Bergen 950
I 2020 vart Bergen 950 år
Hovudprosjekt i utvandraråret:
I 2020 vart Bergen 950 år
Idéskisse - munnleg historie i Byjubileet:
Innsamling, bevarig og formidling av munnlege primærkjelder:
Innsamling:
Studiointervju i Bergen off. bibliotek,
mobile intervju heime hos kjelder som ikkje kan koma til biblioteket,
vandring-opptak til bruk i digitale vandringsruter. Det må skrivast avtale om arkivering og bruk med kvar forteljar.
Dokumentasjon:
Skriftleg dokumentasjon av innhaldet i opptaksfilane, i form av ein logg og eit tekstsamandrag.
Arkivering / avlevering:
Vi vil tilrå at bevaringsverdig munnleg historie blir avlevert Norsk folkeminnesamling pluss Spesialsamlinga i Bergen off. Bibliotek.
Når forteljaren godkjenner publisering, kan materialet også brukast i formidling.
Formidling:
Formidling i tre format:
Intervjuarkiv: Djupintervju med primærkjelder publiserte på eigne nettsider. (Eksempel: www.memoar.no/bergen)
Forteljingar: 4 – 6 min. lange utdrag frå intervju som kan står for seg sjølve, (Eksempel: www.memoar.no/bergen/eksplosjonen)
Stubbar: 30 - 120 sek. lange «gullkorn» med tilknytting til bestemte lokasjonar ((Eksempel: www.memoar.no/bergen/trikken)
presentasjonen her) (Last ned som PowerPoint)
Memoar kan bidra med:
Kurs: Vi meiner at det vil vera klokt å bruka jubileumsåret til å bygga kompetanse på det «nye» kulturarvsfeltet munnleg historie. Dei historielaga som er interesserte, er velkomne til å medarrangera fylgjande kurs:
intervjuopptak i Studio 1 Bergen Bibliotek. - Praktisk del (1 – 2 timar)
Opptak utandørs (langs vandringsrute) - Praktisk del (1 – 2 timar)
Etterarbeid med logging, tekstsamandrag og «gullkorn» - Praktisk del (1-2 timar.
Munnleg historie og munnleg kulturarv i Bergen - Teoretisk del (Minst 4 timar). Etikk, opphavsrett, avtalar, produksjonsplanlegging, intervjuteknikk, etterarbeid.
Slike kurs vil denne våren kunne finansierast av midler frå Sparebankstiftelsen DNB, og vil vera gratis for medarrangørar og deltakarar.
Produksjon:
For lag/foreningar som ynskjer å leiga hjelp, gjeld desse prisane. (Det vil vera mogleg å søka Bergen 950 om støtte):
Intervjuopptak video: kr. 1500,- per intervju. Dette inkluderar utstyrsleige og ein erfaren intervjuar som kan hjelpa til med og/eller gjera intervju i studio, utanfor studio/heime hos informanten eller utandørs. (Dersom reise-, rigge- og opptakstid blir meir en 3 timar, må me rekna kr. 650,-pr. time frå 4. time)
360graders foto langs vandringsrute: Kr. 1500,- pr bilde (inkluderar fotografering, opplasting av bilde og innlegging av klikkbare peikarar i bildet, publisering på Memoar-side og/eller link for innbygging på eigne nettsider)
Etterarbeid – videointervju: Kr. 3.000,- pr intervju. Inkluderar logg, tekstsamandrag, enkel redigering, opplasting til nett (Vimeo eller YouTube), avlevering til Minner.no (Norsk Folkeminnesamling) og link for innbygging på eigne nettsider. (tillegg ved intervju som er meir enn to timar lange)
Forteljarpanel: Kr. 1500,- per arrangement. Føresetnaden er at Memoar gjer intervjuopptaka, slik at vi kjenner forteljarane og deira historier. Slike panelsamtalar med tre til åtte forteljarar brukar å vere veldig vellukka publikumsarrangement.
Bergen 7/2 20120 – Memoar /BE
(Sjå