Motkultur‎ > ‎

Kaj Skagen

lagt inn 1. nov. 2015, 02:52 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:38 ]
Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70- og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".

Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det. 

Direkte adresse til denne sida er http://Kaj.Skagen.memoar.no/ 




Kaj Skagen



Kaj Skagen si heimeside heiter http://www.kajskagen.no/

Mellomtitlar: 


  • Omgrepet motkultur
  • 1960-talet - samfunnsutviklinga var "ferdig"
  • Oppvekst i indremisjonsmiljø
  • 1968-arane
  • Anarkistfløyen
  • Forsøksgymnaset
  • "Ein av oss"
  • Kampen om NGS (Norsk Gymnasiast-Samband)
  • Hjelmsgate 3 - anarkistkollektivet
  • Avisproduksjon
  • "Gateavisa"
  • "Poesie revolte"
  • "Vibra"
  • "Vannbæreren"





  • "Tun"
  • "Arken"
  • Katastrofetema
  • Antroposofi
  • Usemje
  • "Deg eller meg" - Jarving eller Skagen.
  • Konfliktfylt?
  • Hovudretningar
  • Steinermiljøet
  • Musikk og kunst?
  • 1980-talet
  • Husokkupantane i Berlin
  • Internasjonalt kontaktnett?





  • "Igrunnen veldig norsk"
  • Aktive lesarar?
  • "Arken" oplag 4000
  • Utvikling i dag?
  • Anarkismen forvitra
  • Atterhalden
  • Preg på forfattarskapet?
  • Djupare
  • Kom ingen nye?
  • Vegen vidare
  • 70-åra: Ingenting nytt
  • Nå er alle motkulturelle
  • Ytringsfridom?
Comments