Motkultur

Sist på 1960-talet bles det opp til endring i Noreg. Nye tankar, meiningar og subkulturar grodde fram. Nokre ble "mainstream". Andre finst berre i minneverda.

Nå vil Memoar samle, ta vare på og dele munnlege og skriftlege minneforteljingar frå desse endringstidene.

  • Vi har alt starta ein serie livsløpsintervju med personar som på ulike måtar tok del

  • Vi samarbeider med Folkemuséets innsamlingsverktøy Minner.no om å oppmode folk til å skrive om sine minner

  • Og vi samarbeider med andre for å digitalisere gamle fanziner og andre trykksaker som ikkje alt er arkiverte, og avlevere dei til Nasjonalbiblioteket for arkivering og tilgjengeleggjering.

Vi oppmodar alle som kan tenkje seg å bidra til å ta kontakt - skriv ein epost til post@memoar.no. Utgangspunktet er dette utkastet

(Gruppa som arbeider med prosjektutviklinga får tilgang til å samarbeide om dette dokumentet. Førebels gjeld det Cathrine Hasselberg, Audun Engh, Jostein Saakvitne og Bjørn Enes) .

Opptak av den aller fyrste digitale minnedelinga. Som alle eksperiment vart det ganske annleis enn vi hadde venta. Mellom anna møtte berre to opp! Men dei gjennomførte - og det gav meirsmak:

70-talet på Minner.no:

Parallellt med Memoar-prosjektet Motkultur har Folkemuseets innsamlingsportal Minner.no opna innsamling av skriftlege minneberetningar.

Gå til innsamlinga her

Ny "digital happening" utsett:

  • Det fyrste eksperimentet med å samle munnlege motkulturminner - personlege forteljingar frå opprørsåra midt på 1960-talet og utover -70 og -80tal - blei gjennomført den 18. mai . Etter oppmøtet å dømme, har dei primærkjeldene vi tenkjer på blitt meir varsame med åra :-) I alle fall var det berre to som møtte: Audun Engh og Bjørn Enes. Men dei gjennomførte - og sette ein mal for korleis det kan gjerast.

  • Planlagt dato (24/8-21) har heller ikkje fått påmeldingar, så eksperimentet er inntil vidare lagt på is. Men den skriftlege innsamlinga går vidare, Gå til innsamlinga her

Memoar sitt motkulturprosjekt starta handlar om å samle munnleg historie om subkulturane som oppsto etter sterke impulsar fyrst og fremst frå USA på 1960-talet. Utgangspunktet var fascinasjonen for nye framtdsscenarier, slik den nye science fiction-litteraturen opna for.

Initiativet til å starte dokumentasjonsarbeidet var teke hausten 2015 av to veteranar frå det fanniske miljøet på Vestlandet - Jostein Saakvitne og Arild Værness.

Les meir på bloggen Motkultur70.blogspot.com

Fylgj prosjektutviklinga på prosjektweb'en

KaJ Skagen (til v.) og Jostein Saakvitne.