bergensminne

Hvordan ble Bergensskolen digital?

Øystein Berentsen og Sigbjørg Brodin fortalte om innføringen av IKT i Bergensskolen på "Bergensminne" på Bergen off. Bibliotek den 20. februar 2024.De to har i en årrekke vært ansvarlige for opplæring av lærere i bruk av data i undervisningen. I dag er begge pensjonerte lærere som har erfaring i datasystemer fra Tiki-maskinene til Windows, og alt imellom. Arrangementet ble en spennende prat om levd liv i den digitale tidsalderen.  Intervjuere var Sebastian Kaasa og Florentino Bulnes. 

Gruppa som arbeider med å utvikle "Bergensminne" består av Sebastian Kvamsdal Kaasa,  Ada Freng, Florentino Bulnes , Arve J. Nilsen,  Kari Thorkildsen,  Mariela Drejer Norheim og Bjørn Enes.  

Vi arbeider med planar for tre "Bergensminne" i haust - 12. sepember, 10.oktober og 21. november.  Alle vil handle om levd liv  som "mikrohistorie": Gjennom intervju/samtale med interessante enkeltpersonar eller små grupper vil vi  få fram korleis alle er og har vore med å skape den historia  som har ført fram til dagens lokalsamfunn.  Vi arbeider med tre ulike tema for dei tre komande arrangementa:  Samtalen med Konow-Lund vil handle om oppvekst og vaksenliv i kunstnarmiljø, til neste arbeider vi med migrasjons- og integreringshistorie, og på siste Bergensminne før jul vil vi vendetilbaketil datahistoria. Digitalisering i skulen er dettemaet vi arbeider med der.  

Meir detaljar kjem etter kvart som  gjestene takkar ja til invitasjonane våre!  Kom gjerne med tips til vårprogrammet - fyl ut og send skjemaet, eller skriv til bergen@memoar.no 

16/1-24: Om eksplosjonen på vågen 

Hvordan var det å oppleve eksplosjonen på Vågen?

Kom og hør Sandviks-jenten Ruth Irgens fortelle om barndommen i Bergen under krigen, om spennende år i Etiopia, «Eventyret Norge» og tilbakereisen til Bergen. Irgens er 91 år gammel, hun har skrevet en rekke memoarer om livet sitt, og lot ikke pensjonisttilværelsen være en stopper for et aktivt og innholdsrikt liv.

"Bergensminne" er et samarbeid mellom Memoar og Bergen off. Bibliotek, om formidling av muntlighistorie. Intervjuere tirsdag 16. januar blir Sebastian Kaasa og Bjørn Enes. Arrangementet blir i Auditoriet i underetasjen på Bergen off. Bibliotek

21/11: Anne Ørvig - Mitt liv - med Ljudmil Nikolov

Hva var det som gjorde at en lærer på Stord forelsket seg i en vokalist i et bulgarsk danseband?

Kom og hør Anne Ørvig fortelle om opplevelser, samvær og ekteskap med Ljudmil Nikolov, den kjente dukkeskuespilleren på Hordaland Teater. Han var en multikunstner, skuespiller, maler, tegner og sanger. Han hadde så mye å by på til folk rundt seg, men døde dessverre altfor ung, bare 68 år gammel.

Intervjuerevar Kari Thorkildsen og Florentino Bulnes. Arrangementet blir i Auditoriet i underetasjen

10/10: Amiund Utne - om kompetansen etter tekstilindustrien 

Amund Utne satsa framtida si på Salhus Veveri. Men ikkje lenge etter at han var ferdig med utdanninga, vart veveriet nedlagt. Og 12 år seinare var også Tikotasjen historie. Hans livsforteljing er ei fargerik mikrohistorie om industrielle endringsprosessar - og om Bergens internasjonale sjel. Intervjuarar blir Kari Thorkildsen og Bjørn Enes.

12/9: Anne-Margrethe Konow Lund - 

Anne Margrethe Konow-Lund (93) bur i eit av Bergens mest særprega hus - "Sophies Minde" på Kråkenes ved Nordåsvatnet. Huset er interessant nok - men eigaren si livshistorie er i seg sjølv eit svært interessant og innhaldsrikt immaterielt kulturminne. Og i tillegg er ho ein strålande forteljar, som veit å skape bilde hos tilhøyrarane.  Det unge vaksenlivet førte henne rundt i etterkirgs-Europa, før ho starta eit langt liv som fransklektor i vidaregåande skule. Ho kom tilbake til barndomsby og barndomsheim i 1984, og har sida vore ein aktiv del av byhistoria. 

