Hovudprosjekt i utvandraråret:
Til jubileumsarrangementet 5. september 2021, satte Saiejaha Sujanthan saman ei rekke korte utdrag frå Memoarintervju om levd liv på Møhlenpris.
Dette er eitt eksempel på korleis munnleg historie kan brukast i formidling.
Slike stubbrekker er enkle å lage, når det fyrst er samla eit lite "bibliotek" av godt dokumentert munnleg historie. Sportsklubben Djerv og Sydneshalvøyens Kulturhistoriske Lag har arbeidd saman med Memoar med å samle munnleg kjeldemateriale gjennom mange år.
Denne vesle filmen med glimt frå markeringa av 100-årsjubiléet på idrettsplassen, er laga av Neo Ottermöller, som då var 14 år. Han var ein av deltakarane på Memoars sommarskule i 2021.
Sportsklubben Djerv har vore ein viktig del av lokalmiljøet på Møhlenpris i Bergen i over hundre år. I løpet av den tida har ein betydeleg del av medlemmene blitt kvalifiserte for medlemskap i Gubbelaget. Det er ikkje lite historie - og ikkje få historier - som har blitt samla opp i den gjengen etter kvart. Den 25. februar 2020 delte fem av dei nokre av sine minne med Ada Freng, Margun Boge og Bjørn Enes frå Memoar. Det vart gjort opptak av seansen, og alle dei fem sa ja til publisering.
Direkte sending torsdag 4. juni 2020:
Historietorget på Møhlenpris har arbeid mykje og lenge med å samla og tilgjengeleggjera munnleg kulturarv på Møhlenpris, Sydnes og Nøstet.
I ei direkte sending frå Studio Memoar torsdag 4. juni kl. 17, vil dei fortelja om dette arbeidet.
Sendinga vil ha form av eit "talkshow" i serien "Bydelene forteller" frå Amatørkulturrådet i Bergen.