Bergen

https://www.bergen950.no/
Saman med  Amatørkuluturrådet og ei rekke andre organisasjonar i Bergen tar Memoar i Bergen sikte på å gjera 950-årsjubileet i 2020 til ei kraftig markering av den munnlege kulturarven i byen. 

 Hovudideen er å bygga opp ei stor samling livslps- og tematiske intervju og å gjera den tilgjengeleg - mellom anna gjennom ein mobilapplikasjon slik at fastbuande og tilreisande kan gå rundt i byen og høyra lokale forteljingar om dei stadene dei går forbi. 

Meir informasjon om dette kjem på undersida www.memoar.no/950 
 Ta kontakt med post@memoar.no  

Idepresentaqsjon - "Bydelene forteller":




Kreativitet gjennom 80 år:
  
Den 30. september 2019 markerte Fridalen Skole sitt 80-års jubileum. Førebuingane til markeringa inneheldt mellom anna oppstart av eit samarbeid med Memoar om innsamling og formidling av munnleg kulturarv på Landås. Sjå meir på prosjektnettsida www.memoar.no/bergen/fridalen



























Eksplosjonen på Vågen:
Den 30. oktober 2018
gjennomførte Memoar og Lokalhistorisk avdeling  på Bergen off. bibliotek  eit forteljarpanel om eksplosjonen på Vågen i april 1944.  Sju forteljarar som alle opplevde eksposjonsdagen som born, delte minne med kvarqandre og med publikum. Samtaleleiar var Bjørn Enes frå Memoar. 

Om Memoar i Bergen:
Memoar starta innsamling og formidling av munnleg historie  Bergen i 2015. 

Saman med Bergen offentlige Bibliotek driftar me eit INTERVJUSTUDIO som alle innbyggarar i Bergen kan nytte gratis. 

Me arrangerer kurs for forteljarar og intervjuarar, me samarbeider med musé, sogelag og andre om innsamlingar av munnleg kjeldemateriale, og me formidlar munnleg histoire gjennom digitale media og publikumsarrangement.

I februar 2017 fekk Memoar Bergen Kommune sin kulturvernpris for 2016 for arbeidet vårt. 

Frå 2018 er det eit mål å bygga opp ein lønna prosjektleiarstilling

Les søknaden til Norsk Kulturfond:
 
https://docs.google.com/a/memoar.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=bWVtb2FyLm5vfGJlcmdlbnxneDoyMmViZGFmZGZkMDcyOTVj
Lag forteljingar!
Sidan desember 2016 har Memoar hatt eit tilbod om å hjelpa til med intervjuopptak i Sudio 1 i Bergen Bibliotek kvar onsdag.

Dersom du ynskjer å b li med i arbeidet for å ta vare på og dela forteljingar om livs-, yrkes-, lokal- eller slektshitoria, er du velkomen til å bestille time.

Du kan koma for å fortelja til ein av Memoar sine frivillige intervjuarar - eller du kan kome for å få litt hjelp til å gjea gjera eigne intervju.

Forteljaren bestemmer kva som skal skje med opptaket.  

Memoar oppmodar forteljarane til 1)å avlevere forteljingar der forteljaren er primærkjelde til offentleg arkiv, og 2) til å dele forteljingane med samtida gjennom www.memoar.no og www.minner.no

Memoar kan hjelpa med begge deler. Finn ledig tid på kalenderen - og send ein epost til post@Memoar.no 


https://sites.google.com/a/memoar.no/memoar/bergen/PubliserteIntervju-300.jpg