18/4: Kari Bakke i "Bergensminne" 

På siste "Bergensminne" før sommaren var Kari Bakke gjesten som blei intervjua, denne gong av Arve J. Nilsen og Kari Thorkildsen. Bakke er tidligere høgskolelektor i forming ved barnehagelærerutdanningen, Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Høgskolen i Bergen. Hennar  historie er fylt med endringar, i både høgskolen og barnehagesektoren. Ho fortalde levande om korleis ho "rømde" til Bergen - og korleis ho har følt seg heime her - heilt sidan ho bråvakna den fyrste morgonen her. Det var i eit hus på Skansen, den 17.mai 1971 - like ved saluttkanonene.  Dei som var til stade fekk møte ei kvinne som ga  oss mange friske livsperspektiv og historiar.  Opptak av heile sekvensen er har. 

21/3-23: Datahistorie med Svein Johannessen 

"Eldre folk - problem med data?? Det er jo vi som har laga det, for tusan!". Slik var  ein av spissformuleringane til Svein Johannessen - den aller fyrste som "kunne data" i Bergens Sparebank.  Han kom frå treårig EDB-ingeniørutdanning på Bergen Tekniske Skole i 1975.  Tirsdag 21/3 -23 delte han minner om 50 års levd datahistorie, frå dei aller fyrste rapporlistene frå kassa i banken og fram til dagen i dag, når  dei aller fleste har banken i lomma.... 

Intervjuararvar  Sebastian Kvamsdal Kaasa og Bjørn Enes.  (Lydkvaliteten på innlegg frå salen etter intervjuet vart så svak at vi berre har tatt med Svein sine kommentarar i ssite del av opptaket.) 

"Bergensminne" 21/2: Ei forteljing om Anne Sofi Grieg Moe (98) og Ragna Sofie Grung Moe

To kvinner - mor og dotter, som er frodige tidsvitner frå Bergens kunst- og musikkhistorie. Med fargerike minne frå to generasjonar formødre, gir dei glimt frå eit "positivt matriarkat" gjennom  160 år . "Bestemor var elev hos Edvard Grieg, og studerte som han i Leipzig. Men det var ikkje comme-il-faut at kvinner konserterte. Så ho spelte for gjester heime".  Og ut frå Grung- og Griegslektenes heimar og familietradisjonar vaks altså desse to livsforteljingane fram. I løpet av hausten har Bjørn Enes intrvjua dei fleire gonger. Den 21. februar 2023 fortalde han tilbake til dei to, på arrangementet "Bergensminne" på Bergen off. bibliotek.    

24/1-23: Intervju med Knut Krzywinski.

Den 24. januar var hovudgjesten på Bergensminne  Knut Krzywinski. Han hadde mykje å fortelje om viltre gutedagar i ein bergensk sjømannsfamilie, naturfaglinja på Katten på 60-talet ("det var lettare å imponere jentene på engelsklinja...."), universitetet på tidleg 70-tal ("den gong gjekk du på dei førelesingane du hadde lyst på...") og hans finurlege veg inn i biologien. Han fortalde om graving i gamle dassar for å finne ut kor gamal byen eigentleg er - og eit villniss av andre forteljingar som faget og pollen-analysering har ført han inn i. Mellom anna forteljinga om den gråtande kamelen hans, Drageblodstreet. Og geitene, ikkje minst.

22/11-22: Kari Thorkildsen 

Kari Thorkildsen hadde barndomen sin på Landås, den gong bydelen var under bygging og utvikling. Seinare var familien hennar tidleg ute med hus på Søreide. Ho utdanna seg til konfeksjonsteknikar, og hadde interessante år i konfeksjonsindustrien, før ho bestemte seg for å ta utdanning som førskulelærar. Det førte henne etter kvart inn i dramaarbeid og forteljekunst - og til lektorat på lærarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet.  Eksperiment 2 gjekk ut på at Bjørn Enes fortalde tilbake til Kari og publikum korleis han oppfatta henne som ei levande kjelde til kunnskap om Bergens utvikling etter krigen. 

25/10-22: Arve J.Nilsen

Arve Nilsen er ein person med lang og variert livserfaring. Han er tømrar av utdanning, har jobba i mange år med kulturvern og bygningsvern - og mange andre delar av kulturlivet. Dei siste åra har han vore avhengig av rullestol, det har også gitt han veldig interessant innsikt i korleis Bergen ser ut for uføre. 

Eksperiment 1 gjekk ut på at Kari Thorkildsen og Bjørn Enes  intervjua Arve - med vekt på å få han til å fortelje mest mogleg fritt.  Det blei ein interessant kveld! Klikk på videoen,  og sjå opptaket.