Infrastruktur‎ > ‎

Kamera

Erfaringar med kamera:

Memoar har ikkje agentur eller andre avtalar med leverandørar. 
Me får svært ofte spørsmål om kva slags utstyr med tilrår. 
Informasjonen som fylgjer nedanfor er våre erfaringar med bruk av konkret utstyr. 
Gå gjerne kritisk gjennom våre vurderingar saman med kompetente rådgjevarar  - og send oss svært gjerne andre sine erfaringar! 

"Utstyrsstrategi": 
Heilt sidan starten i 2015 har Memoar eksperimentert med enkelt og rimeleg utstyr ut få det syn at terskelen skal vera låg både for historielag, privatpersonar og ABM-institusjonar. Det er innhaldet som er viktig - avansert utstyr kan gjera meir skade enn gagn for uøvde folk. 

Me har gode erfaringar med tre kamera:  




Zoom HandyCam Q8:
- God lydopptakar: To standar mikrofonar er ofte nok for intervju i stille rom. 
- XLR-Inngangar for to eksterne mikrofonar
i tillegg. 
- Brukbar videoopptakar.  Vidvinkel linse  gjer rette liner til krumme, men ikkje verre enn at det går. 

Pris: Ca 3.500,-  + minnekort. 
Tilrådd ekstra: Reservebatteri . 

 


Zoom Handy Cam Q2N
- Overraskande god lydopptakar. 
- Ikkje XLR-inngangar - men dermed er der også ein mindre innstilling å tenkja på... 
- Overraskande god videoopptakar i den nye 4K-utgåva. 
- Men veldig lite display. Fungerar godt kopla til PC. 

Pris ca 2500 + minnekort. 

OBS: Ikkje oppladbare batteri. Men opptakaren kan brukast på nettstraum frå ein vanleg mobil-ladar.


Mevo:
Det mest særskilte med dette kameraet er at det har ein "robot" som produserar biletvariasjonar som om ein hadde fleire kamera. Utgangspunktet er eit vidvinkel 4K-bilete. "Roboten ser etter andlet og rørsler - og lagar klipp i det store biletet. Det kan også styrast manuelt frå eit nettbrett eller ein mobiltelefon.  Litt plundrete - men svært vel eigna særleg til opptak av to eller fleire personar i samtale. 

Pris ca 8.500,- pluss minnekort. 

Comments