Flora‎ > ‎

Jostein Midtbø

lagt inn 5. nov. 2020, 06:32 av Bjørn Enes   [ oppdatert 7. nov. 2020, 00:57 ]

Jostein Midtbø vart intervjua heime på Midtbø i Norddalsfjorden 07.06.2020. Intervjuet handla i store trekk om livet i Norddalsfjorden før og no, om barndomsminner og dei gamle ferdselsårene over vatna og fjella. Vi fekk også snakka med Jostein om hans politiske virke, yrkesaktive liv som rektor ved fleire av skulane i tidlegare Flora kommune og hans engasjement for friidretten, naturen og friluftslivet. Jostein har skrive bok om dei gamle ferdselsårene over fjella og arbeider no med ei ny bok om Midtbøstøylen. Eit museum til minne om gamle gjenstander og levemåter er også under planlegging. 


Intervjuar var Harald J. Stavang. Dokumentasjonsarbeidet er gjort av Siri Linn Brandsøy. 

Jostein gav sitt samtykke til publisering den 04.10.2020. (Foto: Firdaposten).

Jostein Midtbø:



TRUELogg - Jostein Midtbø - 07.06.20
Intervjuar: Harald J. Stavang Namn. Loggar: Siri Linn Brandsøy
Flora Historielag
https://vimeo.com/455160340                                        PDF-versjon
Tid:Stikkord om innhaldetEmneord
00:00Inroduksjon av Jostein Midtbø - multimann, småbrukar, politikar, forfattar, engasjert naturmenneske og rektor. Tildelt Flora kommune sin kulturpris i 2000.
01:30Jostein om politikken før og no: - Vi var snillare med kvarandre før.Lokalpolitikk
04:36Første minne frå andre verdskrig 10. april 1940.Andre verdenskrig
07:15Om veg og kommunikasjon i Norddalsfjorden: Før vegen kom var vatna viktige ferdselsårer.Samferdsel
10:10
Kort om krigsåra i Norddalsfjorden: - Vi opplevde ikkje krigsåra som noko vanskelig her i bygda.
10:50Bestefaren til Jostein hadde ei kven nede i fossen som var blombert og han mol på oppdrag frå Statens kolforretning. Dei dreiv også med uløyves maling på nattetid.Bekkekvern
13:02Barndom og leik i Nordalsfjording: Bading og vinteraktiviteterBarndom og lek
17:26Konfirmasjonsførebuing i FlorøKonfirmasjon
19:07I tenåra vart Jostein veldig interessert i friidrett. Han trena saman med Magne og Martin Midtbø som budde på nabogarden. Stadion og hekkar stod dei for sjølv.Sport
21:13- Det var ikkje presentasjonane som var det store, men det var den gleda og samhaldet som vi hadde i idrettsmiljøet.
21:27Han heldt appell under Naustdalsstafetten: - I dag skal det ikkje vere taparar i Naustdal, berre vinnarar.Naustdal
22:25Tanker rundt profesjonaliseringa av idretten.
24:10Om yrkesvalg og lærarutdanninga. - Det var ein rask veg til inntekt.Læreryrke
25:16Første skulepost i Dale i Sunnfjord på Fjaler Linedelte ungdomsskule, delvis Falks pensjonatskule saman med Oddleif Fagerheim.Dale i Sunnfjord
28:40
Etter Dale jobba han på Solheim. - Då var det opna i regelverket for å tilsette rektor på tredelte skular.
31:40Rektor ved Eikefjord skule og Krokane skule.
34:13Tilbake til gardslivet i Norddalsfjorden. Jostein minnast at også bestefaren måtte ha anna virke ved sidan av garden. Han llaga mellom anna rivehovud og vaskestampa i si tid.Jordbruk
35:54Jostein forklarar kva rømmask er.Rømmekolle
38:26Dei gamle ferdselsvegane over fjellet. Jostein har skrive bok om ferdselsvegane saman med Arne Grov.Gamle ferdselsårer
41:40To historier frå boka: Ei om Ida Vonheim og sonen Olav, og ei om to karar frå Løkkebø som gjekk i fjellet for å hente ein vær då dei fekk skodda på seg.Ida Vonheim
46:02Historia om Rakel og korleis ho brukte nokre av dei gamle ferdselsårene.Gamle ferdselsårer
48:48Bestefaren til Jostein, Mats, var onkel til Thor Solberg.
53:16Då bestefaren (onkel Mats) var 95 år fekk han vere med på flytur med Thor og sjå fjella i heimtraktene frå lufta.Thor Solberg
56:38Om natur, friluft og helse: - Eg var så heldig å ha to onklar som lærde meg å bli glad i naturen.Friluftsliv
58:34Om tur i forteljartempo: - Dei seier noko om farten i turen og det du opplever undervegs.
1:01:00Tanker rundt å eldastAlderdom
1:02:35Om politiske kampar og Norddalsvassdraget der han sjølv hadde ei sentral rolle.
Norddalsvassdraget
1:07:42Om engasjementet sitt for vegutløysing i bygda.Samferdsel
1:08:46På garden på Tåene hadde onklane til Jostein laga sitt eige lite kraftverk, så dei hadde strøm før den offisielt kom til bygda i 63.Infrastruktur
1:10:00Den største skilnaden før og no er telekommunikasjonane. Før i tida hadde dei ein telefon på Solheim og ein på Midtbø. - Der var ikkje noko telefon i Sunndalen.Telekommunikasjon
1:11:14Ei sterk historie om ein gut i Grøndalen som var blitt sjuk og det vart sendt bod etter lege.Grøndalen
1:13:05Om mobiltelefonen og telekommunikasjon i dag.
1:16:05Harald: - Når du sitte i kårstolen og ser framover, går det an å tenke at her ende me teknologisk sett. Vi har vore på månen, men kjem vi til mars?
1:18:07Jostein skriv bok om støylen, og finn mykje glede i grindbygging og håndens arbeid. Han ser verdien i å ta vare på gamle gjenstandar og eit museum er under planlegging.Grindbygg
1:21:54Intervjuet vert avslutta med at Jostein deler nokre ord om kvifor han engasjerer seg sånn for å bevare arven til dei før oss.Kulturarv
1:24:21Intervju slutt


Ċ
Bjørn Enes,
6. nov. 2020, 06:24
Comments