå til kai for å verta kontrollerte."

"Då frigjeringa kom var det som om me kunne pusta ut. To av brørne mine gjekk bort under krigen. Tyskarane som var på Flatøy, verka også glade over at krigen var slutt. Dei reiste frå Flatøy få dagar etter freden. Eg gifta meg straks etter krigen og har i dag fem vaksne barn."

Opptaket vart gjort på Meland 10. desember 1998. Intervjuar var Jan Eidi, fotograf var Jostein Saakvitne. Tekstsamandraget og loggen er gjort av Johan Knutsen. 

Aslaug Sudmann


https://vimeo.com/237714098
00:00:00Personalia. Født på flatøy, far hadde ein liten gard og dreiv med steinarbeid. Flystasjonen på Flatøy, tilknytta kystartilleriet, seinare marinen.
00:01:10Levekår på Flatøy. Hadde åtte søsken, var nummer fem i rekka, tri brødre.
00:01:50Julaften, julefeiring. Fisk til middag. Presangar. Fekk klede og ei dokke.
00:02:30Følgte ikkje med på den politiske situasjonen i Europa. Begynte å jobbe på Salhus Veveri 17 år gammal i1935/36.
00:03:30Pendla ikkje over fjorden, budde på hybel, fekk ikkje full løn før ho fylde 18 år, tente 9 kroner i veka, betalte ei krone i leige, fabrikken leigde ut, trakk leige frå løna.
00:04:30Salhus Veverier Aktieselskab eigde veveriet. Høyrde rykte, vakna til flydur om morgonen 9. april
00:05:30Greit med mat i byrjan, seinare minka det, fekk mat heimefrå på garden.
00:06:20Hadde fått førstehjelpskurs før krigen, reiste til Valestrand og melde seg til teneste, reiste til Voss.
00:07:55Folk samla seg på folkhøgskulen i Førde, 600 stykker, ett par dagar etter krigsutbruddet.
00:09:30Dramatisk tur med skjøyte over Osterfjorden. 23 år gammal, gav folk mat og stelde, travelt, vart avløyste av militærkokkar.
00:10:30Soldatar kom frå Voss, nervevrak, gjøymde seg i skogen om natta, vanleg at dei stakk av, mange menn forsvant, full mobilisering.
00:11:30Jobba på akkord, returnerte til Flatøy i 1942, alt var harmonisk på Flatøy, moderat tysk sjef, Hillbricht, sosialiserte med folk, kom på besøk att etter krigen.
00:13:00Tyskerane bygde bunkerar, antiluftskyts, kontrollstasjon. Tyskerar overalt. Krigsfangar, tvangsarbeid, hadde ein viss fridom. Forstod dei ikkje.
00:14:40Båt beskutt av engelskmenn. Mange tyskerar døde. Rett etter krigsutbruddet. Engelskmenn bomba tvers over Flatøy. Målet var flystasjon og ammunisjonsdepot.
00:16:30Mange tyske arbeiderar på Flatøy, og nestan alle på Flatøy jobba for tyskerane, ingen innmeldt i NS, nokre «stripete», ei gifte seg med tysk soldat.
00:18:10«Synst du at kjærligheten skal ha landegrenser?». Ingen frontkjemperar til østfronten, men mange reiste til England. Ingen til Sverige.
00:19:00Rasjonering, lite mat der det var mykje menn, tåler ikkje lukta av potetkaker, fiskemjøl, fekk eksem av erstatningssåpa, heimedyrka tobakk lukta vondt.
00:20:00Rasjoneringskort på brennevin og tobakk, benytta seg ikkje av det. Fekk ny lensmann.
00:21:00Gjekk på sykurs i Bergen. Alt var mørkt om kvelden. Gjekk lite ut om kvelden. Normale tilstandar om dagen. Minefelt til sjøs.
00:22:00Kontrollstasjon på Flatøy. Gestapo, Milorg, heimefront, bror var aktiv, forliste på veg til Shetland.
00:23:40Tælavåg. Radio. Høyrde ikkje på nyhende. Ingen illegale aviser.
00:24:30Dagleglivet på Flatøy, skaffe mat og klede til alle.
00:25:00Frigjeringa mai 1945. Hugsar ikkje så mykje, pusta lettare, tyskerane vart annleis, blidare, letta. Fleire tyskerar enn nordmenn på flatøy, reiste nokre dagar etter freden.
00:26:10Rettsoppgjøret, tenkte ikkje på det, ordførar i Istedal og ein bakar i Lille Bergen vart straffa.
00:27:00Gifta seg etter krigen, fem born.
00:27:50Noreg etter krigen, har det godt, ikkje politisk aktiv, stemmer venstre.
00:28:30Innvandring, synst synd på flyktningar, assimilering.
00:29:00Pensjonisttilværelse Les mykje,Trygve Guldbrandsen, slektshistorier, jamnt liv. Skjellsetjande hendingar, viktige personar.
00:30:30Einsemd. Folk må ta initiativ for ikkje å bli einsame, organisasjonsarbeid, Misjonsforeningen, Bondekvinnelag, eldresentert.
00:31:30«Gud er død», gud lever, ellers ville livet vært utan meining. Ein må væra positiv og blanda seg med folk.
00:32:35Slutt.
Ċ
Bjørn Enes,
27. okt. 2019, 05:42
Comments