Einar Kristian Gjessing - 1

Publiseringsdato: 05.nov.2020 08:19:56

Einar Kristian Gjessing vart så å seie fødd inn i Bergen Brannvesen. Far hans, Sverre Gjessing, var branningeniør og budde i tenestebustad på Rådstuplass 2 då Einar vart fødd. I 1940 vart faren brannsjef, og i den stillinga vart han verande til pensjonsalder i 1966. Då hadde Einar gått i dei same spora, utdanna seg til bygningsingeniør og tatt over farens gamle arbeid som branningeniør. I 1969 vart han konstituert i stillinga som brannsjef, så var han varabrannsjef samanhengande til han overtok brannsjefstillinga att dei tre siste åra før han pensjonerte seg i 1993. I dette intervjuet fortel han glimt frå barndomen på hovedbrannstasjonen, ungdomsåra i Det Sivile Luftvern, eksplosjonen på Vågen, og glimt frå brannhistoria med både lukkelege og tragiske utgangar. Han fortel om organisatorisk og teknologisk utvikling i brannvesenet, utviklinga av førebyggande arbeid - og ikkje minst det mangeårige arbeidet for å få til eit brannhistorisk museum i Bergen.

Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen offentlige bibliotek den 23. januar 2017. Intervjuarar var Lars Voss Sørhus og Christina Frønsdal frå Bymuseet. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes frå Memoar

Du finn detaljar om innhaldet i intervjuet i stikkordslista nederst.