Karmøy (prosjektside under utvikling)


Kurs og praktisk trening i munnleg historie på Karmøy 8-10.juni 2020 (tentativ dato):
Innsamling, dokumentasjon, arkivering/avlevering og formidling av munnleg historie. 

Stad: Åkrahamn Kystmuseum (tentativt)  

Dato: mandag 8-onsdag 10. juni 2020 (tentativt) 

Arrangørar:  Memoar, Åkrahamn Kystmuseum, Karmøy Kommune, Åkra Historielag  

  • Mandag 8/6-2020:
Intervjuopptak, med høve for kursdeltakarane til å vera med som observatørar eller medintervjuarar. 
Samarbeidspartnarane på Karmøy plukkar ut og gjer avtalar med dei som skal intervjuast. 
Det bør minst gjerast to intervjuavtalar,  f.eks. kl. 10 og kl. 12:30.  
Det kan gjerast opp til ni avtalar. (Fleksibiliteten er slik: Frå Memoar har vi med utstyr til tre parallelle opptak. Erfaringsmessig tar kvart intervju mellom 60 og 120 minutt, pluss litt førehands- og etterprat.  Vi i Memoar har gode erfaringar med at ein av oss gjer eit intervjuopptak med kursdeltakarane som observatørar. Deretter gjer kursdeltakarar intervjuopptak med oss som assistentar. 
  • Tirsdag 9/6-2020: 
Kurs - heile dagen. Vi brukar eit av intervjua frå dag 1 som eksempel på å gå gjennom etikk, avtalestruktur,  intervjuteknikk, verdien av munnlege kjelder, infrastruktur for arbeidsdeling, etterarbeid (logging, tekstsamandrag, emneordslister),  arkivering, avlevering, deling og eventuell publisering, munnleg historie som råstoff - produksjon av utdrag til utstillingar etc. 
Kurset vil gi eit oversyn over fagfelt og arbeidsprosess. For deltakarane  vil det gi godt grunnlag for eige arbeid med munnleg historie.  
  • Onsdag 10/6-2020: 
Praktisk arbeid med etterarbeid på opptaka frå dag 1, eventuelt nye intervjuopptak. For Memoar vil det også vera eit mål å avtala vidare samarbeid.  




Program for kursdagen 9/6 kl 09-15:30 

  • 09:00 - 10:30: Om intervjuet og intervjusituasjonen. Etikk og opphavsrett - avtale om bruk. Spørjelister og/eller fri forteljing.  Særtrekk ved munnlege kjelder og munnleg kulturarv. "Magien" i den gode samtalen. 
  • 10:45 . 11:30: Teknikk/infrastruktur og arbeidsprosess: Oversyn og demonstrasjon av utstyr og digitale hjelpemidler. 
  • 11:30 - 12:00: Lunsj
  • 12:00 - 13:30: Om etterarbeid og formidling: Feltdagbok. Dokumentasjon av innhald i redigert fyrsteversjon (logg og samandrag). Emneordlister. Presseetikk. Markering av "gullkorn" til bruk i forteljingar og stubbar. Publiseringsavtale. Opplasting til Minner.no 
  • 13:45 - 14:30  Formidling: QR-koding, YouTube, digitale applikasjonar - bloggar, presentasjonar og nettsider. Forteljarpanel. "Vidareforedling".
  • 14:30 - 15:30: Munnleg kulturarv på Karmøy - Idear til vidare arbeid.

Kursleiarar: 



Påmelding - kurs Memoar

Comments