Sjøfart‎ > ‎

Forteljarpanel

Eit forteljarpanel er eit publikumsarrangement der fleire forteljarar utvekslar historier om livserfaringar rundt eit gitt tema.  Ein intervjuar fungerer som ordstyrar eller samtaleleiar. 
Paneldeltakarane og intervjuaren kjenner kvarandre etter å ha vore saman i intervjustiuasjon - som oftast  i fleire timar. Det er ein hovudgrunn til at slikie forteljarpanel brukar å bli svært interessante. 
Sidan mars 2017 har Memoar, Bergens Skipperforening og Sjøfartsmuseet i Bergen hatt som ambisjon å gjennomføra to forteljarpanel kvart år. Nedanfor finn du meir om kvart arrangement: 








Mai 2018: Kvinner til sjøs
Mai 2018: Kvinner til sjøs








Okt. 2017: Etter gullalderen
Okt. 2017: Etter gullalderen

Mai 2019: Cruisefart
Mai 2019: Cruisefart


Mars 2017: Gullalderen
Mars 2017: Gullalderen

Mai 2019: Cruisefart

lagt inn 24. okt. 2019, 06:14 av Bjørn Enes


Søndag 12. mai 2019  møttest fem veteranar frå norsk og internasjonal cruisefart til samtale om denne delen av nyare sjøfartshistorie.  Dei var alle tidlegare intervjua i serien som 
Bergens Sjøfartsmuseum, Bergens Skipperforening og Memoar arbeider med for å samle munnleg kjeldemateriale om nyare sjøfartshistorie. Samtaleleiar var Bjørn Enes frå Memoar.

DY "Meteor" var fyrste cruiseskip i Bergenske Dampskibsselskap - frå 1921.


Dei fem var:
Arnhild Vada Eggum, purser, fartstid bl.a. frå Hurtigruten  
Sigurd Skagen, sjøkaptein, fartstid bl.a. frå Den norske amerikalinje 
Per Gustav Steimler, sjøkaptein, fartstid frå bl.a. "Lindblad Explorer"
- Halle Thon Gundersen, sjøkaptein, fartstid bl.a. frå SS "Norway" 
- Helge Brudvik, sjøkaptein, fartstid frå Royal Vikiing Line og Crystal Cruises .
(Der videoen er sperra med passord avventar vi publiseringsgodkjenning frå forteljaren) 






Mai 2018: Kvinner til sjøs

lagt inn 24. okt. 2019, 05:49 av Bjørn Enes


I forkant av arrangementet skreiv Bergen Sjøfartsmuseum på si Facebookside

Hør den spennende historien om da kvinnene inntok skipsfarten for alvor. Norsk skipsfart som arbeidssted har tradisjonelt vært dominert av menn. Men spesielt fra og med 1960-årene har flere kvinner tatt arbeid til sjøs. I samarbeid med MEMOAR og Bjørn Enes inviterer vi til fortellerpanel der kvinnelige sjøfolk selv forteller om hvordan det var å dra til sjøs. 

De tre er:

Ingebjørg Sæther tok telegrafistskolen i 1963 - før hun hadde satt sine bein ombord i et handelsskip. Hun seilte utenriks i "gullalderen" og gikk i land i 1973. 

Arnhild Vada Eggum begynte som salongpike i 1970, tok telegrafistskolen og seilte først i utenriksfart, så på oljerigger og plattformer. Da ingen hadde bruk for telegrafister lenger, gikk hun over i arbeid som purser på Hurtigruten

Kjersti Selvik Wengshoel startet som vaskedame på ferjen mellom Forsand, Lauvvik og Oanes i 1990. Hun "glei over" i dekksarbeid etter hvert, og etter ti år på ferje ble hun med i ei gruppe som tok styrmannsskolen i Stavanger. Wengshoel begynte å seile som styrmann fra 2002 - og avanserte til kaptein før ho sa farvel til ferjene og dro ut på storhavet. Hun har seilt som styrmann og overstyrmann i supplyflåten fram til krisen i 2015 - da ble hun arbeidsløs for første gang. Men bare i et halvt år - så sto hun på broa igjen denne gangen på Hurtigruten. 

Bjørn Enes fra MEMOAR vil være ordstyrer. 

Tre strålande forteljarar - med svært allsidige erfaringar


Det beste frammøtet til no i serien av munnleg sjøfartshistorie 


Og ikkje minst: God stemning i panelet !

Førehandsomtale i Bergens Tidende:







Okt. 2017: Etter gullalderen

lagt inn 24. okt. 2019, 05:32 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2019, 05:41 ]

I siste halvdel av 1960-åra tok sysselsetjinga i sjøfarten til å minka. Rasjonalisering var blitt eit ny-ord. Tid og pengar var blitt det grunnleggjande reknestykket. Snart kom oppfinningane på rekke og rad som gjorde arbeid og drift meir effektivt: Europpallar, containerar, ro-ro-skip, automatisering i maskinrommet, baugthrustar og nye navigasjons- og sikkerheitssystem – for ikkje å snakka om jarnkua og alt som fylgde i stuerten sitt ansvarsområde.

Omlag på same tid tok det norske lønsnivået att canadarane og amerikanarane. Utflagging vart ein måte å spara store pengar på for reiarane. Og så tok «gullalderen» slutt.

Men sjøfartshistoria tok ikkje slutt. Tvert om: Med gode grunnar spør mange seg om korleis Noreg ville ha sett ut i dag, om ikkje sjøfolka sine kompetansar og tradisjonar hadde blitt «frigjort» og tilgjengelege for andre verksemder enn handelsflåten.

Sundag 29. oktober 2017  fortalde fire veteranar om sine sjøfartsliv etter gullalderen. Det hadde dei alt gjort tidlegare. Dei fire var: 

Per Gustav Steimler  – styrmann i handelsflåten, gjekk over supplyfart i Nordsjaøen (kaptein frå i 1977). Seinare Maritim inspektør i Hydro – og etter det oljevernkonsulent.   Sjå intervju her

Ragnar Nielsen - navigasjonsoffiser i Sjøforsvaret. Seinare gjekk han over i kommersiell og operativ drift og leiing av ulike norske reiarlag. Siste del av arbeidslivet bygde han opp og var leiar for ei norskeigd reiarorganisasjon i Singapore, parallellt med at han var leiar av  shipping aktiviteten i eit tidlegare norskeigd reiarlag i Thailand

Egil Røstvær –  styrmann, gjekk over i skipskonstruksjon, deretter tekniske sikkerhetssystemer  og kvalitets- og HMS ledelse i petroleumssektoren.

* Tom Grasbakken  – kaptein, gjekk over i berging. Seinare tok han del i  ulike forsøk på hurtigbåtdrift, mellom anna  internasjonale oppdrag med utanblandske mannskap. Han var krigseglar under Iran-Irakkrigen.    Sjå intervju her



Forteljarpanelet fekk brei førehandsomtale i Bergens Tidende:






Mars 2017: Gullalderen

lagt inn 24. okt. 2019, 05:27 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2019, 05:28 ]

Søndag den 26. mars 2017 lanserte Memoar formidlingsforma "forteljrpanel". Den gjekk fyrstegong ut på at seks personar som tidligare var blitt djupintervjua, sat i eit «forteljarpanel» for å dela historier med kvarandre og med publikum.

Dei seks forteljarane var::

Samtaleleder blir Bjørn Enes fra Memoar. Det er også han som har gjennomført intervjuene.




1-4 of 4